|
|
e. 06.10.04 |
STRATEGISK NÆRINGSPLAN FOR NORDHORDLAND OG GULENMål og strategiar 2001 - 2004 INNLEIING Dette er den andre hovedrevisjonen av den Strategiske næringsplanen (SNP) for Nordhordland og Gulen. Den første planen vart utarbeidd i 1992 og revidert ved årsskiftet 1996/97. Regionrådet for Nordhordland og Gulen ser behov for eit styringsverktøy for det regionale næringsarbeidet. I tillegg er det ønskjeleg å få gjennomført ein slik planprosess i samband med Det regionale Fondstyret si forvalting av kompensasjonsmidlane som er knyta til auke i arbeidsgjevaravgifta. Dette er ei ordning som vert administrert felles for dei fire kommunane Austrheim, Lindås, Meland og Radøy. SNP for Nordhordland og Gulen er eit styringsverktøy der ein legg inn føringar for tiltaksarbeidet i perioden. Strategidelen av SNP tar for seg mål og strategiske vegval for perioden, medan handlingsplanen til SNP skisserer dei konkrete tiltaka. Handlingsplanen skal rullerast og reviderast årleg. Føremålet med strategiplanen har såleis fleire sider:
Det regionale tiltaksarbeidet er organisert gjennom Regionrådet for Nordhordland og Gulen. Arbeidet omfattar kommunane Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland og Radøy i Hordaland og Gulen i Sogn og Fjordane. Desse kommunane utgjer tilsaman det som i dette dokumentet vert kalla "regionen".
PROSESSEN Regionrådet starta i 2000 arbeidet med denne strategiske næringsplanen, som skal gjelda for perioden 2001-2005. På Regionrådsmøtet 03/11 år 2000, gjorde rådet følgjande vedtak i sak 34/00: "Regionrådet ber om at ein snarast startar opp arbeidet med ein revisjon av den strategiske næringsplanen for Nordhordland og Gulen. Næringsutvalet, supplert med representantar frå Masfjorden/Gulen, vert styringsgruppe for arbeidet."
I arbeidet med SNP har det kome mange innspel og ynskjer. Etter at eit "grunnlagsarbeid" var gjennomført av styringsgruppa vart det engasjert tre større temagrupper som gjennom eit prosessarbeid har peike på aktuelle strategiar og på mogelege tiltak i handlingsplanen. Temagruppene har vore sett saman av representantar frå næringslivet, fagrørsla, dei vidaregåande skulane, den statlege og kommunale forvaltninga samt det politiske nivået i kommunane. Styringsgruppa sine medlemer har og deltatt i temagruppene. Gjennom prosessarbeidet i temagruppene og i styringsgruppa har vi skaffa oss ei felles oppfatning av den næringsmessige situasjonen i regionen og drøfta overordna mål for næringsarbeidet. Etter å ha utvikla ei felles erkjenning av kor vi er og kor vi skal har ein drøfta strategiane som mest effektivt kan føre oss frå ståstaden til målet.
SITUASJONEN I DAG Petroleumsindustrien Petroleumsindustrien er framleis ein av dei viktigaste næringane i regionen. Mongstadbase AS sin forsyningsbase og Statoil sine anlegg for raffinering, prosessering av NGL, FoU-miljø og råoljeterminal har store direkte positive konsekvensar for sysselsettinga. Dei store selskapa gir oss tilgang på viktige nettverk, og raffineriet og basen representerer viktige marknader for underleveransar frå lokale verksemder. Utbygginga på Mongstad har gitt regionen ein godt utvikla infrastruktur med Noregs største hamn og store tilrettelagde næringsareal. Plasseringa Regionen ligg særs gunstig til i høve til Bergen, og dermed til nasjonale og internasjonale marknader. Nærleiken til Bergen opnar opp for store nærmarknader for regionen og gjer det mogeleg å få god nytte av universitet - og høgskolemiljøet i byen. Vi har og ei god plassering i høve til aktivitetane som går føre seg i Nordsjøen. Vi har gode hamnetilhøve, ikkje minst på begge sider av Fensfjordbassenget - på Mongstadområdet og i Sløvåg. Reisetida til Bergen sentrum og Flesland lufthamn er kort og aukar tilgangen for varer og service inn og ut av Nordhordland.
