Om UNESCO biosfæreområder generelt

Spørsmål og svar

1.   Kva er «Menneske og biosfære» (MAB)-programmet til UNESCO?
UNESCO sitt program Man and the Biosphere (MAB) vart etablert i 1971 for å fremme eit tverrfagleg fokus på forvaltning, forsking og undervising om bærekraftig bruk av økosystem og naturlege ressursar. Bakgrunnen var spørsmålet om kva ein kan gjere både lokalt og internasjonalt for å møte truslane mot livsmiljøet vårt. Det vart etablert eit internasjonalt råd, International Co-ordinating Council (ICC), som skulle ta hand om tiltaka som skulle setjast i gang. Først var planen å etablere eit utval  verneområde som representerte dei viktigaste økosystema på jorda vår slik at gen-ressursane var tryggja og forsking og overvaking kunne skje. Desse skulle kallast: Biosfære reservat. Denne tanken gjekk ein seinare vekk i frå, sjølv om målet for programmet var det same. Dette er no gjort tydeleg i dei tre fokusområda for MAB-programmet:

  • Minimere tapet av biologisk mangfald
  • Gjere folk merksame på korleis kulturelt mangfald og biologisk mangfald påverkar kvarandre
  • Fremme miljømessig berekraft gjennom World Network of Biosphere Reserves (Eit verdsomspennande nettverk av biosfæreområder)

I dag består ICC av 34 medlems-statar. Dei møtast til generalkonferanse normalt ein gang kvart år. Der tek dei stilling til søknader om nye biosfære-områder og vurderer statusen til dei områda som er etablert. Det er MAB sine nasjonale komitear som fører tilsyn med MAB-programmer i sine land og rapporterer til UNESCO sentralt.

 

2.   Kva er eit biosfæreområde?
UNESCO sitt program Man and the Biosphere (MAB) vart etablert i 1971 for å fremje eit tverrfagleg fokus på forvaltning, forsking og undervising om bærekraftig bruk av økosystem og naturlege ressursar. For å møte dei utfordringane verda sto ovanfor vart det bestemt at ein ville utpeike spesielle områder, utnemnd etter visse kriterier, der ein skulle ha eit særeskilt ansvar for å finne og teste berekraftige løysingar for framtida – dette vart altså biosfæreområde. Eit biosfæreområde skal vere eit modellområde for bærekraftig utvikling. Ordet biosfære betyr alt levande på jorda og det miljøet vi lever i. I utvikling av eit biosfæreområde er samspelet mellom menneske og miljø viktig. Eit biosfæreområde har som mål å oppnå ein betre balanse mellom å ta vare på natur og kultur, fremje økonomisk utvikling og sikre ei god samfunnsutvikling ved samarbeid mellom lokalbefolkninga, det offentlege, næringslivet og forsking/utdanning.

Lokal samhandling dannar grunnlaget for aktivitetane. Eit biosfæreområde vert forma etter lokale føresetnader, nettopp derfor er alle biosfæreområde forskjellige. Ulike ressursgrunnlag = ulike utfordringar. Å bli eit biosfæreområde inneber at ein får eit sett med virkemidlar som vil vere sporar til internt samarbeid, meir berekraftig utvikling og positiv næringsutvikling.  

 

3.   Kva er målet med eit biosfæreområde?
UNESCO har satt opp tre overordna mål for eit biosfæreområde. Det skal:

  • Utvikle samfunnet på ein langsiktig haldbar måte
  • Bevare biologisk og kulturelt mangfald, økosystem og landskap
  • Støtte demonstrasjonsprosjekt, forsking og miljøovervaking

På det lokale plan skal ein arbeide for å på beste måte fylla desse formåla praktisk i området og i samspel med involverte partar.FN's berekraftsmål står heilt sentralt i dette. Eit biosfæreområde er berekraftig utvikling i praksis. Det inneber å prøve ut nye måtar å nytta ressursane på. Ta det beste frå fortida, i kombinasjon med forsking og teknologi, som grunnlag for at regionen utviklar seg på ein moderne og bærekraftig måte. Til glede for folk i dag og for generasjonar i framtida.

 

4.   Kva skil eit biosfæreområde frå eit verdsarvområde?
Begge er sentrale UNESCO-program. Ei utnemning som verdsarvområde skal syte for at eineståande kultur- og/eller naturverdiar vert teke vare på for framtida. Ei utnemning som biosfæreområde inneber at området skal utviklast vidare på ein bærekraftig måte. Eit verdsarvområde skal ha heilt unike natur- og/eller kulturkvalitetar i verdssamanheng. Eit biosfæreområde skal ha gode natur- og kulturkvalitetar, og skal vere representativt for eit større område. Både verdsarv- og biosfæreområde er ein internasjonal status. I motsetnad til Verdsarvstader, er det ein føresetnad for å oppnå status som eit UNESCO biosfæreområde at initiativet kjem frå befolkninga sjølve og at ein arbeidar etter 'bottom-up'-prinsippet.

 

5.   Er det mange biosfæreområder i verda?
Det finst i dag 701 biosfæreområder i til saman 124 land. 255 område ligg i Europa og 12 i Norden (7 av desse ligg i Sverige). Dette er nokre færre enn det er verdsarvstadar (1121, pr 07.2019), men biosfæreprogrammet er i sterk utvikling. Fleire verdsarvstader er del av eit biosfæreområde. 

