Grunnkurs i etablering

Målgruppe: Personar som har planar om å (eller nyleg har) starta næringsverksemd i regionen. Kurset er eit grunnkurs (12 timar) med 4 samlingar. Målet er at kvar deltakar skal ha eit grunnlag for å kunne utforme sin eigen forretningsplan ved avslutning av kurset. Ein må vere innstilt på noko heimearbeid mellom samlingane.

Innhald på kursa:

  • Første kurssamling - tema: Kartlegging av forretningsidè

Vi går gjennom litt om personleg planlegging, oppbygging av ein forretningsplan, samt kartlegging av forretningsidè og marknad.

  • Andre kurssamling - tema: Sal og marknadsføring

Verdiløft og kunderelasjonar. Kven er kunden din og korleis når du kunden på best måte?

  • Tredje kurssamling - tema: Økonomi

På denne samlinga får vi besøk av ein rekneskapsførar som går gjennom dei viktigaste emna knytt til rekneskap og økonomi i eigen verksemd. Prissetting og val av selskapsform vert også tema her.

  • Fjerde kurrssamling - tema: Realisering

Vi tek opp Nettverksbygging og nøkkelressursar. Vegen vidare for forretningsidèen.

Kvar samling er frå kl. 17.00 - 20.00

Tidspunkt for kurs våren 2016 er ikkje satt, men vil bli annonsert.

Praktisk informasjon:

  • Kostnad: Kr. 900,- pr. deltakar totalt for heile kurset. Dette inkuderar også kursmateriell
  • Kursstad: Kurset vert på Region Nordhordland sitt kontor i Knarvik. Kvassnesvegen 23. 3. etasje i bygget der Rema 1000 og Fagmøblar held til.
  • Arrangør: Region Nordhordland saman med Hordaland Fylkeskommune og Nordhordland Næringshage.

INTRESSERT? Meld gjerne di interesse allereie no! Påmeldingsfristen for våren 2016 vert annonsert seinare. Send litt informasjon om deg og din forretningsidè til Region Nordhordland v/ Kari Evensen Natland på e-post: kari@nordhordland.net eller postadresse Nordhordland Utviklingsselskap IKS, Postboks 13, 5902 Isdalstø.

Viss du vil ha meir informasjon kan du ringe Kari på tlf.: 48 07 09 72.

VEL MØTT TIL ETABLERARKURS!

 

Tips ein ven Skriv ut