Regionen har eit potensiale for nyetablering og utvikling av næringslivet med basis i naturgitte ressursar, her under tilgang på råstoff som olje, gass og fisk. På fleire av desse områda er det grunnlag for å auka foredlingsgraden lokalt. Vi må leggje vekt på å sikre jordbruket sin plass i ein variert næringsstruktur, og den aukande tilveksten i skogen må foredlast så langt mogeleg innanfor eige område. Ved sida av kystlandskapet har regionen ein rik kulturarv som vi må verne om. Vi vil her streke under kulturlandskapet sin verdi både for fastbuande og i reiselivssamanheng. Mennesket sjølv utgjer likevel den viktigaste ressursen for regionen. Samarbeidskultur Vi har innsett at vi gjennom samarbeid, på tvers av organisasjons- og kommunegrenser, lettare får resultat av innsatsen enn om vi skulle trekt i kvar vår retning. Både kommunane, verksemdene og fagrørsla har organisert samarbeid med regionen som geografisk eining. Denne gjensidige kjennskapen og kontakten skaper voner om ei fortsett positiv utvikling for bedrifter og etablerarar. Internasjonale kontaktar Kommunane og kulturlivet i regionen har aktiv internasjonal kontakt. Dei større, og fleire av dei mellomstore, verksemdene i regionen sender største delen av sine produkt ut på den internasjonale marknaden. I dette ligg det eit potensiale og for andre bedrifter i regionen å satse på eksportmarknaden.
SENTRALE UTFORDRINGAR Den lokale næringsutviklinga kan ikkje sjåast isolert, men vil i stor grad henge saman med dei internasjonale hovedtrendane. Blant dei viktigaste av desse trendane, som og vil leggje føringar på nærings-utviklinga i Nordhordland, kan vi peike på følgjande: · Globalisering av økonomien · IKT-revolusjon · Fokus på miljøspørsmål. · Alt endrast raskare Globale marknader vert meir tilgjengelege, og bør kunne utnyttast i større grad. Dette kjem m.a. som eit resultat av ein enorm teknologisk utvikling, særskilt innan informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Dette vert igjen ei stor utfordring for næringslivet av di nye marknader samstundes gjev grunnlag for større konkurranse. I takt med den teknologiske utviklinga vert miljøspørsmål stadig meir viktige. Desse spørsmåla må i aukande grad setjast på dagsorden - både hjå politikarane og hjå næringslivet. Generelt kan ein elles seie at endringstakten i samfunnet skjer raskare, noko som gjer at uvissa om korleis framtida vil verte blir større. Desse makro-trendane vil og gjere seg gjeldande på lokalt nivå og føre til: · Krav om auka effektivitet · Utplassering av arbeidsoppgåver · Større bruk av internasjonale marknader · Auka kompetansekrav · Krav til endra kompetanse Auka effektivitet og fleksibilitet sett krav til nytenking og vil krevje at ein til dels må bryte med gamle og trygge metodar. Utvikling og endring innafor hovedtrendane kan gje følgjande effektar i regionen: - Lokal utvikling vert i større grad bunden av internasjonale forhold. - Auka regional spesialisering innafor einskilde næringar. - Auka grad av konseptrelatert profilering/marknadsføring. - Geografisk "frikobling" ved hjelp av IKT. - Framvekst av spesielle buområde t.d. knyta til kultur, til bruk av sjøområde, IKT, m.v. Nasjonale og internasjonale tilhøve vil i aukande grad verke inn på lokalt næringsliv. Dette gjer sitt til at det vert viktig for regionen å marknadsføre seg nasjonalt og internasjonalt, til dømes via Internett som ein gjer i dag. Ei rad verksemder i Nordhordland er t.d. meir bunden av den økonomiske situasjonen i Europa og elles i verda enn kva dei er av dei økonomiske tilhøva lokalt. Auka krav til effektivisering kan og gjere det relevant å arbeide for auka spesialisering innan regionen rundt kjerneaktivitetar. Dette vil kunne gjere sitt til at ein får opparbeidd sterke fagmiljø og naudsynt spisskompetanse. I ein slik prosess vert det særs viktig å identifisere dei områda kor Nordhordland har konkurranse-fortrinn, og reelt sett har noko å tilby. Det vert ei viktig oppgåve å medverke til at bygdene vert oppretthaldne som attraktive stader for folk å bu og ha sitt virke. Vi ønskjer å sikre jordbruket sin plass i næringsstrukturen i regionen og samstundes veit vi at det på sikt er grunnlag for å auke avverkinga og vidareforedlinga av skogen. Tilhøva må og leggjast til rette for anna næringsutvikling om vi skal nå målsettinga om at samtlege kommunar i regionen får ein positiv folketilvekst Internt i regionen må ein medverke til ei god dekning, i høve til busetnaden, av service- og handelstilbod, her under ei vidare utvikling av dei regionale servicefunksjonane i Knarvik. Vi må og bidra til at vegnett og kommunikasjonane i regionen vert konkurransedyktige med andre område i landet. I ein slik samanheng vert det m.a. viktig å få bygd ut ringvegen i Nordhordland til fullgod to-felts standard.
