Nordhordland

Nordhordland Eivind Senneset

Eit friskt kultur- og fritidsliv!

I Region Nordhordland kan du fylle fritida di med positivt innhald og meining! Rundt om i bygdene finst det eit rikt kulturliv tufta på både ekte strilekultur, tradisjonar og nye trendar. Organisasjonslivet er mangfaldig som tilbod innan idrett, musikk, teater og handtverk for å nemne noko. Små og store arrangement finn du mest dagleg rundt om i regionen. Og naturen har du rett utanfor stoveglaset. Gå ut til havet, fjorden, og fjellet,  tur lang stiar og gamle bygdevegar gjev sjelebot...

Ta Nordhordland i bruk og lag ein god dag!

Biosfæreprosjektet vil vere med å bidra til ein arena for felles kommunikasjon og marknadsføring av kultur- og filuftsopplevingar. Vi ønskjer på sikt å starte arbeidet med dette, vere med å styrke, vidareutvikle og heie fram alle gode tilbod i regionen vår. Dette kan vere til dømes å vere 'fødselshjelpar' for prosjekt-idear,  nye turstiar eller naudsynt vedlikehald. I nokre tilfelle kan vi også bidra med hjelp til koordingering og finansiering.

Har du gode tiltak som samanfaller med Biosfæresatsinga sitt grunnprinsipp: berekraftig utvikling? Då ønskjer vi oss at du tek kontakt med oss, for dialog om saka!

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut