Hit Counter

e. 06.10.04

 

MØTEPROTOKOLL

 

REGIONRÅDET FOR NORDHORDLAND OG GULEN

Dato: 15. desember 2000

Møtestad: Masfjordnes

Tilstades: Ordførar Olav Steinar Namtvedt, ordførar Odd Tøsdal, ordførar Rolf Sandstad, ordførar Trude Brosvik, ordførar Helge Haukeland, ordførar Solbjørg Aamdal Sandvik, rådmann Helge Thorsen, rådmann Asbjørn Brandtun, ass. rådmann Svein Helge Hofslundsengen

Frå administrasjonen møtte: Eilif M. Berntsen.

Elles møtte Atle Ulrichsen og Raymond Øverlie frå Boston Asset Management ASA i samband med sak 42/00.

 

Sak 38/00 Vedk. samansetting av styringsgruppa for SNP for Nordhordland og Gulen.

Regionrådet har ikkje merknader til at handelsnæringa deltek med eit medlem i styringsgruppa for strategisk næringsplan og vil tilrå at Bjarne Foss, som medlem av "Fondstyret", tiltrer gruppa med Solveig Hopen som varamedlem.

 

Sak 39/00 Om vegplanarbeidet i fylket og vegprosjekt i Nordhordland.

Ei arbeidsgruppe, med Olav Steinar Namtvedt, Odd Tøsdal og Eilif M. Berntsen som medlemer, får i oppgåve å arbeide vidare med dei problemstillingane som vart reiste på møtet, knyta til regionale innspel retta mot arbeidet med Nasjonal transportplan - handlingsprogrammet, Hordalandsprogrammet og i forhold til ferjedrifta regionalt.

 

Sak 40/00 Om prosjekt Nordhordland og Gulen 2000 og om bruk av Norsk Gallup.

Regionrådet vil leggje opp til ei brei intern drøfting om regional utvikling og samarbeid på eit møte 2. februar 2001.

Rådmennene Helge Thorsen og Henrik Flatøy vert saman med administrasjonen ved Regionrådet invitert til å førebu møtet.

Regionrådet rår til at "Prosjekt Nordhordland og Gulen 2000" og framlegg om bruk av Norsk Gallup i ei intervju-undersøking vert vurdert i samband med arbeidet med den regionale strategiske næringsplanen.

Sak 41/00 Meldingar og eventuelt.

Følgjande saker vart teke til orientering:

bulletOm høyringsutale til kystsoneplanen i høve til Fensfjorden.
bulletFerjetilbodet i Fensfjordsambandet.

Saker som det er aktuelt å komme tilbake til:

bulletOm breibandutbygging i Nordhordland og Gulen - møte om saka 18. januar
bulletLegevaktsamarbeid, kostnadsdeling og styringsstruktur.
bulletMogeleg samlokalisering av interkommunale organ.
bulletKystsogevekene/arrangement i Grieghallen september 2001.
bulletKonjunkturavgifta - regionale konsekvensar.

Sak 42/00 Om plassering av penger i kapitalmarkedet.

Innlegget frå Boston Asset Management ASA vart teke til orientering

 

 

Neste møte i Regionrådet er sett til fredag 2. februar 2001.

 

 

Olav Steinar Namtvedt

Rådsleiar

 

Eilif M. Berntsen

 

 

Møteboka vert sendt til:

Ordførarane

Rådmennene

Fylkesmannen

Hordaland fylkeskommune; Fylkesrådmannen – Avdeling for regional utvikling

Lokalavisene

NRK Hordaland

TV Hordaland