Hit Counter

e. 06.10.04

 

 

 

 

MØTEPROTOKOLL

 

REGIONRÅDET FOR NORDHORDLAND OG GULEN

Dato: 30. januar 2002.

Møtestad: Regionrådet sitt kontor, Knarvik.

Tilstades: Ordførar Olav Steinar Namtvedt, ordførar Rolf Sandstad, ordførar Odd Tøsdal, ordførar Helge Haukeland, ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik, ordførar Vilgerd Storset Husa, rådmann Ingvard Haug, rådmann Lovisa Midtbø.

Frå administrasjonen møtte: Eilif M. Berntsen og Jostein Skråmestø

Elles møtte Torbjørn Trageton i samband med sak 3/02.

 

Sak 1/02 Om prosjektet "Interkommunalt samarbeid".

1.Regionrådet vedtar å starta opp arbeidet med ein regional utviklingsplan for Nordhordland og Gulen.

2. Organisering av arbeidet: - Styringsgruppe : Regionrådet

- Sekretariat : Regionrådet sitt kontor

- Prosjektleiing : Eksternt engasjement

3. Innhald:

3.1 Planarbeidet må baserast på utarbeiding av eit faktagrunnlag med utgangspunkt i utviklingstrendar i regionen, i tidlegare gjennomført regionalt planarbeid og i regionalpolitiske vedtak.

3.2 Planen skal innehalda prioriterte tema både knytt til ein regional politikk ovanfor "omverda" (med ordførarane som arbeidsgruppe) og til samarbeids- og utviklingstilhøve innan regionen (med rådmennene som arbeidsgruppe, jfr. arbeidsgruppa for innhald og interkommunalt samarbeid i breibandsprosjektet).

4. Som ein del av planarbeidet vert det å leggja opp til eitt breitt engasjement i regionen rundt dei tema som vert valde. Her vil kommunane inviterte til å spela ein aktiv rolle.

5. Sekretariatet får med grunnlag i punkt 1 – 4 i oppdrag å utforma framlegg til prosjektplan med finansiering og framdrift. Denne vert å leggja fram på neste møte i regionrådet.

 

Sak 2/02 Ny selskapsform for Regionrådet.

Regionrådet sett ned eit utval som skal utarbeide forslag til ny selskapsavtale for rådet.

Utvalet får følgjande medlemer: Ordførar Olav Steinar Namtvedt og rådmann Helge Thorsen.

Sekretær for utvalet vert Eilif M. Berntsen

 

Sak 3/02 Plan for innføring av offisielle adresser for området frå

Nordhordlandsbrua til Sognefjorden

  1. Regionrådet tilrår at kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Høyanger, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen og Radøy vedtek at området frå Nordhordlandsbrua til Sognefjorden skal vera eitt adresseområde med kommunale retningsliner (føresegner) for den fysiske utforminga av adressesystemet i samsvar med framlegget i prosjektplanen. (Attgjeve i pkt. 3.4.2)
  2. Regionrådet stør framlegget til finansieringsmodell, tilrådinga om at prosjektet blir gjennomført som eit interkommunalt prosjekt og framlegget til prosjektorganisering, men med opning for at alle medverkande partar som ønskjer det, kan vera representert med ein person i styringsgruppa for prosjektet.
  3. Regionrådet sluttar seg til tilrådingane om eigarskapet til prosjektet og at rådet supplert med medlem for Modalen og Høyanger kan fungera som tilrådingsorgan for kommunane i adressenamnsakene i prosjektperioden.
  4. Regionrådet tek til etterretning at ein må forventa ein noko seinka organisering og start av gjennomføringsprosjektet i høve til planen.

 

Sak 4/02 Om breibandprojektet.

Regionrådet vedtek slik organisasjonsplan for prosjektet:

Prosjektansvarleg: Rolf Sandstad, ordførar i Austrheim kommune.

