Uttale til Strategisk transportanalyse for Hordaland - Nasjonal
transportplan 2006 -2015.
Regionrådet har merka seg at den strategiske transportanalysen for
Hordaland har som mål å bidra til auka verdiskaping og styrking av
robuste arbeids- og bustadmarknader i fylket gjennom å skape grunnlag
for å vidareutvikle transporttilboda og dei regionale
transportknutepunkta. Ei anna formuleringar som er nytta i rapporten
er at ei vidare utbygging av samferdsletilboda skal bidra til utvikling av
"område med næringspotensiale".
Til dette vil Regionrådet peike på at heile Nordhordland og Gulen ligg
innafor område som har store potensiale i høve til vidare
næringsutvikling.
Regionen har ei aktiv marin næring med ei rad matfiskkonsesjonar
og med integrert produksjon, frå smolt til vidareforedling. I tillegg vert
det satsa mykje på oppdrett av nye marine arter både i sjø og på
landbaserte anlegg med utgangspunkt i varmtvatn på Mongstad.
Regionen har store hamneanlegg i Fensfjordområdet, på Mongstad og i
Sløvåg, og grunnlag for vidare utbyggingar knyta til maritim sektor.
På Mongstad ligg landets største oljerelaterte prosessanlegg med
oljeraffineri og anlegg for fraksjonering av våtgass, samt ein større
råoljeterminal. Her er det grunnlag for nye utbyggingar basert på vidare
foredling av våtgass og mogeleg tilrettelegging for bruk av naturgass og
utbygging av energiverk.
I tillegg har området ein større forsyningsbase på Mongstad Sør som
forsyner Hydro sine petroleumsfelt i Nordsjøen.
Regionrådet vil peike på at Nordhordland kan by på mange attraktive
buområde.
Søndre deler av regionen, som også er særskilt interessant for
"bustadflyttande" bergensarar, er integrert i eit felles arbeids-/buområde
med resten av Bergensregionen. Men jo lengre nord ein kjem i Nordhordland
jo meir byrdefull vert ein evt. pendling til Bergen.
Regionrådet er såleis ikkje minst oppteke av å få utvikla
arbeidsplasstilboda i dei nordre delane av regionen.
I den strategiske næringsplanen for Nordhordland og Gulen heiter det i
målsettinga m.a. at "alle kommunane i regionen skal ha ei positiv
folketals-utvikling".
Reint næringsmessig, med utgangspunkt i det som er nemnt ovanfor, er
det grunnlag for å ha ein slik ambisjon med omsyn til folketalsutviklinga.
Ein føresetnad er likevel at vi regionalt lukkast med å utvikle gode
kommunikasjonar.
I denne samanheng vil Regionrådet understreke at transportkostnadene
for bedriftene må reduserast og at kollektivtilboda må betrast.
Om stamvegen - E 39.
Regionrådet vil peike på at utbetringane på stamvegen i
Romarheimsdalen, som er ført opp i planperioden 2002 - 2005 med i alt 210
mill. kr., må gjennomførast som planlagt!
Regionrådet vil elles peike på at trafikkproblema knyta til E-39
gjennom Knarvik senter i første omgang må løysast ved at det vert bygd to
rundkøyringar. På sikt må stamvegen førast i tunnel under senteret.
Rådet vil og streke under at det er viktig for sambandet sørover til
Bergen at tunnelen Vågsbotn - Haukås vert bygd som planlagt med
anleggsoppstart i år! Parallelt må det arbeidast med å få fasa inn
tunnelen mellom Nyborg - Klauaneset slik at vi unngår å komme opp i dei
trafikkproblem som ein i dag har på fleire vegstrekningar i Bergen Sør.
Sekundære vegnettet.
Ei utbetring av det sekundære vegnett er særs viktig for at verksemdene
i Nordhordland og Gulen skal få til ein kostnadseffektiv logistikk. Dei
fleste vareproduserande verksemdene i regionen ligg lokalisert til dels
langt borte frå stamvegane. I denne samanheng er det viktig å få bygd ut
ein fullgod standard på heile "ringvegen" i Nordhordland.
