18.03.2024

27 av 43 kommunar har øvd på totalforsvaret

Onsdag 13. mars øvde 10 kommunar saman med Statsforvaltaren på ulike problemstillingar og hendingar knytt til totalforsvaret. Statsforvaltaren og kommunane fekk god støtte gjennom at både Vest og Sør-Vest politidistrikt, HV-09, HV-11, Samfunnssikkerhetens Hus, Hordaland sivilforsvarsdistrikt og Sogn og Fjordane sivilforsvarsdistrikt deltok.


18.03.2024

Opningstider i påskeveka

Her finn du opningstidene ved dei ulike kontorstadene våre i påskeveka. 


15.03.2024

Høyanger har fått godkjent budsjett og økonomiplan

Sidan Høyanger er Robek-kommune, må kommunestyret sitt vedtak om budsjett og økonomiplan godkjennast av Statsforvaltaren. Vi har no godkjent budsjett 2024 med ei låneramme på 30,6 mill. kroner.


15.03.2024

Lokale forskrifter etter ny opplæringslov

Den nye opplæringslova krev at kommunen og fylkeskommunen skal vedta fleire lokale forskrifter enn etter dagens lov, og at dei skal kunngjere alle lokale forskrifter. Nye lokale forskrifter etter ny opplæringslov må vere høyrde, vedtekne og kunngjorde innan 1. august 2024.


14.03.2024

Barnets beste – frå teori til praksis

Kva betyr det at barnets beste skal vere eit grunnleggjande omsyn i alle saker som gjeld barn? Her finn du opptak av livesendinga vår fredag 15. mars.


11.03.2024

Øving Tussatrollet 2024

Tysdag 5. mars øvde Eidfjord kommune, Vest politidistrikt, NVE og Statsforvaltaren beredskapsplanverket for fjellskred frå Tussafoten i Øvre Eidfjord.


05.03.2024

Vi har avslått Rudolf Steinerskolen sin søknad om godkjenning av skuleanlegg

Rudolf Steinerskolen i Bergen har over lengre tid ikkje hatt eit godkjent skuleanlegg. Skulen søkte om godkjenning av skuleanlegget 6. oktober 2023. Statsforvaltaren har no avslått søknaden.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel

Følg oss på sosiale medium