Hit Counter

e. 06.10.04

 

 

MØTEPROTOKOLL

 

 

REGIONRÅDET FOR NORDHORDLAND OG GULEN

Dato: 16. juni 2000

Møtestad: Nordhordland vidaregåande skule - Knarvik

Tilstades: Ordførar Olav Steinar Namtvedt, ordførar Odd Tøsdal, ordførar Rolf Sandstad, ordførar Vilgerd Storset Husa, ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik, ordførar Helge Haukeland.

Rådmann Helge Thorsen, rådmann Henrik Flatøy, rådmann Lovisa Midtbø og rådmann Asbjørn Brandtun.

Rektor Inge Alver orienterte om Nordhordland vidaregåande skule.

Frå administrasjonen møtte: Eilif M. Berntsen og Jostein Skråmestø.

 

Merknad til protokoll for møtet 18. og 19. mai 2000: Kontorsjef Leif Taule, Radøy har etterlyst ei omtale av interkommunale tiltak i protokollen.

Administrasjonen viste til at ei vurdering av fem interkommunale tiltak vart lagt fram i samband med sak 23/00.

 

 

Sak 20/00 Budsjett for Regionrådet for Nordhordland og Gulen for 2001.

Budsjett vert sendt ut på høyring til kommunane med uttalefrist 8. september.

 

Sak 21/00 Uttale til høyringsforslag til Fylkesplan for Hordaland 2000 - 2003.

Regionrådet for Nordhordland og Gulen har valt å kommentere dei ulike programområda i planen.

I tilknytting til programområde 4.1 "Bruk og vern av areal, miljø- og naturressursar" vil Regionrådet vise til utkast til fylkespolitiske retningsliner under punkt 7: Hordaland skal ha ei økonomisk utnytting av olje og naturgass som ikkje fører til auka forureinande utslepp.

Det er rådet si meining at formuleringa vil vere vanskeleg å leve med for Hordaland sitt vedkomande. Ein bør ikkje innføre denne typen geografiske avgrensingar av den nasjonale miljøpolitikken. Regionrådet kan tenkja seg ei slik alternativ formulering: Hordaland skal ha ei økonomisk utnytting av olje og naturgass på kontinentalsokkelen.

Når det gjeld programområde 4.2 "Senterutvikling" vil Rådet særskilt vise til "region" og "regionsenter" omgrepa.

Regionrådet vil be om at Knarvik vert teke med i dette programområde under omgrepet regionsenter på lik line med Stord, Voss og Odda.

I framlegget til planen har ein valt å definere regionar einsidig ut i frå eit pendlingsomgrep utarbeidd av Statistisk sentralbyrå.

Ein får då fram desse "regionane" i Hordaland: Bergensregionen, Stord pendlingsregion, Odda pendlingsregion, Voss pendlingsregion og ei fylkesoverskridande region; Haugesund pendlingsregion.

Etter Regionrådet si meining må det vere rett å kunne nytte nemninga regionsenter sjølv om dette senteret ligg innafor dominansen av eit anna og større senter.

I tillegg bør regionomgrepet ikkje berre knytast til ein variabel (pendling) men fange opp andre tilhøve som; regionale handle- og trafikkmønstre, lokalisering av interkommunale, fylkeskommunale og statlege institusjonar og ikkje minst vere basert på lokal identitet og samkjensle.

I så måte bør Nordhordland definerast som ein region i fylkesplanen og Knarvik definerast som eit regionsenter.

Det heiter i dei "fylkespolitiske retningslinene" som er trekt opp i planen for regionsentra at dei m.a. skal vere: "Lokaliseringsstad for regionale offentlege og private tenester, spesialiserte funksjonar retta mot innbyggjarane i heile regionen. Regionale transportknutepunkt og høg kollektivdekning".

I Nordhordland har vi i lang tid arbeidd med å styrkje og utvida dei regionale tenestetilboda som vert forvalta av fylkeskommunen eller staten.

Regionrådet har i så måte sett det som særs positivt at det er komme fleire nye tilbod lokalisert til vårt distriktet dei seinare åra.

