Rita Sæle Langeland_Messi på sauesanking

Vi arrangerte ein fotokonkurranse i 2016, der målet var å finne bilder som kunne hjelpe oss å formidle noko av regionen Nordhordland sin identitet. Vi ville ha med folk i bileta, og gjerne kvardagslege bilde, som viser litt av kva me driv med i Nordhordland, både på jobb og i fritida!  Det var kåra månadsvinnarar, som fekk lokale matopplevingar i gåve. Månadsvinnarane gjekk vidare til finalen. Vinnaren vart Rita Langeland med bildet "Messi på sauesanking". Dette flotte bildet fangar inn mykje av Nordhordland sin identitet!

Vi takkar for mange flotte bilder til konkurransen!

Har DU eit godt bilete du vil dele med oss? Me er fortsatt interesserte i gode bilete frå Nordhordland. Send på e-post til kjersti@nordhordland.net.