MØTEPROTOKOLL
REGIONRÅDET FOR NORDHORDLAND OG GULEN
Dato: 8. mai 2001
Møtestad: Lyngheisenteret, Lygra.
Tilstades: Ordførar Olav Steinar Namtvedt, ordførar Odd Tøsdal,
ordførar Vilgerd Storset Husa, ordførar Rolf Sandstad, ordførar
Solbjørg Åmdal Sandvik, ordførar Helge Haukeland.
Rådmann Helge Thorsen, rådmann Reidun Halland, rådmann Henrik
Flatøy, rådmann Jan Olav Osen og rådmann Ingvard Haug.
Frå administrasjonen møtte: Eilif M. Berntsen.
I samband med sak 20/01 møtte Jone Engelsvold, Opus Bergen AS.
I samband med sak 23/01 møtte byrådsleiar i Bergen; Anne-Grete
Strøm-Erichsen, Vidar Totland, Bergen kommune, Geir Bergflødt, Bergens
Næringsråd og Harald Queseth, Argument.
- Mons Kvamme og Jostein Vike orienterte om Lyngheisenteret.
Sak 14/01 Arbeid med interkommunale samarbeidstiltak.
Administrasjonen vert beden om å førebu ei sak til Regionrådet om
"kommunesamarbeid og kommunestruktur i Nordhordland og Gulen".
Saka skal danne grunnlag for vedtak om vidare arbeid med eit
"forstudie" om struktur og samarbeid. Her vil eit av utgangspunkta
kunne vere KRD sin "Analyserettleiar" for vurdering av kommunane sin
situasjon og framtidige utfordringar.
Sak 15/01 Plan for vaksenopplæring i kommunane.
Regionrådet for Nordhordland og Gulen rår til at det vert etablert ei
arbeidsgruppe
som skal hjelpa kommunane i regionen i samband med utarbeiding av overordna
og samordna plan for vaksenopplæringa.
Arbeidsgruppa bør vere samansett av ein representant frå kvar av
kommunane. Den einskilde kommune oppnemner sjølv sitt medlem.
Arbeidsgruppa konstituerer seg sjølv og vert beden om eventuelt å
definere trongen for ekstern sekretariatshjelp.
Arbeidsgruppa kan sjølv etablere referansegruppe(r). Det vert i alle
høve rådd til at m.a. følgjande organ vert trekt med i arbeidet med
planen: repr. frå Kursregionen i Nordhordland, repr. frå dei vidaregåande
skulane og kursarrangørar i regionen, biblioteka, Opplærings-kontoret og
NELL.
Mandat:
Regionrådet rår til at arbeidsgruppa, med utgangspunkt i malen som alle
kommunar har fått tilsendt frå SU i Hordaland, skal vurdere felles tiltak
knyta til informasjons- og kartleggingsrutinar. Vidare skal gruppa sjå om
det er aktuelt å ha eit regionalt forum for vaksenopplæring og eventuelt
kome med framlegg til arbeidsoppgåver som kan løysast i fellesskap.
Sak 16/01 Oljevernberedskapen i Hordaland.
Regionrådet for Nordhordland og Gulen slutter seg til uttale frå
Hordaland fylkesutval om den framtidige organiseringa av oljevernberedskapen i
Hordaland.
Regionrådet ønskjer elles å streke under at det er viktig for den samla
beredskapen at dei to oljeverndepota høvesvis på Fedje og i Solund ikkje
vert lagde ned eller flytta.
Regionrådet ser det som særs viktig at dei tilrådde tiltaka vert
gjennomførte og rår til at fylkeskommunen sett ned ei arbeidsgruppe som kan
følgje den vidare handsaminga av saka hjå dei sentrale styresmaktene.
Regionrådet ber om å få delta med eit medlem i ei slik gruppe.
Regionrådet sin medlemskandidat til arbeidsgruppa vil vere ordførar Vilgerd
Storset Husa - med ordførar Olav Steinar Namtvedt som varamedlem.
Sak 17/01 Vedk. støtte til bok om bygginga av Brørvikskuto.
Regionrådet viser til søknad frå Arne Høyland kor i alt 14 kommunar og
Hordaland fylkeskommune vert søkt om eit tilskott på kr. 5000,- kvar.
Regionrådet rår til at kvar av dei sju kommunane i Nordhordland/Gulen
støtter prosjektet med ei løyving på kr. 3000,- og at det vert søkt det
regionale næringsfondet om ei fellesløyving på kr. 14.000,- frå regionen.
Regionrådet vil elles, i samband med budsjetthandsaming, vurdere
avsetjinga av midlar til felles regionale kulturtiltak.
Sak 18/01 Årsmelding for Regionrådet for Nordhordland og Gulen - 2000.
Regionrådet godkjenner framlegg til Årsmelding 2000.
Sak 19/01 Framlegg til rekneskap for Regionrådet for Nordhordland og Gulen -
2000.
Regionrådet godkjenner rekneskapen for år 2000 og slutter seg til
framlegget om slik disponering av årets resultat: Avsett til eigenkapital:
kr. 85.818,16.
Sak 20/01 Orientering om prosjektet "Fellestenesteyting etter Plan- og
bygningslova" v/ Jone Engelsvold, OPUS Bergen AS.
Saka vert teke til orientering.
Sak 21/01 Meldingar og eventuelt.
Sak 22/01 Fase 1. - Prosjekt: "Felles kommunetorg".
Regionrådet slutter seg til utkast til forprosjekt for "Felles
kommunetorg".
Sak 23/01 Fellesmøte med Bergen kommune.
Med utgangspunkt i orienteringane og drøftingane på møtet vil det verte
utforma ein felles uttale frå Bergen kommune og Regionrådet for Nordhordland
og Gulen.
Neste møte i Regionrådet er sett til måndag 18. juni.
Olav Steinar Namtvedt
Rådsleiar
Eilif M. Berntsen
Møteboka vert sendt til:
Ordførarane, rådmennene
Fylkesmannen
Hordaland fylkeskommune; Fylkesrådmannen – Avdeling for regional utvikling
Lokalavisene, NRK Hordaland, TV Hordaland