|
|
e. 06.10.04 |
Vedtekter for disposisjon av kompensasjonsmidlar til næringslivet i Meland, Lindås, Radøy og Austrheim kommunar med bakgrunn i auka arbeidsgjevaravgift frå og med år 2000. Vedtatt i fondstyret i møte 6. oktober 00. Føremål Fondstyret Fondstyret er:
Ved forfall frå medlemer i fondstyret vert vararepresentant kalla inn. Fondstyret konstituerer seg sjølv med val av leiar og nestleiar på første styremøtet etter at vedtektene er godkjent i kommunestyra. Det vert ikkje gjeve møtegodtgjerdsle for møter i fondstyret, men dokumentert tapt arbeidsforteneste vert honorert på vanleg måte. Kommunane og næringsorganisasjonane har ansvar for å oppnemna nye representantar og vararepresentantar i fondstyret til erstatning for eventuelle avtroppande representant(ar). Minst 5 medlemmer må vere til stades, av desse leiar eller nestleiar, for at styret skal vere vedtaksført. Saker vert avgjorde med vanleg fleirtal. Ved likt stemmetal, har leiaren 2 stemmer. Sekretariatfunksjonar og administrativt ansvar vert lagt til Regionrådet som må sjå til at det vert etablert naudsynte rutiner for sakshandsaming, rekneskap, rapportering og revisjon. Styret sine vedtak er offentlege.
Bruk av kompensasjonsmidlane Bruk av midlar for 2001 og seinare skal vere i samsvar med eventuelle nye vilkår frå Storting og departement.
Plassering av fondsmidlar
Oppløysing. |