Rådet meiner at dette, i stor grad, har sin bakgrunn i at Nordhordland vert oppfatta som ein region og Knarvik som eit regionsenter.

 

Regionrådet har også nokre merknader til programområde 4.3 "Utbyggingsmønsteret i Bergensregionen" og meir generelt til omtale og framlegg i planen om arealdisponeringa i fylket.

Det er rådet si meining at ein i fylkesplanen ikkje må låse seg til avgrensa definisjonar som kan føre til stengsel for ein naturlege arealbruk.

Også dei såkalla vekstkommunane i Bergensområdet har sine utkantar og det vil vere urett om ein ikkje skal ha høve til å gjennomføre ei meir sprett utbygging i desse områda. Såleis er det naturleg at det er ulikskap i arealbruken i randområda i høve til i dei sentrumsnære områda.

Om programområde 4.4 "Hordaland som eitt transportfylke".

Som i Regionrådet sin høyringsuttale til Nasjonal transportplan har ein også i denne uttalen valt å vektleggje nokre tilhøve i samband med utviklinga innafor vegsektoren.

Regionrådet har registrert at dei tilrådde statlege løyvingane til riksvegutbygging i dei næraste åra er dei lågaste som har vore på mange tiår og ber om at fylkeskommunen arbeider for at rammene vert auka monaleg.

Regionrådet ber og om støtte til at fleire vegprosjekt kan delfinansierast med hjelp av bompengar.

Det gjenstår utbetring/nybygging av fleire ulike parsellar i Nordhordland før vi får ein rimeleg tilfredsstillande standard på vegane i regionen.

Regionrådet er glad for at ein i planframlegget til Nasjonal transportplan rår til ei utbetringa av Ev 39 gjennom Romarheimsdalen i perioden 2002 - 2005. Når det elles gjeld Ev 39 så er det Regionrådet si meining at ein og snarast må gjennomføre tiltak for å betre trafikktilhøva gjennom tettstaden Knarvik.

Ringvegen i Nordhordland utgjer ein stor og viktig del av det sekundære riksvegnettet i regionen. Denne vegen har fleire stader særs dårleg standard, særskilt gjeld dette deler av 565 over Radøy. I tillegg har vegstrekningar i Austrheim kommune og parsellen Seim - Herland i Lindås kommune langt frå fullgod tofelt standard.

Også på deler av riksvegen nord for Frekhaug i Meland kommune er det trong for utbetringar.

Det er viktig at desse vegane vert utbygde snarast slik at ein kan få styrkja grunnlaget for dei lokale sentra i regionen og såleis medverke til å halde oppe busettings-mønsteret og dempe sentraliseringstendensane.

Det må og setjast av midlar til trafikksikringstiltak i regionen slik at ein får verna dei mjuke trafikantane og bygd ut tilstrekkeleg med veglys og busslommer.

Når det gjeld ferjetrafikken i regionen så vil Regionrådet vise til at desse sambanda er ein del av riksvegnettet og meiner at desse på sikt bør verte gratis for trafikantane.

Om sjøtransport og regionalt oljevern.

Regionrådet vil peike på det arbeidet som ved fleire høve har vore gjort lokalt for å få bygd ut beredskapen i Nordhordland.

Rådet viser til at omlag halvparten av all godstonnasje til/frå landet vårt går over eit område avgrensa mellom Bergen og Solund. I tillegg har dette området ein stor trafikk som går nord-sør langs kysten.

Dei fleste større oljeulykker i kystområda i Noreg har skjedd på Vestlandet.

I tillegg medfører oljeaktiviteten i Nordsjøen ein monaleg ulykkesrisiko.

Eit større oljeutslepp kan føre til ein katastrofe for fisket, oppdrettsnæringa og reiselivsnæringa - næringar som er særs viktige for Kyst-Norge.

Regionrådet meiner difor det bør byggjast opp ein større oljevernbase i Fedje-Fensfjordbassenget.

Om programområde 4.5 "Kunnskapsfylket Hordaland".

Regionrådet ser det som positivt at ein i fylkesplanen fokuserer på koplinga mellom næringsutvikling og kunnskap/kompetanse.