Overordna mål for næringsarbeidet i regionen "Den strategiske næringsplanen skal vera eit hjelpemiddel i arbeidet med å utvikle regionen vidare som ein god stad å bu og arbeide. Samtlege kommunar skal ha ei positiv folketalsutvikling. Kommunane i regionen skal, i samarbeid med næringslivet og fylkeskommunale og statlege styremakter, medverke til at det vert utvikla konkurransedyktige bedrifter med god lønsemd. Såleis skal ein arbeida for å auka nyskapinga i regionen og utvikla betre rammevilkår og infrastruktur." Denne målformuleringa er omfattande og samansett og inneheld både generelle mål og meir konkrete mål som lett lar seg etterprøva. Deler vi opp målformuleringane, får vi fylgjande punkt:
Målet sett ikkje minst fokus på det ansvaret kommunane har for gjennomføringa av næringspolitikken i regionen. Skal målet vere oppnåeleg vil det krevje ei monaleg samhandling mellom kommunane. Det etablerte regionsamarbeidet må difor bli vidareutvikla. Målformuleringa understrekar og kor viktig det er at kommunane i regionen samarbeider konstruktivt med andre sentrale aktørar i næringsarbeidet. Målet fokuserer sterkt på lønsemd i eksisterande verksemder, og på at nyetableringar i regionen må bli tufta på kravet til lønsemd. Det er berre gjennom konkurransedugleik og soliditet at bedriftene er i stand til å utnytte dei fortrinna regionen har, drive nyskaping, sikre og auke sysselsetjinga.
LØPANDE TILTAKSARBEID Tiltaksarbeid har lange tradisjonar i regionen. Strategiplanen vert såleis til dels utforma av og innafor organ/institusjonar som driv eit løpande næringsutviklingsarbeid. Særskilt har generell hjelp til nyskaping/etablering og rettleiing for eksisterande verksemder vore eit vanleg verkemiddel. Dette vil fortsett bli ei prioritert oppgåve for tiltaksapparatet i regionen. Ei særskilt satsing på kvinner som vil skape sin eigen arbeidsplass, er og ei prioritert oppgåve.
Strategiar "Korleis kjem vi oss mest effektivt frå ståstaden til målet?" Vi har valt oss 4 strategiar, som ikkje er innbyrdes prioriterte, men like viktige for at målet skal verte realisert.
Føresetnader for å lykkast. Strategiane er av overordna karakter, og er valde etter at vi har formulert utgangspunktet og målet for næringsplanarbeidet. I handlingsprogrammet er det definert konkrete samarbeidstiltak som er knyta til strategiane. Vi ser at vi har fleire fortrinn i regionen i næringssamanheng, men skal vi lukkast med å nå målet må vi ha eit godt og realistisk sjølvbilde. Vi må synleggjere bedrifter og personar i regionen som har oppnådd resultat, og vi må satse på tiltak som kan marknadsføre og profilere regionen internt blant innbyggjarar og næringsliv, her under ønskjer vi å gjennomføre ei "grenseoverskridande ungdomssatsing". Strategi 1: Infrastruktur og miljø. Nærleiken til Bergen er på mange måtar førande for korleis vi legg opp tiltak innafor delar av infrastrukturstrategien. Dette gjeld både grunnlaget for bustadetableringar og næringsetableringar. Skal vi få tilstrekkeleg med folk til å etablere seg med eigen bustad, særleg i dei nordre delane av regionen, kan det vere at vi må kome med andre tilbod enn ein "800 m2 tomt inne i eit byggjefelt". Det er såleis aktuelt å sjå på ulike modeller for bustadbygging retta mot spesifikke etterspurnadsgrupper. Vi må, på regionalt hald, og bidra til at vegnett og kommunikasjonar i Nordhordland og Gulen vert konkurransedyktige med andre område i landet. I ein slik samanheng vert det m.a. viktig å få bygd ut ringvegen i Nordhordland til fullgod to-felts standard. Vi må og sjå på kommunikasjonane mellom regionen og omverda og få vurdert grunnlag for eit ferjesamband mellom Nordhordland og Øygarden. Det bør i denne samanheng drøftast om det skal etablerast eit eige veg- og kommunikasjonsutval i regionen. Tilrettelegging for ei vidare utbygging av olje- og gassektoren i regionen vil vere med å skape grunnlag for nye arbeidsplassar. Det er regional interesser for å at det vert lagt til rette for utnytting av "spillressursane" på Mongstad. Det må og arbeidast for at naturgass vert teke i bruk i Nordhordland og at det vert ført fram ein naturgassleidning til regionen. Som eit virkemiddel bør det og vurderast om ein skal etablere eit eige gassutval for Nordhordland og Gulen. Tilgang på gode IKT-løysingar lokalt vert etterkvart ein viktig lokaliseringsfaktor. Å få til ei utbygging av eit høghastighets datanettverk i alle kommunane i regionen med tilgang både for offentlege og næringsliv/private brukarar vert ei stor oppgåve. I takt med den teknologiske utviklinga vert og miljøspørsmål stadig meir viktige og vi må i aukande grad setje desse på dagsordenen. Havbruksnæringa er alt i dag, og vil ikkje minst i framtida verte, ein særs viktig næring for landet vårt. Det er avgjerande at tilhøva ligg til rette for ei god utvikling av denne næringa i regionen vår. I så måte bør vi t.d. få vurdert grunnlaget for felles regional planlegging av kystsona, for om mogeleg, å komme fram til ein sams forståing av korleis denne vert nytta i høve til interesser knyta til vern, næring og fritid/rekreasjon.
