|
|
e. 06.10.04 |
MØTEPROTOKOLL
REGIONRÅDET FOR NORDHORDLAND OG GULEN Dato: 3. november 2000 Møtestad: Lyngheisenteret
Sak 32/00 Etablering av offisielle adresser for hus, hytter, næringsverksemd og o.l i Nordhordland og Gulen. Inndeling av regionen i adresseområde. Regionrådet for Nordhordland og Gulen rår til at regionen Nordhordland og Gulen vert eit adresseområde. Regionrådet registrerer at Høyanger kommune har gjeve samtykke til at den delen av kommunen som ligg på sørsida av Sognefjorden inngår i det same adresseområdet. Sak 33/00 Nordhordland og Gulen i Bergen - Kystsogevekene 2001. Regionrådet frå Nordhordland og Gulen viser til orienteringa om tiltaket ved dagleg leiar for Stiftinga Kystsogevekene Ragnhild Randal. Regionrådet finn tiltaket særs interessant og rår til at arrangementa vert lagt til dagane 14 og 15 september 2001. Regionrådet ber om at det vert lagt fram ei sak på neste rådsmøte som nærare presiserer rådet si rolle i samband med tiltaket. Sak 34/00 Strategisk næringsplan for Nordhordland og Gulen - Prosjektplan. Regionrådet ber om at ein snarast starter opp arbeidet med ein revisjon av den strategiske næringsplanen for Nordhordland og Gulen. Næringsutvalet, supplert med representantar frå Masfjorden/Gulen, vert styringsgruppe for dette arbeidet. Sak 35/00 Fylkesdelplan for kystsona i Hordaland - Høyringsforslag - uttale. Regionrådet for Nordhordland og Gulen slutter seg til administrasjonen sine merknader til Fylkesdelplan for kystsona i Hordaland. Sak 36/00 Meldingar og eventuelt. Følgjande saker vart teke til orientering:
Skriv frå A-laget i Nordhordland om etablering av eit mogeleg gassutval i Nordhordland. Regionrådet vedtok å utsette saka til neste møte. Om prinsipp for nye oppdrettskonsesjonar for laks og aure 2001 - merknader frå Regionrådet for Nordhordland og Gulen:
Om Lyngheisenteret: Regionrådet ber næringsutvalet vurdere å støtte Lyngheisenteret med ei løyving på inntil kr. 50.000,- for år 2001. Val: - Som Regionrådet sitt medlem i Nordhordland Interkommunale Barnevernteam vart valt ordførar Vilgerd Storset Husa. Som varamedlem vart valt ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik. Ordførar Odd Tøsdal vart valt som Regionrådet sitt varamedlem til styret for Lyngheisenteret. Sak 37/00 Orientering om resultat frå prosjektet "Ungdom og arbeid" ved prosjektleiar Lillian Vabø Mongstad. Regionrådet rår til at rapporten frå undersøkinga vert nytta som informasjon i samband med revisjon av den strategiske næringsplanen for regionen.
Møteboka vert sendt til: Ordførarane Rådmennene Fylkesmannen Hordaland fylkeskommune; Fylkesrådmannen – Avdeling for regional utvikling Lokalavisene NRK Hordaland TV Hordaland |