Høyringsuttale til Hordaland fylkeskommune sin skulebruksplan 2016 - 2030

Regionrådet krev at Region Nordhordland skal ha dagens tre vidaregåande skular.

Regionrådet i Nordhordland er usamd i framlegget til skulebruksplanen sine tilrådingar for Nordhordland. Skulebruksplanen bommar på det mest sentrale ved at elevtalsprognosen viser vekst til 1300 elevar i Nordhordland (utanom elevtal frå Gulen og Solund), medan studietilbodet legg opp til 963 elevplassar i Nordhordland. Me kan ikkje godta at Austrheim VGS vert lagt ned, og at studietilbod vert flytta frå Knarvik VGS til Åsane. For at fylkeskommunen skal leva opp til slagordet om å utvikla heile Hordaland, så må det tvert om flyttast studietilbod ut av Bergen og til Nordhordland.

Me meiner også at Fylkestinget må sjå satsing på vidaregåande skular som eit tiltak for å sikra betre kollektivtilbod i heile Hordaland. Dette vert best ivareteke ved at Austrheim VGS vert satsa på vidare.

 

Tips ein ven Skriv ut