Dei andre parsellane på rv 565 over Radøy med arm til Manger.
Riksvegløysingar Knarvik - Isdalstø - Alvermarka (rv 57 og rv 565).
Om Hordalandsprogrammet.
Regionrådet rår til at det vert ført vidare samtaler mellom
representantar frå regionen, Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og
Statens vegvesen Hordaland med sikte på å få fram eit sams framlegg til
vegutbygging i Bergen-nord/ Nordhordland basert på ein kombinasjon av
bompengefinansiering og statlege løyvingar.
Om kollektivtrafikken.
Regionrådet er oppteken av at tilhøve vert lagt godt til rette for
kollektivtransporten i regionen.
Knarvik må styrkjast som knutepunkt for kollektivtransporten mot Bergen
med høveleg bussterminal og gode parkeringstilhøve.
Trafikksikringa i samband med busstoppa langt mange av riksvegane må
betrast ved at det vert bygd ut tenlege busslommer.
Om ferjetrafikken.
Regionrådet gjev si tilslutning til det arbeidet som er starta opp i
Sogn og Fjordane med siktemål å få fram eit såkalla Vestlandskort som
skal gjere det rimelegare for trafikantane å nytte ferjene som ein lekk i
eit samla samferdsletilbod.
Modellen til Vestlandskortet tek utgangspunkt i Atløykortet i Askvoll
kommune, ei ordning med fast pris over eit visst tidsrom kor ein kan reise
så mykje ein vil. Regionrådet meiner Vestlandskortet kan vere eit steg i
riktig retning mot å få til ei semje om at ferjesambanda i Noreg skal vere
gratis.
Regionrådet ser det som riktig og naturleg at det vert lagt fram ein
naturgassleidning til Nordhordland/Mongstadområdet.
Regionrådet vil rå til at det i samband med ein slik leidning vert
etablert ein LNG-terminal i Fensfjordområdet og at ferjer, kystfraktebåtar
og supplyskip vert oppfordra til å nytte naturgass som drivstoff.