 

6.   Inneber eit biosfæreområde innskrenkingar i eigedomsrett eller bruksrett?
At eit område får biosfærestaus inneber ingen nye restriksjonar og ikkje oppretting av nye lovar / reglar som skal gjelde. Eit biosfæreområde skal innehalde verna område og dei eksisterande restriksjonar desse har, vil fortsette å gjelde. Typisk vil det i eit biosfæreområde vere eit eller fleire verna områder som vert kalla kjerneområder. Ei utnemning til biosfæreområde inneber altså ikkje ytterlegare lovpålegg. Det medfører heller ikkje nokre innskrenkingar i allemannsretten. Tvert om er det eit mål å arbeide for å auka tilgjengelegheita til naturen.

 

7.   Kva er kjerneområde, buffersone og utviklingsområde?
Eit av krava UNESCO stiller til biosfæreområder er at dei skal ha høge natur- og kulturverdiar, eit mangfald av natyrtypar og inkludere også verna område. Eit biosfæreområde vert difor delt inn i 3 områdetypar:

  • Utviklingsområde: Dette utgjer mesteparten av arealet i området. Det er her folk bur, og driv næringsverksemd. Her er det viktig å fremme ei bærekraftig ressursforvalting. Utviklingsområda er den sentrale arenaen for aktivitetane i biosfæreområdet.
  • Kjerneområde: Eit kjerneområde kan til dømes vere ein nasjonalpark, eit landskapsvernområde, eit naturreservat, eit biotopvernområde eller eit marint verneområde. UNESCO krev at desse er verna gjennom nasjonale vedtak. Biosfæreområda deltek ikkje i statlege verneprosesser.
  • Buffersone: Dette er ein områdetype som ligg mellom utviklingsområder og kjerneområder. Dei er til for å beskytte kjernesoner, og UNESCO ber om at ein tek omsyn til dette. Aktivitetane i buffersonene er oftast basert på frivillige forvaltningsplanar. Også i buffersonane bur det som regel folk.

 

8.   Kan det bu folk i et biosfæreområde?
Ja, i følgje Unesco sine kriterier for biosfæreområder ikkje berre kan det bu folk, men det bu folk i eit biosfæreområde. Kriteriet ”langsiktig, haldbar samfunnsutvikling” byggjer på lokalt engasjement og lokal forankring, derfor er menneska sentrale i eit biosfæreområde.

 

9.   Korleis blir eit biosfæreområde utnemnd?
Å bli eit biosfæreområde er ein omfattande prosess, som ofte tek mange år. Det er utarbeidd klare kriteria som må oppfyllast for at eit område skal få ein slik status.
Eit biosfæreområde vert utnemnd av Unesco, som er FN sitt organ for utdanning, vitskap og kultur. Det skjer ein regelmessig evaluering av biosfæreområda, og dersom kriteria ikkje vert innfridd, kan området miste statusen sin. Det er den enkelte nasjon som kjem med forslag om at dei ønskjer ei slik utnemning – og det skal være eit lokalt initiativ.
Når eit område vert biosfærekandidat, startar arbeidet med hovudsøknaden, som ofte tek 2-3 år.

 

10.   Kva tidsperspektiv har ein på eit biosfæreområde?
Arbeidet i eit biosfæreområde er langsiktig. Det er ein løpande prosess der utvikling og aktivitetar som oftast vert samordna av eit biosfærekontor. Formåla til det aktuelle biosfæreområdet treng tid før det vert ein naturleg del av den lokale samfunnsutviklinga. Erfaringa frå biosfæreområda visar at ein etter kvart får utvikla gode samarbeidsformer mellom alle samfunnsaktørane; kommunane, næringslivet, kinnskaps- og forskingsinstitusjonane, lag / organisasjonar og innbyggjarane elles. Biosfæreområda vert evaluert av UNESCO kvart tiande år.

 

11.   Kva for område eignar seg som biosfæreprosjekt?
Eit biosfæreområde bør vere eit område med høge natur- og kulturverdiar, samstundes som det er representativt for eit større område. Området bør vere egna for å vise korleis ein har nytta  naturressursane før og no. Det gjeld å ta vare på ressursane for framtida, i eit langsiktig perspektiv, som potensielle inntektskjelder for lokalbefolkning og samfunn. Lokal forankring er vesentleg for å etablere eit biosfæreområde. Det er behov for eit sterkt lokalt engasjement for å holda i gang eit arbeid innanfor biosfæretankegangen, eksempelvis gjennom aktivt foreiningsliv.

 

12.   Vert det fleire biosfæreområder i Norge?
Sjølv om Nordhordland er Norge sitt første UNESCO biosfæreområde, er det også andre regionar som arbeidar mot same mål. Området som ligg lengst fram i dette arbeidet er Lofoten, som har hatt forprosjekt om dette og arbeider no med å få på plass eit hovudprosjekt. Les artikkel om initiativet her. Nordhordland har vore samarbeidspartnar med Lofoten for arbeidet deira, og vi har bidradd med vår erfaring og kunnskap på ulike plan.