Hit Counter

e. 06.10.04

 

MØTEPROTOKOLL

REGIONRÅDET FOR NORDHORDLAND OG GULEN

Dato: 13. desember 2002.

Møtestad: Smiths Møte og Selskapslokale, Manger.

Tilstades: Ordførar Olav Steinar Namtvedt, ordførar Rolf Sandstad, ordførar Helge Haukeland, ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik, ordførar Odd Tøsdal, ordførar Vilgerd Storset Husa, ordførar Leif E. Nåmdal, rådmann Vidar Bråthen, Helge Thorsen og Henrik Flatøy.

Gunnar Hoff og Per Nordenson frå Deloitte & Touche møtte i samband med

sak 35/02.

Frå administrasjonen møtte: Eilif M. Berntsen.

Etter rådsmøtet vart det skipa til eit festsamvær i samband med utdelinga av HMK fortenestemedalje til revisjonssjef Willy Gustafson.

Sak 32/02 Rapport om status og vidare arbeid i UNG-prosjektet.

Regionrådet for Nordhordland og Gulen tek statusrapporten i Ung-prosjektet til orientering.

Regionrådet har ikkje merknader til framlegget til vidare arbeid i prosjektet.

 

Sak 33/02 Disponering av Regionrådet sitt næringsfond.

Regionrådet samtykker til at Næringsutvalet for 2002 nytter ei samla tilsegnsramme for næringsfondet på kr. 295.000.

Sak 34/02 Uttale til fylkesdelplan for musea i Hordaland.

Regionrådet gjev følgjande uttale til museumsplanen:

 

REGIONMUSEUM FOR NORDHORDLAND

"NORDHORDLANDSMODELLEN"

ARKIV, BIBLIOTEK, MUSEUM - VERN OG UTVIKLING

Ein regional ABM- modell for natur og kulturmiljø

På bakgrunn av arbeidet med den nye museumsplanen for Hordaland vil Regionrådet for Nordhordland og Gulen tilrå ein modell for eit regionmuseum i Nordhordland basert på eit samarbeid og ei samordna forvalting og formidling av kunnskapen om historie, kulturmiljø og kulturlandskap i Nordhordlandsregionen, med utgangspunkt i Stortingsmelding nr. 22 (1999-2000), "KJELDER TIL KUNNSKAP OG OPPLEVING".

Målet med Stortingsmelding nr. 22 er "å forma rammevilkår som kan gje grobotn for å trekkja full nytte av det potensialet for samordning og samarbeid som ligg føre mellom arkiv, bibliotek og museum". Dette fører til eit framlegg om den såkalla ABM-modellen - ei samordning av arkiv, bibliotek og museumstenester - for å organisera kunnskapstenester betre enn før, med utnytting av IKT-teknologien på sentralt, regionalt og lokalt nivå.

I Stortingsproposisjon nr.1 frå Kultur- og kyrkjedepartementet (2002-2003) blir det understreka (s.107) at hovudmomenta i den museumsreforma som Stortingsmelding nr. 22 gjer framlegg om, er å stimulera ein prosess "i retning av regional konsolidering og nasjonal nettverksbygging".

I utkastet til den nye museumplanen for Hordaland er det understreka særskilt at det er viktig å finna fram til ein god og tenleg regional ABM-modell for Nordhordland. Det er ein slik modell Regionrådet no legg til grunn for si tilråding.

I stortingsproposisjonen frå Kultur- og kyrkjedepartementet blir det også peika på at eitt av hovudmåla for kulturpolitikken er å fremja vern og formidling av kulturarven (kap. 5), og i departementets miljøhandlingsplan 2001-2004 blir sektoransvaret for musea og utvalde kulturverntiltak særskilt understreka: "Departementets tiltak i perioden vil omfatte en kombinasjon av flere virkemidler, kobling av vern, utvikling og formidling, samt holdningsskapende arbeid, veiledning, faglig rådgiving og stimuleringstiltak" (kap 8).

I Stortingsproposisjon nr. 1 frå Miljøverndepartementet (2002-2003) heiter det om Resultatområde 3 at dette omfattar "forvalting av kulturminne, kulturmiljø og det kultuhistoriske innhaldet i landskapet gjennom vern, bruk og verdiskaping" og at "mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø skal bli forvalta og teke vare på som brukarressursar, og som grunnlag for oppleving og vidareutvikling av fysiske omgivnader". Det er nettopp slike utvikingstiltak som vil stå sentralt i ein ABM-modell for Nordhordland.

Det vil i dette perspektivet vera viktig å kombinera kunnskap om natur, landskap, ressursgrunnlag og livsmiljø med kunnskapen om kulturhistorie og kulturtradisjonar, og å leggja dette til rette for oppleving og utforsking av kulturlandskap og kulturmiljø som ein del av ein større kulturell heilskap. Det vil seia at ein koplar tettare saman den kunnskapen som ligg i arkiv og bibliotek med kunnskapen som ligg i museumssamlingar og i kulturminnemiljøa i kulturlandskapet.

Kulturlandskapet som ein "kunnskapspark"

Den regionale ABM-modellen for Nordhordland tek utgangspunkt i desse tankane og går eit steg vidare når det gjeld å kombinera og integrera kunnskapskjeldene med ei oppleving av landskap og historie gjennom kulturminne og kulturmiljø i kommunane. På denne måten vil ein kunna sjå heile regionen som eit "kunnskapslaboratorium" med eit "kunnskapsmiljø" i kvar kommune.

Med planmessig utbygging og utnytting av IKT-teknologien vil kommunane på ein heilt ny måte kunna gjerast til sentrale aktørar i denne kunnskapsforvaltinga, i samspel med regionale og nasjonale faginstitusjonar. Denne modellen vil etter Regionrådet sitt syn vera fullt ut i samsvar med dei tankane som har vore skisserte med omsyn til å skapa eit kulturelt og musealt ressurssenter for Nordhordland, men den vil leggja større vekt på den regionale organiseringa av desse tenestene.

Interkommunale tiltak i ein regional ABM-modell

Nordhordland har gjennom den siste 10-års perioden utvikla eit godt organisert bibliotek-samarbeid. Ser ein dette i høve til den satsinga Nordhordlandsregionen har gjort med omsyn til breidbandsteknologi dei siste åra, er det her skapt eit grunnlag for å byggja ut kvart bibliotek til å bli ein kunnskapsportal med tilgang til alle sentrale kunnskapskjelder.

Godt dimensjonerte og utstyrte "Internettavdelingar" i kommunane, som kombinerer det klassiske biblioteket med tilgang til digitalisert arkivmateriale og organiserte databasar, vil vera eit "vindauga" inn mot historia og ut i landskapet, for å halda seg til dagens IT-terminologi.

På denne måten vil til dømes det store grunnlagsmaterialet frå den landsomfattande norske kulturminneregistreringa, SEFRAK, kunna bli tilgjengeleg for prosjektoppgåver i miljølære og lokalhistorie, på same måte som fornminneregisteret på Økonomisk kartverk, arkivmaterialet over norske folketeljingar, databasar over kulturlandskap og landskapsvernområde og store biletsamlinga kan aktiviserast i samspel med regionale og sentrale fagmiljø.

Utviding av eksisterande samarbeid

Biblioteksamarbeidet og lokalhistorisk arkiv høyrer alt til infrastrukturen i den einskilde kommune, som interkommunale samarbeidstiltak. For å utvida dette samarbeidet til å omfatta museum, kulturlandskap og kulturmiljø, vil ein så kunna organisera den regionale modellen på tre nivå:

bulletkulturlandskap, kulturmiljø, kulturminne og lokale museum/samlingar i kommunane.
bulletfagleg koordinerande ABM-base med fagbibliotek. IKT-eining og formidlingsteneste.
bulletTeknisk base med tenester innanfor magasin og konservering.

Slik vil ein kunna leggja opp til ein modell som aktiviserer kommunane, og frivillige lag og organisasjonar, i arbeidet med å forvalta si eiga historie, som tilfører kommunane utviklingsmidlar til å rusta opp både kunnskapsportalar og kulturmiljø, som utnyttar eksisterande fagressursar og som organiserer naudsynte fellestenester og tekniske basefunksjonar, utan å vera avhengig av tunge investeringar i store fysiske nyanlegg.