Regionrådet vil understreke at arbeidet med å utbetre vegstrekninga
Isdal - Herland må startast opp, slik det er tilrådd, i inneverande
planperiode.
Strekninga Tolleshaug - Soltveit - med arm til Manger, er kalkulert til
175. mill. kr. I NTP 2002 -2011 er det ført opp 50 mill. kr. til dette
anlegget i perioden 2006 -2011. Regionrådet vil peike på at dei statlege
løyvingane til strekninga må aukast monaleg.
Det må og løyvast pengar til parsellar på ringvegen i Austrheim, til
strekninga Mjåtveit - Dalstø i Meland og til utbetring/trafikksikring for
mjuke trafikantar i heile Nordhordland.
Regionrådet ønskjer og å peike på eit viktig vegprosjekt i Sogn og
Fjordane. Regionrådet støtter arbeidet med å få realisert brusambandet
over Brandangersundet. Dette vil knytte hovedøyane i Gulen til fastlandet
og vere av stor betydning for havbruksnæringa og fiskeforedlingsbedriftene
i området.
Ferjer.
Regionrådet meiner prinsipielt at ferjetransporten innalands må sjåast
på som ein del av vegnettet og vere gratis for brukarane. Etter rådet si
oppfatning vil ferjesambanda i Nordhordland høve særs godt til
prøvedrift med gratisferje.
Regionrådet vil elles peike på at ferjesambandet Leirvåg - Sløvåg
snarast må få ei tenleg ferje som tilfredsstiller krava til trafikk- og
miljøtryggleik.
Rådet vil og understreke at det må arbeidast for at den nye kabelferja
mellom Masfjordnes og Duesund får fleire avgangar enn det som gjeld i dag.
Nytt prosjekt.
Regionrådet meiner at grunnlaget for etablering av eit ferjetilbod
mellom Nordhordland og Øygarden må utgreiast. Det må vere eit siktemål å
få tiltaket innarbeidd i NTP 2006 - 2015.
Kollektivtransport.
Regionrådet er samd i at ein må satse på å få fleire av dei reisande
til å nytte kollektive transportmidlar - særskilt gjeld dette reisande
til/frå Bergen.
Rådet vil peike på at skysstasjonen i Knarvik må utviklast vidare som
ein tenleg kollektivterminal med tilfredsstillande parkeringsareal i
nærleiken.
Heile vegstrekninga mellom Bergen sentrum og Knarvik må vurderast med
sikte på å få til ein raskare og meir komfortabel transport enn kva som er
dagens situasjon. Naudsynte fysiske investeringar må gjennomførast for å
få dette til.
Ein må og arbeide vidare med å utvikle eit kollektivtilbod internt i
regionen som er tenleg for distrikta.
Regionrådet tilrår og at ein får vurdert grunnlaget for oppstart av eit
snøggbåtsamband mellom Frekhaug og Bergen.
Andre tilhøve.
Flyplass.
Regionrådet meiner at flytransporttilbodet på Flesland bør styrkjast -
både med eit større tilbod på direkte utanlandsdestinasjonar og med
breiare tilbod/priskonkurranse på innanlands flyruter.
Hamn.
Regionrådet stør opp under planane om at Bergen med omland får status
som nasjonalhamn.
Rådet vil peike på at Mongstad er den nest største oljehamna i Europa.
I tillegg er det i dette området stor trafikk inn til oljebasen på
Mongstad Sør. På andre sida av Fensfjorden, i Sløvåg, vert det bygd ut eit
større hamneanlegg med m.a. monalege bunkringsfasilitetar.
Fensfjordområdet bør vurderast som ei samla eining i dei arbeida som no
pågår når det gjeld hamneplanlegging. Her må vi ta intensjonane om
samarbeid over fylkesgrensene på alvor og medverke til å skape grunnlag
for ei spanande nasjonal satsing.