MØTEPROTOKOLL
REGIONRÅDET FOR NORDHORDLAND OG GULEN
Dato: 7. september 2001
Møtestad: Austrheim Samfunnshus, Årås..
Tilstades: Ordførar Olav Steinar Namtvedt, ordførar Odd Tøsdal,
ordførar Vilgerd Storset Husa, ordførar Rolf Sandstad, ordførar Helge
Haukeland, ordførar Trude Brosvik, ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik,
rådmann Helge Thorsen, rådmann Ingvard Haug, rådmann Henrik Flatøy,
rådmann Lovisa Midtbø og rådmann Arvid Røysund.
Frå Aon Grieg (sak 33/01): Svein Erik Sommer og Halvor Namtvedt
Helse- og sosialsjef Bjørn Thorsheim, Austrheim møtte i sak 42/01.
Frå administrasjonen møtte: Eilif M. Berntsen.
Sak 33/01 Presentasjon av forsikringsmeklarfirmaet Aon Grieg.
Regionrådet tek presentasjonen til orientering.
Rådet er kjent med at tre kommunar i regionen nyttar seg av Aon Grieg
sine tenester. Rådet rår til at dei andre kommunane i regionen tek opp til
vurdering ei mogelege bruk av forsikringsmeklar. Rådet oppfordrar og
kommunane til å vurdere om det kan vere interessant å arbeide for ei
felles regionale forsikringsordning for skade- og personforsikring.
Sak 34/01 Orientering om Nordhordland revisjonsdistrikt v/ revisjonssjef
Willy
Gustafson.
Saka vart utsett.
Sak 35/01 Gulatingseminaret 2001 - Regionalisering - ei ny tid for regionane?
Søknad
om tilskott.
Regionrådet løyver kr. 10.000,- til arrangementet Gulatingseminaret
2001 Regionalisering - ei ny tid for regionen.
Løyvinga vert belasta Regionrådet sin konto for Eigenkapital.
Sak 36/01 Forprosjekt: Miljøovervaking og berekraftrekneskap i
Bergensområdet.
Regionrådet for Nordhordland og Gulen er positiv til deltaking i
forprosjektet;
Miljøovervaking og berekraftrekneskap i Bergensområdet.
Eilif M. Berntsen vert peika ut som rådet sitt medlem i styringsgruppa
for forprosjektet.
Regionrådet rår til at næringsfondet vert søkt om å finansiere
regionen si deltaking i forprosjektet.
Sak 37/01 Framlegg til Strategisk Næringsplan - Handlingsprogram for 2001
- 2002.
Regionrådet for Nordhordland og Gulen slutter seg til framlegget til
Handlingsprogram for 2001 -2002 i den Strategiske næringsplanen for
Nordhordland og Gulen. Regionrådet ber om at dei einskilde tiltaka vert
lagt fram for rådet før ein starter opp hovedprosjekta.
Sak 38/01 Etablering av eit havbruksutval i Nordhordland og Gulen.
Regionrådet sett ned eit arbeidsutval med mandat å utforme føremål og
organisering for eit havbruksutval i Nordhordland og Gulen. Arbeidsutvalet si
innstilling bør ligge føre innan utgangen av oktober 2001.
Som medlemer i utvalet vert valt: Trude Brosvik, Helge Haukeland og Olav
Steinar Namtvedt.
Regionrådet sin administrasjon er sekretær for utvalet.
Sak 39/01 Regionalt kulturhus og museum.
Saka vert sendt over til Regionrådet sin administrasjon til vidare
førebuing.
Sak 40/01 Felles tenesteyting/saksbehandling etter plan- og bygningslova
(m.m.) i
Nordhordland og Gulen. Rapport.
Saka vert teke til orientering.
Sak 41/01 Utbygging og bruk av breiband i Nordhordland og Gulen -
organisering.
Regionrådet rår til at det vert engasjert ein konsulent som kan bistå
ein i det vidare arbeidet med utforming og gjennomføring av prosjektet. Det
vil vere ein føremonn dersom konsulenten har lokal tilknyting.
Det er naturleg at Regionrådet er styringsgruppe for tiltaket.
Etableringa av undergrupper/arbeidsutval bør skje i samråd med m.a.
konsulenten.
Sak 42/01 Meldingar.
Helse- og sosialsjef Bjørn Thorsheim orienterte om legevaktsamarbeidet i
regionen -
Saka vart teke til orientering.
Andre saker som vart teke til orientering: