Hit Counter

e. 06.10.04

MØTEPROTOKOLL

REGIONRÅDET FOR NORDHORDLAND OG GULEN

Dato: 6. september 2002

Møtestad: Matre Hotell, Matre.

Tilstades: Ordførar Olav Steinar Namtvedt, ordførar Rolf Sandstad, ordførar Helge Haukeland, ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik, formannskapsmedlem Kåre Gaulen, rådmann Helge Thorsen, rådmann Vidar Bråthen og rådmann Lovisa Midtbø.

I samband med sak 24/02 møtte: Dagleg leiar Lillian Vabø Mongstad.

Frå administrasjonen møtte: Eilif M. Berntsen.

Sak 23/02 "Regional utviklingsplan for Nordhordland og Gulen" - utkast til

faktagrunnlag - val av arbeidsutval.

Utkastet til faktagrunnlag vart drøfta og administrasjonen vil ha med seg merknadene til planutkastet i vidare i arbeidet med planen.

Det vart valt ei arbeidsgruppe med følgjande medlemer til å førebu det vidare planarbeidet: ordførar Olav Steinar Namtvedt, rådmann Helge Thorsen og dagleg Eilif M. Berntsen.

Sak 24/02 Presentasjon av driftssituasjonen ved Opplæringskontoret for

Nordhordland.

Saka vart teke til orientering.

Regionrådet gjev si støtte til Opplæringskontoret sitt arbeid med å få dei vidaregåande skulane til å etablert undervisningsopplegg for lærlingar i Nordhordland. Ei slik geografisk plassering av undervisningstilboda vil gjere det lettare for lærlingane i dei ytre områda av regionen å nytte seg av tilbodet samstundes som ulempene for eventuelle elevar frå nordre deler av Bergen vil vere marginale.

Sak 25/02 Uttaler til "Kollektivterminalplan for Hordaland" og "Fylkesdelplan for

senterstruktur og lokalisering av service og handel".

Sakene vart teke til orientering.

Sak 26/02 Meldingar og eventuelt.

bulletRevidert prosjektplan for "Felles tenesteyting etter PBL".

Saka vart teke til orientering.

bulletOrientering om situasjonen vedk. familievernkontor i Nordhordland. Administrasjonen la fram eit notat om saka på møtet.

Saka vert oversendt til rådmannsgruppa.

bulletNotat frå Jostein Vike. / Interkommunalt samarbeid.

Regionrådet vil ta notatet frå Jostein Vike med seg i det vidare arbeidet med utvikling av interkommunalt samarbeid i regionen.

Regionrådet viser til arbeidet med den regional utviklingsplanen kor meininga er å få til ein brei debatt i regionen om ulike sider ved utviklinga i Nordhordland og Gulen.

Det vert og vist til skriv frå Regionrådet til kommunane datert 12.06.02. Her vart kommunane invitert til å drøfte organisasjonsmodell for nokre av dei interkommunale selskapa. I innstillinga frå Regionrådet vart det m.a. tilrådd at Rådet vert organisert som eit interkommunalt selskap (IKS). Eit interkommunalt selskap vil ha både eit representantskap og eit styre. Regionrådet ser det som interessant, i samband med eitt representantskapsmøte pr år, om ein samstundes kan kalle inn alle formannskapa i regionen som ein politisk felles arena for drøfting av relevante regionale saker.

Ps!- Kommunane vert bedne om å gje ei snarleg tilbakemelding på Regionrådet sitt skriv datert 12.06.02 "Om organisering av interkommunale selskap ".

bulletVedr. aksjonen "Ja til like rammevilkår i Norden - Uten norske sjøfolk ingen maritim næring". Regionrådet vil peike på den betydning arbeidsplassar til sjøs har for busettinga langs kysten. Regionrådet viser til rammevilkåra i m.a. Danmark og Sverige og ber om at Regjeringa utarbeider framlegg som gjev konkurransedyktige tilhøve for norsk maritim sektor.
bulletTannhelsetenesta i fylket.

Regionrådet vil vise til framlegg i Tannklinikkplan 2003 -2010 om nedlegging av tannhelsetenesta i Austrheim, Masfjorden og Fedje. Rådet ber om at sentraliseringsframlegga i Nordhordland ikkje vert gjennomført. Det er av avgjerande betydning for levekåra i distrikta at born og eldre kan få tilgang på tannhelsetenester i nærleiken av kor dei bur. Det vil vere store ulemper for desse gruppene å reise langt for å få dekka dette tilbodet. I tillegg må desse gruppene som oftast ha reisefølgje - noko som vil binde opp føresette eller pleiepersonell heilt unødig og som samfunnsøkonomisk vil vere ein feilprioritering.

Regionrådet ber såleis fylkeskommunen å oppretthalde noverande

tannhelsetilbod i distrikta.

Orienteringa om Mattilsynet vart utsett til neste møte.

Andre saker som vart teke til orientering:

bulletPensjonstilhøva for dei offentlege tilsette - kostnader.
bulletArbeidet med organisasjonsmodell for distriktrevisjonen.

Neste møte er sett til : fredag 18. oktober 2002.

 

Olav Steinar Namtvedt

Rådsleiar

Eilif M. Berntsen

 

Møteboka vert sendt til:

Ordførarane og rådmennene

Fylkesmannen

Hordaland fylkeskommune; Fylkesrådmannen – Avdeling for regional utvikling

Lokalavisene, NRK Hordaland, TV Hordaland