Prosjektleiar: Jostein Skråmestø, Regionrådet for Nordhordland og Gulen

Sekretariat: Regionrådet for Nordhordland og Gulen v/prosjektleiar

Oppdragsgjevar og prosjekteigar: Regionrådet for Nordhordland og Gulen

Koordinator: Hordaland fylkeskommune, avd. for reg. utvikling

Styringsgruppe: Rolf Sandstad, ordførar i Austrheim kommune (formann)

Olav Steinar Namtvedt, ordførar i Radøy kommune

Odd Tøsdal, ordførar i Lindås kommune

Helge Haukeland, ordførar i Masfjorden kommune

Trude Brosvik, ordførar i Gulen kommune

Vilgerd Storset Husa, ordførar i Fedje kommune

Solbjørg Åmdal Sandvik, ordførar i Meland kommune

Øyvind Dahl, Hordaland Fylkeskommune

1 repr. for "Regional aktør"


 

Arbeidsgruppe nett:

Arbeidsgruppa vil bli oppnemnt av styringsgruppa seinare.

 

Arbeidsgruppe innhald og interkommunalt samarbeid:

Helge Thorsen, rådmann i Meland kommune
Henrik Flatøy, rådmann i Lindås kommune
Jan Olav Osen, rådmann i Austrheim kommune
Lovisa Midtbø, rådmann i Masfjorden kommune
Vidar Bråthen, rådmann i Fedje kommune
Ingvard Haug, rådmann i Radøy kommune
Arvid Røysum, rådmann i Gulen kommune

Arbeidsgruppene konstituerer seg sjølve og har høve til å setje ned underutval.

 

Sak 5/02 Meldingar og eventuelt.

Regionrådet tok følgjande saker til orientering:

Orientering frå møte om museumsplan for Hordaland

Orientering frå møte i Veg- og kommunikasjonsutvalet, samt referat frå møte med

fylkeskommunen om "Strategisk transportanalyse".

Orientering frå møte i "Havbruksutvalet"

Invitasjon frå HSD - rutemøte 14. februar

Svarbrev frå Department of Environment, Food & Rural Affairs

Om Forsøk med alternativ forvaltningsorganisering av transportsystemet i større byområder.

Om Brusselkontor for Bergen/Bergensregionen?

Om utarbeiding av hamneplan for Hordaland.

Takkebrev frå Johannes H. Fosse i samband med gåve på hans 75-års dag.

Søknad om dispensasjon frå nye forskrifter knyta til årsbudsjett, årsrekneskap og årsberetning for interkommunale selskap etter kommunelova § 27.

Regionrådet gjorde vedtak om å sende eit skriv til regjeringa med kopi til Hordalandsbenken kor vi ber om at Statens Vegvesen sitt forvaltningskontor for Region Vest vert plassert i Bergen.

Regionrådet gjorde og vedtak om å sende eit skriv til Vegsjefen i Hordaland med kopi til Fylkeskommunen sin komite for miljø og samferdsel kor rådet peiker på at ein sett liten pris på at arbeidet med Eikåstunnelen ikkje starter opp i 2002 som føresett.

Regionrådet ber administrasjonen utforme ein mogeleg fellesuttale knyta til arbeidet med ny vegklassifisering, jfr. St.meld. nr. 31 (2000 - 22001)

 

 

Sak 6/02 Vedk. personellsituasjonen ved Regionrådet sitt kontor som følgje av breibandprosjektet.

Regionrådet samtykker til at Jostein Skråmestø vert engasjert i 4/5 stilling som prosjektleiar for breibandprosjektet for perioden frå 1. mars 2002 til 31. desember 2003.

Regionrådet samtykker samstundes til at det vert engasjert ein næringsmedarbeidar ved Regionrådet sitt kontor i 4/5 stilling for same periode.

 

 

 

Neste møte i Regionrådet er sett til tysdag 19. mars.

 

 

 

 

 

Olav Steinar Namtvedt

Rådsleiar

 

 

Eilif M. Berntsen

 

Møteboka vert sendt til:

Ordførarane, rådmennene, Fylkesmannen

Hordaland fylkeskommune; Fylkesrådmannen – Avdeling for regional utvikling

"Nordhordlandsrepresentantane" i Hordaland fylkesting

Lokalavisene, NRK Hordaland, TV Hordaland