Ein fagleg koordinerande ABM-base med fagbibliotek og formidlingsutstyr som står til teneste for alle kommunane bør vera sentralt plassert i regionen; ein fagleg ABM-base i kvar kommune kan knytast til eit biblioteket eller til eit kulturhistorisk miljø, og dei tekniske fellestenestene innanfor magasin og konservering av gjenstandsmateriale kan løysast gjennom ein samarbeidsavtale med Norsk Trikotasjemuseum og fellestenestene i Salhus.

Eit ABM-utviklingssenter i Nordhordland bør vera samordna med Lyngheisenteret på Lygra, som har høg kompetanse på kulturlandskap og forvalting av historiske miljø.

Ein kulturgeografisk ABM-region

Kommunane i Nordhordlandsregionen, i samarbeid med grannekommunar som historisk og kulturgeografisk høyrer til det same kulturområdet, vil såleis kunna gå saman om å skipa ein regional samarbeidsmodell som kan få stor fagleg tyngde, som vil vera nyskapande med omsyn til å kopla natur- og kulturdata og som vil kunna gjera visjonane i Stortingsmelding. 22 om ei samordna kunnskapsforvalting til ein desentralisert, regional røyndom.

Dette vil då i praksis seia at kommunane

Austrheim, Fedje, Radøy, Meland, Lindås, Masfjorden, Modalen, Osterøy

etter behov også kan utvikla eit samarbeid med Gulen, Askøy og Vaksdal.

I denne regionen er det stor spennvidde i verneverdige kulturlandskap og kulturmiljø, det finst ei rekkje museum og lokale samlingar og det finst nokre større institusjonar som kan ta på seg eit ansvar for faglege og tekniske basefunksjonar. I tillegg vil det måtta planleggjast kva funksjonar som må byggjast ut for å få ein regionalt ABM-utviklingssenter til å fungera etter føresetnadene.

Ringen av samarbeidande bibliotek i kommunane kan såleis samordnast endå betre med det etablerte arkivsamarbeidet, og ein ring som fangar opp og utvidar samarbeidet mellom museum og vernet av kulturlandskap, kulturminne og kulturmiljø - i samspel med eksisterande fagmiljø og faglege ressursar - kan organiserast og gjerast tilgjengeleg i kvar kommune. Dette vil vera samanfallande med fleire av dei konkrete mål og fordelar som museumsplanen peikar på ved ei slik samordning: styrking av bygningsvernet og styrking av dei pedagogiske tenestene.

Det kan nemnast mange døme på regionale tiltak som har høg fagleg verdi og eit stort potensiale i ein slik samanheng, t.d. Kræmmerholmen på Fedje, Bogatunet på Radøy, Bjørn Westmuseet i Masfjorden, arbeidet omkring Den indre farleia mot nord, Vestnorsk Utvandringssenter på Radøy, arbeidet med å få etablert eit Oljeprosessmuseum på Mongstad og ei rekkje andre prosjekt.

Stiftinga Vestnorsk Utvandringssenter er under oppbygging, og vil vere ein av institusjonane som vil kunne ha ein basefunksjon i eit nettverk i Nordhordland. Her er under oppbygging brei kompetanse på formidling/undervisning om norsk emigranthistorie til Amerika m.m.

Samlinga av bygningar frå norsk pionertid i Nord-Amerika er sentral, og det er no under utvikling eit samarbeid med Den Norske Sjømannsmisjon for å skape grunnlag for vidare utbygging av informasjons- og undervisningslokale.

Vestnorsk Utvandringssenter må såleis få sin naturlege plass i eit integrert samarbeid i Nordhordland.

Hermetikkindustrien i Nordhordland er utelate i saksframlegget til museumsplan. Nordhordland bør få ein dokumentasjon på denne viktige industrihistoria og etablere eit hermetikkindustrimuseum som ein del av det konsoliderte museet i regionen. Det kan her vere interessant å setje fokus på Statoil-Mongstad som ein ny bedrift i eit område kor det før var anna type næringsverksemd knytt til fiskar- og bondeyrket.

