Hit Counter

e. 06.10.04

 

MØTEPROTOKOLL

 

REGIONRÅDET FOR NORDHORDLAND OG GULEN

Dato: 22. mars 2002.

Møtestad: Alver Hotel.

Tilstades: Ordførar Olav Steinar Namtvedt, ordførar Rolf Sandstad, ordførar Odd Tøsdal, ordførar Helge Haukeland, ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik, ordførar Vilgerd Storset Husa, ordførar Trude Brosvik, rådmann Helge Thorsen, rådmann Jan Olav Osen, rådmann Ingvard Haug, rådmann Henrik Flatøy (sak 11

Frå administrasjonen møtte: Eilif M. Berntsen.

I samband med møte med fylkeskommunen følgjande fylkestingsrepresentantar: Gisle Handeland, Ottar Tangen, Bente Gunn Håtuft, Ingebjørg Skurtveit og Sveinung Toft. I tillegg møtte Jan Per Styve frå fylkeskommunen sin administrasjon.

Kjersti Wiik orienterte om folkesong/kulturarbeidarstillinga i Nordhordland.

Kåre Ness frå Statoil Mongstad orienterte om planar for vidare utbygging og drift på Mongstad.

I samband med sak 12/00 møtte Bodil Låstad og Helge Kvingedal.

 

Sak 7/02 Utkast til prosjektplan: "Regional utviklingsplan for Nordhordland og Gulen".

Regionrådet tilrår at arbeidet med ein regional utviklingsplan starter opp våren 2002 i samsvar med framlagde prosjektplan og at dei eksterne kostnadene i prosjektet vert søkt finansiert med høvesvis kr. 120.000,- frå Næringsfondet og kr. 120.000,- frå "Kompensasjonsfondet".

 

Sak 8/02 Om to-delt vegnett. Uttale.

Regionrådet viser til Vegdirektoratet sin høyringsrapport om "Ny klassifisering av offentleg vegnett".

Regionrådet meiner at rapporten om klassifisering av vegnettet, her under mogeleg overføring av deler av fylkesvegnettet til kommunane, ikkje gjev tilfredsstillande vurderingar og svar. Dette gjeld både i høve til framtidig vegforvaltning og i høve til eventuelle økonomiske konsekvensar for kommunane.

Regionrådet vil elles, på generelt grunnlag, uttale at alle nye oppgåver som overførast til kommunane må fullfinansierast.

 

Sak 9/02 Høyring. Forslag til distriktsinndeling og lokalisering av vegkontor i Statens vegvesen sine forvaltningsregionar.

Uttale frå Regionrådet for Nordhordland og Gulen:

Regionrådet viser til høyringsskriv til kommunane frå Vegdirektoratet, datert 21. februar 2002, om distriktsinndeling og lokalisering av vegkontor.

Regjeringa har gjennomført ei inndeling av landet i såkalla forvaltningsregionar og fastsette ei lokalisering av regionkontora.

I det ovannemnde framlegget vert det gjort greie for den planlagde geografiske inndelinga i distrikt og plassering av distriktskontor (også kalla vegkontor) og plassering av filialer.

Når det gjeld "Region Vest" så er denne, i framlegget frå Vegdirektoratet, delt inn i seks distrikt; Rogaland, Haugaland, Hordaland Øst, Hordaland Vest, Fjordane og Sogn.

Nordhordland og Gulen er plassert i distriktet "Hordaland Vest" og vegkontoret i distriktet er tilrådd plassert i Bergen.

Regionrådet har ikkje merknader til at Nordhordlandskommunane er plassert i distriktet "Hordaland Vest" men meiner at Gulen kommune som og er tilrådd plassert i same distrikt, sjølv og på fritt grunnlag, bør få uttale seg om si distriktstilknyting.

Når det gjeld lokalisering av vegkontoret for "Hordaland Vest" kan Regionrådet i prinsippet ikkje sjå kvifor dette ikkje kan leggjast til Nordhordland - t.d. til Knarvik.

Talet på kontorarbeidsplassar i søndre delar av Bergen, inklusivt Fyllingsdalen, er særs høgt og er med på å skape store trafikale problem i dette området. Å plassere vegkontoret i Nordhordland vil bidra til å skape nye arbeidsplassar i eit område som treng differensierte arbeidstilbod, men som elles har god tilgang på tomteland og ein infrastruktur som på alle måtar kan ta i mot ei slik etablering.

I alle høve meiner Regionrådet at Vegkontoret sin trafikkavdeling må kunne flyttast til Knarvik og at ein samstundes opprettheld ein produksjonsfilial i Nordhordlandsregionen.

 

Sak 10/02 Meldingar og eventuelt.

Saker som vart teke til orientering:

- Notat om interkommunale ordningar.

- Gasskonferanse i Bergen 18. -19. april

- Orientering v/Rolf Sandstad om Breibandprosjektet.

Om organisering av eit nytt statleg mattilsyn. Orientering ved Odd Tøsdal.

Regionrådet gjorde vedtak om å sende uttale til Landbruksdepartementet i saka med utgangspunkt i følgjande element;

- det nye mattilsynet må organiserast slik at regionen Nordhordland og Gulen kan halde oppe kompetansemiljøet og ressursane som kommunane har bygd opp i Næringsmiddeltilsynet og Dyrehelsetilsynet

- sjømat må med i det nye mattilsynet,

- det nye mattilsynet treng offentlege laboratorium og alle laboratoriealternativ må utgreiast.

 

Om oppretthalding av folkesong-/kulturarbeidarstilling i Nordhordland etter 1.10.2002. Kjersti Wiik er p.t. engasjert i 40% stilling som kulturarbeidar. Ho søkjer Regionrådet og Hordaland fylkeskommune om midlar slik at engasjementet kan halde fram ut

år 2003. Søknadsum: kr. 137.000.

Det vart gjort slikt vedtak i saka: Regionrådet løyver inntil 1/3 av den omsøkte summen på kr. 137.000 under føresetnad av at det vidare engasjementet vert fullfinansiert. Regionrådet ber Hordaland fylkeskommune løyve dei resterande 2/3 av summen.

 

Sak 11/02 Fellesmøte med fylkestingsrepresentantar frå regionen.

Følgjande saker vart drøfta:

bulletVestlandsutgreiinga - orientering v/ Gisle Handeland - debatt.

Regionrådet gjorde i denne samanheng vedtak om å sende ei uttale om utgreiinga til fylkeskommunen.

- Samferdsle; finansiering av ei vidare utbygging av vegnettet i Nordhordland, vidare utbygging av E 39 Kyststamvegen, hamneutbygging - her under bruk av hamneanlegga i Sløvåg, mogeleg ferje til Øygarden

- Oljevern - strømmålingar i Fedjeområdet.

- Næringspolitikk - orientering om vidare utbyggingsplanar på Mongstad v/ Kåre Ness frå Statoil Mongstad.

 

Sak 12/02 Om arbeidet med omorganisering av distriktsrevisjonen.

Saka vart teke til orientering.

 

 

Neste møte i Regionrådet er sett til måndag 6. mai.

 

 

 

 

 

Olav Steinar Namtvedt

Rådsleiar

 

Eilif M. Berntsen

 

Møteboka vert sendt til:

Ordførarane, rådmennene, Fylkesmannen

Hordaland fylkeskommune; Fylkesrådmannen – Avdeling for regional utvikling

"Nordhordlandsrepresentantane" i Hordaland fylkesting

Lokalavisene, NRK Hordaland, TV Hordaland