Hit Counter

e. 06.10.04

MØTEPROTOKOLL

 

 

REGIONRÅDET FOR NORDHORDLAND OG GULEN

 

Dato: 17. juni 2002

Møtestad: Lindås Feriesenter, Lindås.

Tilstades: Ordførar Olav Steinar Namtvedt, ordførar Odd Tøsdal, ordførar Vilgerd Storset Husa, ordførar Rolf Sandstad, ordførar Helge Haukeland, ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik.

I samband med sak 20/02 møtte; Terje Palmesen, Statoil Mongstad - og i samband med sak 21/02 møtte; Vidar Totland, Bergen kommune.

Frå administrasjonen møtte: Eilif M. Berntsen og Jostein Skråmestø.

 

Sak 19/02 Budsjett for Regionrådet for Nordhordland og Gulen for 2003.

Budsjettet for Regionrådet vert sendt ut på høyring til kommunane med uttalefrist 1. oktober 2002.

Sak 20/02 Orientering om planlagd kvotesystem for CO2-utslipp og konsekvensar for

Statoil Mongstad. v/ repr. frå Statoil Mongstad.

Saka vert teke til orientering.

Sak 21/02 Om opprettinga av eit Vestnorsk informasjons- og representasjonskontor i Brussel. v/ repr. frå Bergen kommune.

Regionrådet for Nordhordland og Gulen ser positivt på etableringa av eit Europakontor for Vest-Norge.

Sak 22/02 Meldingar.

Følgjande saker vart teke til orientering:

bulletKopi av skriv til fylkestingsrepresentantane om vegutbygging i Nordhordland.
bulletKopi av notat til kommunane om interkommunale selskap.
bulletGeodataplan for Nordhordland og Gulen - Årsrapport 2001.
bulletMarkering av Lyngheisenteret si UNESCO-prisen. Gåvesjekk på kr. 5.000,-- til senteret vert ført på Regionrådet sin post for regionale kulturtiltak.
bulletFylkesdelplan for biblioteka i Hordaland. Regionrådet slutter seg til biblioteka i Nordhordland si høyringsuttale i saka.
bulletRegionrådet ber administrasjonen førebu ei sak om familievernsenter evnt. familie- rådgjevingskontor i Nordhordland.
bulletUttale frå Regionrådet til Hordaland fylkeskommune i samband med situasjonen ved Austrheim vidaregåande skule:

           Regionrådet viser til at Fylkesutvalet i mai 2002 gjorde slikt vedtak:

Administrasjonen vert pålagt å arbeide aktivt for at elevgrunnlaget gjev rom for å oppretthalde to parallelle allmennfagklassar ved Austrheim vidaregåande skule.

Regionrådet gjev si støtte til vedtak i saka som vart gjort i Austrheim formannskap og ønskjer å uttale:

Dei vidaregåande skulane i Nordhordland har så langt gitt eit godt og breitt fagleg tilboda til ungdomane i regionen. Austrheim og Knarvik som skulestader gir gode geografisk spreiing.

Desentralisert vidaregåande opplæring er god distriktspolitikk.

Distrikta slit med å halde på ungdommen, det gjeld og norddelen av vår region kor folketalet i fleire kommunar har synt ei negativ utvikling dei seinare åra.

Ungdom som må borte frå dei er 16 år kjem i mindre grad tilbake til heimplassen etter avslutta utdanning. Gjennom tilbodet frå Austrheim vidaregåande skule (AVS) kan til og med elevar frå Gulen bu heime mens dei går på vidaregåande skule.

Det er difor med uro vi ser at klassetalet på allmenne fag ved Austrheim vidaregåande skule er i fare.  Dersom elevtalet vert redusert i år vert det vanskeleg å få det opp igjen seinare, dette gjeld spesielt dei VK-klassane der ein har behov for høgare lærarkompetanse og eit minimum av valalternativ for at tilbodet skal vera attraktivt for elevane.

Austrheim vidaregåande skule er eit viktig kompetansesenter i lokalmiljøet. Både privat og offentleg sektor dreg nytte av kompetanse, utstyr og lokaler ved skulen.  Strategisk næringsplan for Nordhordland og Gulen peiker på behovet for å styrkja opplæringstilbodet i ytre delar av regionen.

Regionrådet har saman med fylkeskommunen nyleg starta opp prosjektet "Ungdom eit grenseoverskridande tiltak". Prosjektet har som eit hovedmål å få fleire ungdomar til å bli verande eller vende attende til heimkommunen etter avslutta utdanning.

Fylkeskommunen si viktige rolle som regional utviklingsaktør har i seinare tid vore understreka både frå statleg hald og på fylkesnivået.

Det er viktig for Nordhordlandsregionen at fylkeskommunen gjer dei grepa som trengs, i samsvar med målsettinga i ungdomsprosjektet.  Fylkesutvalet sitt vedtak er i praksis eit pålegg om å styra inntaket med dei virkemiddel ein har, mellom anna handheving av inntaksgrensene.

Å sikre eit godt vidaregåande skuletilbod ved AVS vil vera god regional- og distriktspolitikk.

På line med formannskapet i Austrheim tek vi det såleis for gitt at vedtaket frå fylkesutvalet vert følgt opp slik at det vidaregåande opplæringstilbodet i ytre del av regionen kan haldast på eit akseptabelt nivå.

 

Det vart vedteke slik møteplan for Regionrådet for hausten 2002:

fredag 6. september

fredag 18. oktober

fredag 13. desember

 

 

Olav Steinar Namtvedt

Rådsleiar

 

Eilif M. Berntsen

 

 

Møteboka vert sendt til:

Ordførarane og rådmennene

Fylkesmannen

Hordaland fylkeskommune; Fylkesrådmannen – Avdeling for regional utvikling

Lokalavisene, NRK Hordaland, TV Hordaland