Lyngheisenteret på Lygra - eit nasjonalt økomuseum og kompetansesenter

Ein av dei institusjonane som naturleg vil kunna ha ein fagleg basefunksjon i eit slikt regionalt nettverk i Nordhordland, er Lyngheisenteret på Lygra. Her blir det bygt opp høg kompetanse på kulturlandskap, naturmiljø, vegetasjonsøkologi, kulturhistorie og marin ressursforvalting. Institusjonen vil stå sentralt i fleire nasjonale/ internasjonale samanhengar, med vekt på landskapsforvalting og kunnskapsformidling.

Lyngheisenteret er i det siste blitt markert i ei rekkje internasjonale prosjekt, m.a. som ein sentral faginstitusjon i det EU-finansierte opplysningsprogrammet for Europas lyngheiar, HEATHCULT 1999-2000, i samarbeid med Universitetet i Bergen, og gjennom tildelinga av UNESCOs internasjonale kulturlandskapspris 2001, etter innstilling frå Miljøverndepartementet. Det er under planlegging eit EU-prosjektet i 2003, HEATHGUARD, etter tilråding frå Kulturdepartementet, omsøkt under rammeprogrammet Culture 2000 / European Heritage Laboratories: "Safeguarding the Heathlands of Europe."

Konklusjon

Etter Regionrådet si vurdering vil eit samspel mellom dei ressursane som kan liggja i ein regional ABM-modell for Nordhordland, kombinert med den kompetanse på landskap og kulturmiljø som blir bygt opp ved Lyngheisenteret, gje eit svært godt utgangspunkt for å organisera eit regionalt tiltak i tråd med intensjonane i Stortingsmelding nr. 22 1999/2000 og dei nasjonale målsetjingane på dette feltet.

I samarbeid med regionale og sentrale fagmiljø vil denne modellen truleg også kunna fungera som ein utviklingsmodell andsynes sentrale styresmakter, med tanke på å utvikla faglege ressursar både for ei samordna forvalting og eit godt koordinert formidlingsarbeid i regionen. Det vil i særleg grad gjelda tiltak og aktivitetar innanfor utviklingsprogrammet "DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN", retta mot skulesektoren.

Regionrådet rår derfor til at eit ABM-utviklingssenter, sentralt plassert i regionen, blir lagt til grunn for ei konsolidert regionmuseumsløysing i Nordhordland.

 

Eit arbeidsutval med Olav Steinar Namtvedt, Odd Tøsdal og Helge Hakeland som medlemer og Eilif M. Berntsen som sekretær , fekk i oppgåve av Regionrådet å følgje opp saka overfor fylkeskommunen.

Sak 35/02 "Korleis lukkast med interkommunalt samarbeid? Ein presentasjon og vurdering av erfaring og verkemidlar v/ Gunnar Hoff, Deloitte & Touche.

Regionrådet tek saka til orientering.

 

Sak 36/02 Meldingar.

- Om Lokalavdeling for det nye "Mattilsynet". Deltaking i arbeidsgruppe som skal jobbe fram eit vedtaksgrunnlag for lokalisering av eit framtidig distriktskontor for det nye "Mattilsynet" i Nordhordland. Regionrådet tek saka til orientering.

- Om tryggleik og beredskap i området Sture - Fedje - Mongstad.

Kopi av skriv til fiskeriministeren frå høvesvis Regionrådet og Bergen kommune.

Regionrådet tek saka til orientering.

- Nordsjøvegen. Skriv frå Samarbeidsrådet for Sunnhordland om "Tredimensjonal opprustning av alternativ ringveg i ytre strok av Hordaland - Nordsjøvegen".

Regionrådet tek saka til orientering.

- Skriv og rapport til Hordaland fylkesting om "Allmennfagtilbodet ved Austrheim videregående skule". Regionrådet tek saka til orientering.

 

 

 

 

Neste regionrådsmøte: fredag 7. februar.

 

 

 

Olav Steinar Namtvedt

Rådsleiar

Eilif M. Berntsen

 

 

 

 

Møteboka vert sendt til:

Ordførarane og rådmennene

Fylkesmannen

Hordaland fylkeskommune; Fylkesrådmannen – Avdeling for regional utvikling

Lokalavisene, NRK Hordaland, TV Hordaland