Tilstades: Ordførar Olav Steinar Namtvedt, ordførar Odd Tøsdal,
ordførar Vilgerd Storset Husa(sak 1.), ordførar Rolf Sandstad,
ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik, ordførar Helge Haukeland,
varaordførar Knut Mo, varaordførar Reidun
Høydal (frå og med sak 2.).
Rådmann Helge Thorsen, rådmann Henrik Flatøy, rådmann Jan Olav
Osen, rådmann Lovisa Midtbø, rådmann Asbjørn Brandtun, rådmann
Hogne Haktorson, teknisk sjef Arne Aven,
Elles møtte (sak1.): frå Hordaland fylkeskommune: fylkesordførar
Gisle Handeland, dir. Jan Per Styve, seksjonsleiar Gudrun Mathisen,
spes.konsulent Marit Rødset, frå Fylkesmannen i Hordaland: rådgjevar
Steinar Bø.
Sak 6: Dagleg leiar Eirik Seter – Regionrådet Bergen og Omland.
Frå administrasjonen: Eilif M. Berntsen
Sak 1/00 Orientering og drøftingar knyta til fylkesplanarbeidet.
Representantane frå fylkeskommunen orienterte om planarbeidet og om
framlegg til arbeidsdokument.
Det vart frå fylkeskommunen si side understreka at ein var takksam
for dei kommentarar og merknader som kom fram i møtet og at ein skulle
ta med seg desse i det vidare arbeidet med planen.
Sak 2/00 Prosjekt "Nordhordland og Gulen – år 2000".
Saka vert oversendt eit utval samansett av rådmennene i regionen til
vurdering.
Dagleg leiar ved Regionrådet vert sekretær for arbeidet og utvalet
bør ha som siktemål å få lagt saka fram til ny handsaming i rådet
på møte 17. mars d.å..
Sak 3/00 Vedk. ferjesambandet Leirvåg – Sløvåg.
Regionrådet for Nordhordland og Gulen ber om at vegsjefane i
høvesvis Hordaland og Sogn og Fjordane arbeider for at det snarast vert
sett inn ei ny og betre ferje på sambandet Leirvåg - Sløvåg.
Regionrådet har registrert at noverande ferje ved fleire høve har
måtte innstille på grunn av været.
Regionrådet vil m.a. vise til at hyppige stengingar skapar uvisse og
vanskar for innbyggjarane og næringslivet i kommunane Gulen og
Masfjorden, og då særleg for øyene i Gulen som ikkje har alternativ
til ferjeruta.