Regionrådet er generelt oppteken av å få til eit godt samarbeid mellom næringsliv og kompetansemiljø både på høgskolenivå, innafor dei vidaregåande skulane og innafor etter- og vidareutdanninga. Per dato gjennomfører ein i regional regi fleire prosjekt knyta til desse problemstillingane.

Når det gjeld dei vidaregåande skulane særskilt vil Regionrådet peike på to tilhøve.

Det eine er at studieretningar som Naturbruk (blå variant), Musikk dans og drama og Idrettsfag må verte vurdert innført ved skular i regionen, og det andre at dei fysiske fasilitetane på skulane må verte utbygd slik at dei stettar dagens krav til skulemiljø og arbeidsmiljø.

 

Sak 22/00 Vedk. trafikkstasjonen i Knarvik.

Regionrådet for Nordhordland og Gulen er kjent med at det er starta opp eit organisasjonsarbeid i Staten Vegvesen med siktemål mellom anna å effektivisere administrasjonen.

Regionrådet ønskjer i samband med dette å peike på følgjande:

Rådet ser det som viktig for regionen at den lokale produksjonsavdelinga i Knarvik vert oppretthalde, med minst same volum som i dag, slik at ein får til eit godt vedlikehald og ei gunstig utbygging av mindre parsellar basert på kunnskap og erfaring frå lokale tilhøve.

Rådet meiner at ein bør vurdere om ikkje trafikkstasjonen i Knarvik kan byggjast ut til å ta eit større volum enn i dag, både med omsyn til trafikantar og køyretøy, og såleis avlaste aktiviteten på hovedstasjonen i Fyllingsdalen. Ei slik avlasting vil kunne verte ei god løysing også for mange brukarar frå området Bergen-nord.

 

Sak 23/00 Ny prosjektskisse - "Nordhordland og Gulen - år 2000" - samt omtale av interkommunale tiltak.

Regionrådet drøfta fleire sider ved prosjektet og peika på nokre retningar som tiltaket burde ta. På bakgrunn av desse drøftingane vil det verte lagt fram ein prosjektskisse til neste møte i Regionrådet.

Rådet ba og om at administrasjonen til same møte lage eit oversyn over alle interkommunale ordningar i Nordhordland.

Moment frå drøftingane:

Det vart vist til at målsetninga med prosjektet måtte vere å vidareutvikle "gode bygder å bu i". Realiseringa av aktuelle nye fellestiltak måtte ha dette for auge - samstundes som ein la opp til ei god og rasjonell utnytting av tilgjengelege ressursar.

Det vart elles peika på at prosjektet burde kunne ta opp i seg fellestiltak og ordningar knytta både til "mjuke verdiar" (utvikling av kulturtilbod og lokal identitet), tenesteproduksjon og tiltak i samband med næringsutvikling. I tilknytting til det siste punktet vart det m.a. vist til strategiarbeidet i regi av NHIL.

Det blei og sett fram ønskje om å få fram ei omtale av mogelege nye samarbeidstiltak som kunne vere aktuelle innafor ein rimeleg kort tidshorisont.

Såleis kunne det og vere interessant å få vurdert deler av tenesteproduksjonen i kommunane med sikte på å avdekke områder kor den einskilde kommune hadde problem med å skaffe seg naudsynt kompetanse.

 

 

 

Sak 24/00 Vedk. vedtekter for Nordhordland interkommunale barnevernteam (NIB).

Regionrådet har ikkje merknader til at Lindås kommune sitt framlegg vert nytta som vedtekter for Nordhordland Interkommunale Barnevernteam.

 

 

Sak 25/00 Orientering om Nordhordland vidaregåande skule.

Saka vert teke til orientering.

 

 

Vi minner om regionalt fellesmøte/synfaring med vegsjefen onsdag 6. september.

 

Neste møte i Regionrådet: 15. september.

 

 

Olav Steinar Namtvedt

Rådsleiar

 

 

Eilif M. Berntsen

 

 

Møteboka vert sendt til:

Ordførarane

Rådmennene

Fylkesmannen

Hordaland fylkeskommune; Fylkesrådmannen – Avdeling for regional utvikling

Lokalavisene

NRK Hordaland

TV Hordaland