Strategi 2: Marknadsføring av regionen. Det er eit fortrinn for regionen vår at vi geografisk ligg så nært opp til den store nærmarknaden i Bergen og såleis og til store delar av Europa. Utviklinga av kommunikasjonane dei seinare åra har ytterlegare styrkja posisjonen vår i høve til desse marknadene. I tillegg til ein generell marknadsføring av regionen som etableringsstad, både for bustadsetablerarar og overfor næringslivet, vil vi konsentrere oss om marknadsføring av spesifikke geografiske område, t.d. Fensfjordområdet, som etableringstad for industri og tilknyta serviceverksemd. Strategien må såleis sjåast i samanheng med strategien om utvikling av infrastrukturen i regionen. I samband med utviklinga av lokal identitet og marknadsføring av Nordhordland og Gulen som "reiselivsprodukt" er det viktig at det skjer ei vidare utvikling og synleggjering av dei større nasjonale/internasjonale opplevingssentra i regionen. Eit skissert tiltak innafor infrastrukturstrategien er å få utbygd eit funksjonelt breiband i heile regionen. I tilknyting til ei slik løysing kan vi sjå for oss utviklinga av ein felles "Nordhordlandsportal" for kommunane, andre offentlege organ og det lokale næringslivet. Elles må vi arbeide med defineringa av kva vi skal marknadsføre og mot kva for nokre målgrupper vi skal vende oss. For regionen vil det både vere trong for ei ekstern marknadsføring og ei intern mobilisering. Eit mogeleg tiltak kan vere å etablere ein felles "marknadsføringskomite" for Nordhordland og Gulen. Vi må og rette spesifikke tiltak mot ungdommen med mål å få fleire til anten å verte verande i regionen eller venda tilbake etter avslutta utdanning.
Strategi 3: Stimulera til nyskaping og utvikling i næringslivet. Samfunnet er i stadig endring, alt tyder på at tempoet i desse endringane berre aukar. Det eksisterande næringsliv har tilsvarande kontinuerleg trong for omstilling og utvikling for å kunne overleve i den nasjonale og internasjonale marknaden. Samstundes er situasjonen slik at vi ikkje kan vente vesentleg auke i talet på arbeidsplassar i tradisjonell produksjon. Det er såleis naudsynt både å satse på utvikling av nye produkt og marknader og på nyetableringar. Regionen vår har eit relativt stort underskot på arbeidsplassar, med ein samla arbeidsplass-dekning på 82 %. Samtlege kommunar har underskott på arbeidsplassar i høve til talet på arbeidstakarar, men differansen varierer frå kommune til kommune. Noko pendling er det naturleg å ha, når vi har ein slik stor nabo sør for Salhusfjorden. Men pendling som vert opplevd av den einskilde som uønskt og som skjer over store avstandar, kan fort få negativ innverknad også på busetjingsmønsteret. Det er derfor viktig at noverande arbeidsplassar vert best mogeleg sikra og at det vert utvikla eit tilstrekkeleg antal nye. Det må såleis leggjast til rette for ei god utvikling av eksisterande verksemder og stimulerast til nyetableringar. Evne til entreprenørskap, er inga medfødt evne. Det må lærast. Så dersom vi ynskjer fleire arbeidsplassar gjennom skaping av ny næringsverksemd, må vi dra i gang tiltak som kan stimulera til å fremja entreprenørskap. Ein kan starte slik opplæring tidleg i skuleverket, og fylgja opp med å leggja til rette for gründarutvikling og nettverk. Regionen må satse vidare på å få til nettverksbygging og samarbeid mellom verksemder. Ikkje minst ligg tilhøva vel til rette for å få til samarbeidstiltak og utviklingsprosjekt innan reiselivsnæringa. Det bør og vurderast å etablere ein "næringshage" for mindre verksemder i Mongstad-området slik Regionrådet har peika på tidlegare.
