MØTEPROTOKOLL
REGIONRÅDET FOR NORDHORDLAND OG GULEN
Dato: 26. oktober 2001
Møtestad: Nordhordland folkehøgskule, Frekhaug.
Tilstades: Ordførar Olav Steinar Namtvedt, ordførar Odd Tøsdal,
ordførar Vilgerd Storset Husa, ordførar Rolf Sandstad, ordførar Helge
Haukeland, ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik, rådmann Helge Thorsen,
rådmann Ingvard Haug, rådmann Vidar Bråthen og rådmann Lovisa Midtbø.
I samband med sak 46/01 møtte: konstituert landbruksdirektør Jørgen
Frønsdal og dagleg leiar Olav Taskjelle.
I samband med sak 47/01 møtte: Asbjørn Brandtun, Radøy kommune.
Frå administrasjonen møtte: Eilif M. Berntsen og Jostein Skråmestø.
Sak 44/01 Konstituering av Regionrådet og val av Næringsutval.
Ordførar Olav Steinar Namtvedt og ordførar Odd Tøsdal vart attvalde
som høvesvis leiar og nestleiar for Regionrådet.
Medlemene i Næringsutvalet vart og attvalde og utvalet får slik
samansetting:
I tillegg til regionrådsleiaren (Olav Steinar Namtvedt), som i samsvar
med statuttane og er leiar for næringsutvalet vert Regionrådet
representert med desse medlemene:
Odd Tøsdal og Vilgerd Storset Husa
Varamedlemer:
1. Helge Haukeland - 2. Trude Brosvik
Representantar frå arbeidstakarsida:
Ole Lysø og Torill Hjertås
varamedlemer: 1. Jan Smørdal og 2. Eldbjørg Valle
Representantar frå arbeidsgjevarsida:
Rune Fanebust og Arnt Brandtun
varamedlemer: 1. Tor Iversen og 2. Øystein Hope
Sak 45/01 Budsjett for 2002 for Regionrådet for Nordhordland og Gulen.
Framlegg til budsjett for 2002 for Nordhordland og Gulen vert godkjent.
Sak 46/01 Orientering om skogpolitiske utfordringar.
Saka vert teke til orientering.
Sak 47/01 Orientering om arbeidet i referansegruppa for prosjektet:
"Utarbeiding av fylkespolitiske retningsliner for etablering av
kjøpesentra".
Saka vert teke orientering.
Sak 48/01 Om breibandprosjektet.
Regionrådet sette ned eit arbeidsutval med slik samansett: Rolf Sandstad,
Henrik Flatøy og Lovisa Midtbø - varamedlem: Ingvard Haug.
Arbeidsutvalet får fullmakt til å ta naudsynte val i den innleiande fasen
av prosjektet. Dette vil m.a. vere val av metode for kartlegging og sondering
omkring tilbod frå leverandørar av breiband og dessutan engasjement av
prosjektleiar og fagleg konsulent. Regionrådet sitt kontor er sekretær for
arbeidsgruppa. Arbeidsgruppa avsluttar sitt arbeid når prosjektleiinga, samt
fagleg konsulent er på plass.
Sak 49/01 Meldingar og eventuelt.