Kart 3 K kommunene

Historisk vedtak - Ja til å byggja ein ny kommune

Onsdag 22. juni vedtok kommunestyra i Lindås, Meland og Radøy at dei vil byggja ein ny kommune frå 2020.

Onsdag 22. juni kl 12.00 starta det som vart tre historiske kommunestyremøte i kommunane Lindås, Meland og Radøy. Fleirtalet i alle dei tre kommunane sa ja til å byggje ein ny kommune, og stiller seg bak søknaden til Kommunal- og moderniseringsdepartementet om kommunesamanslåing.

Slik stemte dei i kommunestyra - Ja eller Nei til å slå saman kommunane Lindås, Meland og Radøy: 

  • Lindås samrøystes vedtak om Ja
  • Meland - 19 som stemte Ja og 8 som stemte Nei 
  • Radøy - 20 som stemte Ja og 5 som stemte Nei 

Historisk vedtak

Dette er eit historisk vedtak, seier ordførarane i Lindås, Meland og Radøy.

Vi starta denne prosessen heilt frivillig, før regjeringa sette i gong arbeidet med kommunereforma. Arbeidet vi har gjort sidan 2010 har ført fram til vedtaket dei tre kommunestyra har samla seg kring i dag. Dette er eit framtidsretta vedtak! Visjonen vår er å byggje ein ny kommune, som skal vere ein heilskapleg samfunnsutviklar og byggje fellesskap i ein region med sterk vekst og utvikling. Går alt etter planen, vil Lindås, Meland og Radøy vera ein kommune 1. januar 2020.

Sender søknad

Formelt vart det vedteke i alle dei tre kommunane at dei søkjer om å få etablera ein ny felles kommune med iversetjingsdato første januar 2020. Underskriven intensjonsavtale skal leggjast til grunn for den nye kommune.

Prosessen fram til intensjonsavtale

Forhandlingane om kommunesamanslåing har vore spesielt aktiv no det siste året, men det har vore på sakskartet sidan 2010. Dei tre kommunane signerte ein intensjonsavtale i januar 2016 som har vore ute på høyring. Det resulterte i nokre endringar og ein revidert intensjonsavtale vart underteikna av forhandlingsutvala i dei tre kommunane 8. juni 2016.

Prosess fram til ny kommune

Etter at Fylkesmannen i haust «teiknar sitt kommunekart» for Hordaland, skal regjeringa fremja ein stortingsproposisjon som vert lagt fram for avgjerd i Stortinget første halvår 2017.
Kommunane vil så få utbetalt eingongskostnader med kommunereforma.

Vidare skal Fylkesmannen eller Kommunale- og moderniseringsdepartementet kalla inn til felles kommunestyremøte. På dette møte skal ein mellom anna ta stilling til namn på den nye kommunen, tal på medlemer i kommunestyret og val av fellesnemnd. Før den nye kommunen er etablert, skal det veljast kommunestyre hausten 2019.

 

Tips ein ven Skriv ut