Strategi 4: Kompetanseutvikling. Statistikkane viser at utdanningsnivået i regionen er litt lågare enn både fylkesgjennomsnittet og landsgjennomsnittet. Generelt er det derfor viktig å få heva utdanningsnivået, både gjennom å få tilbake ein større del av den "velutdanna" ungdommen og ved å satsa på å utvide utdanningstilboda i regionen. Vi veit at store delar av ungdomskulla satsar på å ta høgare utdanning. Vi har klåre indikasjonar på at ungdommane utdannar seg bort frå distriktet (dette problemet er størst for dei rurale delane av regionen). Det er grunn til å tru at det er stor divergens mellom ungdommane sine utdanningsval og etterspørselen etter arbeidskraft i regionen. Tiltak som byggjer på eit samarbeid skule/næringsliv vil kunne ha ein rettleiande oppgåve i høve til utdanningsval og ungdommen sine val i høve til bustad/arbeidsstad. Folks kompetanse er ein monaleg ressurs, så dersom bedriftene i større grad satsar på å byggje opp og ta i bruk ny kompetanse, vil dette igjen kunna føra til auka nyskaping i verksemdene. Vi bør såleis sjå på korleis vi i framtida ønskjer at utdanningstilbodet i regionen skal utformast. Særleg kan det vere viktig å medverke til at regionen får gode etter- og vidare-utdanningstilbod. Det vil og vere ei utfordring for regionen å få fram nok læreplassar lokalt og få utvikla gode lærlingeordningar. Elles må tilhøva leggjast til rette for at ungdommen i kommunane Gulen og Solund kan nytta tilbod om vidaregåande utdanning i Austrheim dersom dei ønskjer det.
********************************************
Framlegg til HANDLINGSPROGRAM 2001-2002
Innleiing Dette handlingsprogrammet er eit årleg fylgjedokument til strategisk næringsplan (SNP) for Nordhordland og Gulen. Dei ulike tiltaka er utarbeidd i tråd med strategiane i gjeldande SNP og målformuleringa i denne. Handlingsprogrammet omfattar dei til ei kvar tid pågåande eller planlagte tiltak under dei ulike strategiane. Regionrådet for Nordhordland og Gulen slutta seg til framlegget til Handlingsprogram på møte 7. september 2001. Innhald
Strategi 1: Infrastruktur og miljø 1.1 Breibandutbygging i Nordhordlandsregionen s. 3 1.2 Modellar for attraktive buområde s. 4 1.3 Miljøtiltak - miljøfyrtårn s. 5 1.4 Infrastruktur på Mongstad s. 61.5 Gassutval for Nordhordland og Gulen s. 7 1.6 Veg- og kommunikasjonsutval for Nordhordland og Gulen s. 8
Strategi 2: Marknadsføring av regionen 2.1 "Det Digitale Kommunetorget" s. 9
2.2 Ungdom – eit grenseoverskridande tiltak s. 10
Strategi 3: Stimulera til nyskaping og utvikling i næringslivet 3.1 Vidareutvikle etablerarprogrammet for Nordhordland og Gulen s. 113.2 Elevbedrift som undervisingsmetode s. 12 3.3 Nyskaping i eksisterande bedrifter (Kompetanse- og produktutvikling) s. 13 3.4 Forprosjekt: Leverandørutvikling s. 14
3.5 Havbruksutval i Nordhordland og Gulen s. 15
Strategi 4: Kompetanseutvikling 4.1 Vidareutvikling av det regionale utdanningstilbodet s. 16
4.2 Vidareføring av NELL (Nettverk for livslang læring) s. 17
Breibandutbygging i Nordhordlandsregionen Strategi 1: Infrastruktur og miljø Ansvarleg: Regionrådet for Nordhordland og Gulen Strategi 1: Infrastruktur og miljø Tiltak: 1.1 Utbygging - breiband i Nordhordland og GulenInnleiing/bakgrunn: Bakgrunnen for at prosjektet kom i gang var eit utbreidt ynskje om å styrkje regionen si konkurransekraft. Regionen har underskott på arbeidsplassar, så ein har kontinuerleg trong for næringsutvikling. I tillegg har fleire av kommunane hatt ei negativ folketalsutvikling som ein ynskjer å snu. Mål: Ein reknar med at prosjektet vil kunne gje positiv gevinst innan dei fleste måla i SNP: - Vidareutvikle regionen som ein god stad å bu og arbeide (1). - Positiv folketalsutvikling i samtlege kommunar i regionen (2). - Utvikle konkurransedyktige verksemder med god lønsemd (3). - Auka nyskapinga i regionen (4). - Betre rammevilkår og infrastruktur (5) Oppgåver: Gjennom dette prosjektet vil ein få realisert ei fullverdig utbygging av breiband i alle kommunane i regionen - både for offentlege tenester og for næringsliv/private. Kostnad: Total kostnad…………………. kr. 12. mill. Finansiering:
