Hit Counter

e. 06.10.04

 

 

 

 

 

MØTEPROTOKOLL

 

REGIONRÅDET FOR NORDHORDLAND OG GULEN

Dato: 17. mars 2000

Møtestad: Nordgardsløa, Frekhaug

Tilstades: Ordførar Olav Steinar Namtvedt, ordførar Rolf Sandstad, ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik, ordførar Helge Haukeland, ordførar Trude Brosvik, varaordførar Audun Stusdal.

Rådmann Helge Thorsen, rådmann Henrik Flatøy, rådmann Jan Olav Osen, rådmann Lovisa Midtbø, rådmann Asbjørn Brandtun, rådmann Vidar Bråthen.

Elles møtte (sak 10): Kjersti Haugland

Frå administrasjonen: Eilif M. Berntsen

 

Sak 7/00 Framlegg om organisering av likningsforvaltninga. Høyringsuttale.

Regionrådet for Nordhordland og Gulen ser det som viktig for innbyggarane i våre kommunar at dei og i framtida har eit tilbod som gjev tilgang på tenester innan likningsforvaltninga frå sjølvstendig styrte kontor i eigen kommune.

I arbeidet med ny organisering bør ein vektlegge samarbeid mellom kontor over kommunegrensene slik at ein får til ei effektiv ressursutnytting og ein høg fagleg standard. Dette må ikkje medføre at distrikta mister viktige kompetansearbeidsplassar.

Det må vere rett å vidareutvikle kompetansen og dei faglege miljøa ved kontora og fullt ut nytte dei høva som IKT gjev med omsyn til desentralisert oppgåvefordeling.

I den grad det vert bygd opp spesifikk kompetanse ved einskilde kontor ber ein om at det vert teke distriktspolitiske omsyn ved dei vala ein gjer ved ei slik funksjonsdeling.

 

Sak 8/00 Prosjekt "Nordhordland og Gulen - år 2000".

Saka vert teke opp til brei drøfting på regionrådsmøtet 18 og 19 mai.

Administrasjonen vert bede om å utarbeide eit programopplegg for handsaminga av saka.

Sak 9/00 Revisjon av strategisk næringsplan for Nordhordland og Gulen.

Regionrådet ber om at det vidare revisjonsarbeidet med den strategiske næringsplanen vert sett i samanheng med arbeidet med utforminga av prosjekt "Nordhordland og Gulen - år 2000".

Sak 10/00 Orientering om Nellprosjektet.

Saka vert teke til orientering.

Sak 11/00 Meldingar og eventuelt.

bullet

Skriv frå Norsk institutt for planteforskning - Fureneset fagsenter (Planteforsk) om prosjektsøknad som vinklar problemet kring beiting av hjort på innmark.

Vedtak: Regionrådet ser positivt på tiltaket frå Planteforsk.

bullet

Hamnesjef Standal går av 5. april - Regionrådet kjøper inn felles gåve frå Nordhordland.

Det vart elles orientert om følgjande saker:

bullet

Regional deltaking på offshoremessa i Stavanger (ONS).

bullet

Konferanse om praktisk bruk av naturgass -samarbeid med HOG -

aktuell dato: 13. april.

bullet

Omsorgsbudstader i Syden

- Personalsak.

 

 

Obs! Møtedato for neste møte i rådet er endra til 18 og 19 mai .

Møtet vert halde i på Brekkestranda Fjord Hotell.

 

Olav Steinar Namtvedt
Rådsleiar

 

Eilif M. Berntsen

 

Møteboka vert sendt til:

Ordførarane
Rådmennene
Fylkesmannen
Hordaland fylkeskommune; Fylkesrådmannen – Avdeling for regional utvikling
Lokalavisene
NRK Hordaland
TV Hordaland