Hit Counter

e. 06.10.04

 

MØTEPROTOKOLL

 

REGIONRÅDET FOR NORDHORDLAND OG GULEN

Dato: 4. oktober 2001

Møtestad: Regionrådet sitt kontor, Knarvik.

Tilstades: Ordførar Olav Steinar Namtvedt, ordførar Odd Tøsdal, ordførar Rolf Sandstad, ordførar Helge Haukeland, ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik, rådmann Helge Thorsen, rådmann Henrik Flatøy, rådmann Lovisa Midtbø.

Frå administrasjonen møtte: Eilif M. Berntsen.

 

Ekstraordinært regionrådsmøte.

Sak 43/01 : Akuttmedisinske tenester i Nordhordland.

Regionrådet sett ned eit utval som skal greie ut om styringsstruktur og tenestenivå for legevakt- og ambulansefunksjonane i Nordhordland.

Regionrådet vert styringsgruppe for tiltaket som får eit arbeidsutval med desse medlemene; Olav Steinar Namtvedt - Radøy, Henrik Flatøy - Lindås, Bjørn Thorsheim - Austrheim.

Regionrådet sin administrasjon er sekretær for utvalet. Utvalet kan engasjere ekstern utgreiingshjelp.

Rapport frå utvalet bør liggje føre innan utgangen av november månad.

Om ambulansetenesta særskilt.
Regionrådet for Nordhordland og Gulen viser til Hordaland Fylkesting sitt vedtak 14. juni 2001 om organisering av ambulansetenesta. Regionrådet ber fylkeskommunen sjå til at vedtaket som vart gjort i fylkestinget vert fylgd opp i samband med oppbygginga av tenestetilbodet.

------------

Obs! Møtedag for neste regionrådsmøte er endra frå 15. oktober til fredag 26. oktober. (Arbeidsgruppa som skal vurdere "Interkommunalt samarbeid" vil vert kalla inn til møte same dag.) Vi minner elles om at 21. november alt er sett opp som møtedag for Regionrådet.

BNR inviterer Regionrådet til orienteringsmøte fredag 7. desember 2001.

Første regionrådsmøte på nyåret er sett til fredag 18. januar 2002.

 

 

Olav Steinar Namtvedt

Rådsleiar

 

Eilif M. Berntsen

 

Møteboka vert sendt til:

Ordførarane, rådmennene, Fylkesmannen

Hordaland fylkeskommune; Fylkesrådmannen – Avdeling for regional utvikling

Lokalavisene, NRK Hordaland, TV Hordaland