Attraktive buområde Strategi 1: Infrastruktur og miljø Ansvarleg: Regionrådet for Nordhordland og Gulen Tiltak: 1.2 Modellar for attraktive buområde.Innleiing/bakgrunn: Legge til rette for ein felles innsats for å snu folketalsutviklinga i dei rurale delane av regionen. Kommunane i regionen har sær-kvalitetar som bør kunne nyttast betre for å styrkja busetjingsgrunnlaget. Mål: Samarbeida om å utvikla modellar for attraktive buområde der ein vektlegg lokale kvalitetar og særtrekk. Ein reknar med at prosjektet vil kunna gje positiv gevinst innan følgjande mål i SNP: - Vidareutvikle regionen som ein god stad å bu (1). Oppgåver: I forprosjektet skal ein drøfta og utarbeida ein prosjektplan. I prosjektplanen bør ein konkretisere mål, rammer, oppgåver, organisering, framdriftsplan, kostnader, kontrollpunkt og finansiering. Kostnad (forprosjekt): Møter og sekretariat, om lag kr. 5.000,- Finansiering: Kompensasjonsfondet (samla søknad SNP) kr. 5.000,- Kommentar:
Miljøtiltak Strategi: Infrastruktur og miljø Ansvarleg: Lindås kommune Strategi 1: Infrastruktur og miljø Tiltak: 1.3. Miljøtiltak - miljøfyrtårn.Innleiing/bakgrunn: Lindås kommune har gjort vedtak om å søkje godkjenning som sertifiseringsinstitusjon for tildeling av "Miljøfyrtårn-sertifikat". Miljøsertifiseringsordninga "Miljøfyrtårn" er vedtatt som tiltak i Lindås kommune sin SNP (Kommunestyret 08.02.01.). Vedtaket omfattar også ei oppfordring til Regionrådet om å innlemma tiltaket i den regionale SNPen. Mål: Motivere verksemdene til å satse på miljøforbetringar og gjennom dette arbeidet styrkje miljøkompetansen i det lokale næringslivet. I strategidelen av planen heiter det m.a. følgjande i samband med sentrale utfordringar for regionen: I takt med den teknologiske utviklinga vert miljøspørsmål stadig meir viktige. Desse spørsmåla må i aukande grad setjast på dagsorden - både hjå politikarane og hjå næringslivet. Oppgåver: Få verksemder og institusjonar til å arbeide meir målretta med miljøforbetringar. Kostnad: Samla…………………………… kr. 262.500,- Finansiering: Tilskot frå NGIR………
kr. 67.500,-
Kommentar:
Infrastruktur Strategi: Infrastruktur og miljø
Tiltak: 1.4 Infrastruktur på MongstadInnleiing/bakgrunn: Det vert m.a. vist til konkrete planar om etablering av oppdrettsanlegg basert på varmt vatn og på HOG sin rapport om "ny næringsvirksomhet på Mongstad". Det er ønskje om at delar av Mongstadområdet kan nyttast til industrietableringar som baserer seg på energi frå varmt vatn og/eller gass. Mål: Klarleggje det organisatoriske grunnlaget for infrastrukturutbygging på delar av Mongstadområdet, her under vurdere og eventuelt legge til rette for etablering av eit infrastrukturselskap. Utvikle kommunaltekniske anlegg og legge fram energi i eit definert området mellom raffineriet og Mongstad Sør. Energikjeldene kan vera gass (propan og/eller naturgass) eller kjølevatn. Kommentar:
Gassutval for Nordhordland og Gulen Strategi 1: Infrastruktur og miljø Ansvarleg: Regionrådet for Nordhordland og Gulen Strategi 1: Infrastruktur og miljø Tiltak: 1.5 Gassutval for Nordhordland og GulenInnleiing/bakgrunn: Det vert vist til framlegg frå A-laget i Nordhordland, til framlegg frå
Senterpartiet i Lindås og til følgjande omtale i Strategisk Næringsplan for
Nordhordland og Gulen: Vedtak frå Regionrådet (Sak 25/01) Regionrådet sett ned eit arbeidsutval med mandat å utforme føremål og organisering for eit gassutval for Nordhordland og Gulen. Arbeidsutvalet si innstilling bør ligge føre innan utgangen av oktober 2001. Det vert rådd til at utvalet får 4 medlemer: ordførar Odd Tøsdal, ordførar Rolf Sandstad, 1 repr. frå NHIL og 1 repr. frå LO i Nordhordland. Regionrådet sin administrasjon er sekretær for utvalet. Kostnad: Finansiering:
Veg- og kommunikasjonsutval i Nordhordland og Gulen Strategi 1: Infrastruktur og miljø Ansvarleg: Regionrådet for Nordhordland og Gulen Tiltak: 1.6 Veg- og kommunikasjonsutval i Nordhordland og GulenInnleiing/bakgrunn: Omtale i Strategisk Næringsplan for Nordhordland og Gulen:
Vedtak frå Regionrådet (Sak 26/01)
Kostnad: Finansiering:
"Det digitale kommunetorget" Strategi: Marknadsføring av regionen Ansvarleg: Regionrådet for Nordhordland og Gulen Tiltak: 2.1. "Det digitale kommunetorget" Innleiing/bakgrunn: Dersom ein får ei breibandsutbygging i regionen vil det gje høve for ulike IKT-baserte samarbeidstiltak. (IKT står for informasjons- og kommunikasjonsteknologi) Mål: Målet vert å byggja opp eitt eller fleire digitale kommunetorg. Ein startar med eit forprosjekt, for så å vurdere innhaldet og interessa for gjennomføring av prosjektet. Ser ein på måla i SNP vil hovudprosjektet kunne ha effekt i høve til måla (1, 3 og 5) Målet for forprosjektet: Avklare om regionen ynskjer å gjennomføre eit prosjekt om digitalt kommunetorg. Oppgåver i forprosjektet: Utarbeide konkrete planar og informere kommunane om innhaldet i desse. Utarbeide anbudsdokument dersom kommunane sluttar seg til planane. Kostnad: Finansiering:
Ungdom – eit grenseoverskridande tiltak Ansvarleg: Regionrådet for Nordhordland og Gulen Strategi: Ungdomssatsing (Grenseoverskridande) Tiltak: 2.2. Ungdom – eit grenseoverskridande tiltak Innleiing/bakgrunn: Det har vore gjennomført eit regionalt kartleggingsprosjekt med geografisk nedslagsfelt i Austrheim, Fedje, Gulen og Masfjorden. I prosjektrapporten, med tittelen; "Ungdom, utdanning og arbeid", går det fram at svært mange av ungdommane ynskjer i utgangspunktet å busetja seg i heimkommunane, men dei ser arbeidsmarknaden som den største hindringa. Mål: Folketalsvekst i samtlege kommunar i regionen, jfr. Mål (2) i SNP. Ein vil satsa på tiltak som kan få ungdommane til å bli verande eller venda attende til heimkommunane etter fullført utdanning. Oppgåver: Vurdera og setja i verk ulike tiltak for å få fleire av ungdommane til å bli verande eller venda attende til heimkommunane sine. Døme på innhald kan vera:
Kostnad (skisse): Samla kostnad 550.000,-
Finansiering (skisse): Sum 550.000,-
Etablerarprogrammet for Nordhordland og Gulen Strategi: Stimulere til nyskaping og utvikling i næringslivet Ansvarleg: Regionrådet for Nordhordland og Gulen Tiltak: 3.1 Vidareutvikle etablerarprogrammet for Nordhordland og GulenInnleiing/bakgrunn: Dei siste åra (sidan 1999) har ein innarbeidd rettleiingstilbodet til etablerarane i eit årleg program. Dette har omfatta tilbod om 30 timars etablerarkurs, individuell rettleiing og temasamlingar. Programmet har vist seg å fungere etter intensjonane, men det er rom for vidareutvikling og forbetringar. Det kan t.d. vera nyttig å stimulere til eit systematisert samarbeid mellom erfarne næringsdrivande og etablerarar. Mål: Styrkje etablerarrettleiinga i regionen. Noko som gjenspeglar mål (1, 2, 3 og 4) i SNP. Oppgåver:
Kostnad: Finansiering:
Elevbedrift som undervisningsmetode Strategi: Stimulere til nyskaping og utvikling i næringslivet Ansvarleg: Regionrådet for Nordhordland og Gulen Tiltak: 3.2 Elevbedrift som undervisningsmetodeInnleiing/bakgrunn: Regionen har dei seinare åra arbeidd mykje for å få i gang elevbedrifter i skulen, sist gjennom EOU-prosjektet (Entreprenørskap i opplæring og utdanning). Men det er framleis fleire skular i regionen som enno ikkje har tatt i bruk denne undervisningsmetoden. Mål: Målet er å fremje etablerarkunnskapen blant ungdommane, for på sikt å få fleire bedriftsetableringar i regionen. Jfr. mål (4) i strategisk næringsplan. Oppgåver: (Henta frå erfaringane med EOU-prosjektet)
Kostnad: Årlege kostnader på om lag kr. 100.000,- Finansiering: Kommunane (kr. 10.000 pr kom.)og Kompensasjonsfondet Samla kr. 100.000,-
Kommentar: Når det gjeld dette tiltaket må Regionrådet velja mellom to alternative
modellar Ein må også ta eit initiativ for å få avklart innhald, omfang og framdrift av tiltaket.
Nyskaping i eksisterande bedrifter Strategi: Stimulere til nyskaping og utvikling i næringslivet Ansvarleg: NHIL Tiltak: 3.3 Nyskaping i eksisterande bedrifter (kompetanse- og produktutvikling)Innleiing/bakgrunn: NHIL (Nordhordland Handverk- og Industrilag) har vore i dialog med CMR (Christian Michelsen Research AS) om tiltaket. Prosjektplan er under utarbeiding og forventa ferdig til hausten inneverande år Finansiering: NHIL/Deltakande verksemder/Kompensasjonsfondet Kommentar: Prosjektet må vurderast når prosjektplan ligg føre (truleg hausten 2001).
Leverandørutvikling Strategi: Stimulere til nyskaping og utvikling i næringslivet Ansvarleg: Nordhordland Handverk- og Industrilag Tiltak: 3.4. LeverandørutviklingInnleiing/bakgrunn: Det vert transportert store leveransar inn i regionen, både til private og offentlege verksemder. Noko av dette kunne vore produsert/levert lokalt til ein konkurransedyktig pris. Mål: Utvikla samarbeid og innsikt mellom verksemdene (kjøpar og leverandør) for å oppnå auke i lokale leveransar. Jfr. Mål (3) i SNP. Oppgåver: Få til koplingar mellom store kjøparar (offentlege og private) og
aktuelle leverandørar. Kostnad: Avhengig av omfang og aktivitet. Finansiering: Næringslivet gjennom involverte partar / kompensasjonsfondet. Kommentar:
Havbruksutval i Nordhordland og Gulen Strategi: Stimulere til nyskaping og utvikling i næringslivet Ansvarleg: Regionrådet for Nordhordland og Gulen Tiltak: 3.5 HavbruksutvalInnleiing/bakgrunn: Havbruk er eit nasjonalt satsingsområde. Med vår geografiske plassering bør dette og vera eit kommunalt og regionalt satsingsområde. Mål: Utarbeida ein felles regional strategi på området. Oppgåver: Invitera ei arbeidsgruppe til å drøfte føremål og samansetting for eit slikt utval. Kostnad: Møter og sekretariat (årleg sum) kr. 20.000,- Finansiering: Kompensasjonsfondet (samla søknad SNP) kr. 20.000,-
Vidareutvikling av det regionale utdanningstilbodet Strategi: Kompetanseutvikling Ansvarleg: Regionrådet for Nordhordland og Gulen Tiltak: 4.1 Vidareutvikling av det regionale utdanningstilbodetInnleiing/bakgrunn: Det gjennomsnittlege utdanningsnivået i regionen ligg under gjennomsnittet for Hordaland, Sogn og Fjordane og landet. Dette kan ha mange årsaker, bl.a. har ikkje regionen utdanningsinstitusjonar på høgare nivå. I tillegg er store delar av det private næringslivet produksjonsretta (noko som ofte stiller større krav til praktisk realkompetanse enn til høg formalkompetanse.) Mål: Arbeida for å utvida og betra det regionale utdanningstilbodet på alle nivå. Jfr. Mål (1, 2 og 4) i SNP. Koordinera og synleggjera utdanningstilboda i regionen Oppgåver:
Kommentar:
Vidareføring av NELL-nordhordland Strategi: Kompetanseutvikling Ansvarleg: Regionrådet for Nordhordland og Gulen Tiltak: 4.2 Vidareføring av NELL-NordhordlandInnleiing/bakgrunn: Etter å ha gjennomført fylkesprosjektet Nettverk for livslang læring (NELL) i perioden 1997 – 1999, såg ein eit klart behov for å vidareutvikla og samordna opplæringstilboda for vaksne i regionen. Mål: Stimulera og leggja til rette for kompetanseheving hjå næringslivet i regionen. Jfr. Mål (1 og 3) i SNP. Oppgåver:
Kostnad: Samla kostnad jfr. Budsjett kr. 745.000,-
Finansiering:
Samla kr. 745.000,- Dersom ein ynskjer meir informasjon ligg det føre fullstendig prosjektplan ved regionrådskontoret.
|