|
|
e. 06.10.04 |
MØTEPROTOKOLL REGIONRÅDET FOR NORDHORDLAND OG GULEN Dato: 7. februar 2003. Møtestad: Hotel Augustin C. Sundtsgt. 22 -24, Bergen. Tilstades: ordførar Olav Steinar Namtvedt, ordførar Rolf Sandstad, ordførar Helge Haukeland, ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik, ordførar Odd Tøsdal, ordførar Vilgerd Storset Husa, varaordførar Reidun Høydal, rådmann Ingvard Haug, rådmann Lovisa Midtbø, rådmann Henrik Flatøy og rådmann Reidun Halland. Frå administrasjonen møtte: Eilif M. Berntsen og Jostein Skråmestø. I forkant av det formelle møtet i Regionrådet vart det arrangert eit fellesmøte med Regionrådet Bergen og Omland og eit møte i styringsgruppa for breibandprosjektet. Korreksjon vedkomande protokollert vedtak i sak 34/02 - regionrådsmøte 13. desember 2002 - rett vedtak er: Eit arbeidsutval med Olav Steinar Namtvedt, Odd Tøsdal og Rolf Sandstad som
medlemer og Eilif M. Berntsen som sekretær , fekk i oppgåve av Regionrådet å
følgje opp saka overfor fylkeskommunen.
Sak 01/03 Tilskott til regionale kulturtiltak. Vedtak: Sak 02/03 Uttale i samband Eikåstunnelen - vegstrekninga Vågsbotn - Haukås: Om finansiering av Eikåstunnelen - parsell på E39. Regionrådet for Nordhordland og Gulen ber om at Hordaland fylkeskommune, saman med Staten Vegvesen og Bergen kommune, engasjerer seg aktivt med sikte på å finne ei løysing for ei snarleg utbetring av parsellen på E39 mellom Vågsbotn og Haukås - inklusivt ei utbetring av Breisteinskrysset. I handlingsplanprossesen for NTP våren 2000 vart Eikåstunnelen, som ein del av den såkalla Nordhordlandspakka, prioritert for utbygging i perioden 2002 -2005. Prosjektet vart tatt med i Handlingsprogrammet for investeringar på stamvegnettet med 40. mill. kr. i 2002 og 35. mill. kr. i 2003. Det vart ikkje ført opp midlar til tunnelen på statsbudsjettet for 2002, men det vart, frå Vegdirektoratet si side, prioritert ei løyving til prosjektet i 2003. På eit møte i styringsgruppa for Bergensprogrammet vart det tilrådd å overføre denne løyvinga til Eikåstunnelen (startløyving på kr. 30. mill.) til oppstart av eit anna vegprosjekt i fylket. Samstundes vart det tilrådd at ein skulle be Bergen kommune om å forskottere bygginga av Eikåstunnelen ved å nytte bompengemidla frå Bomringen. Det vart peika på at dette måtte vere ei kortsiktig forskottering med refusjon med stamvegmidlar i 2004/2005. Fylkeskommunen gjekk inn for ei slik løysing mens Bergen kommune gjorde slikt vedtak: Bergen kommune kan ikke slutt seg til at stamvegmidler å E 39 flyttes fra Eikåstunnelen til Moberg-Svegatjønn i forslag til statsbudsjett for 2003. - Bergen kommune ønsker ikke å stille midler til disposisjon til å forskuttere Eikåstunnelen på E 39. Utfallet vart såleis at det ikkje vart avsett midlar til Eikåstunnelen på Statsbudsjettet for 2003 og at ein heller ikkje hadde forskotterings-midlar frå Bergen kommune til prosjektet. Det vert frå alle partar understreka at Eikåstunnelen er eit viktig prosjekt som både kortar inn køyrelenda på E 39 og gjev ein sikrare veg for fotgjengarar og syklistar, og samstundes betrar miljøet monaleg for den nye busetnaden langs eksisterande veg. Regionrådet støtter denne vurderinga. Bergen kommune sine planar for tilrettelegging av bustadområde og industriområde på strekningen Haukås -Steinestø vil kunne føre til stor auke i trafikken på Steinestøvegen. I tillegg vil bompengeinnkrevinga på Nordhordlandsbrua opphøyre ved årsskiftet 2005/2006, noko som og er rekna til å føre med seg ein monaleg trafikkauke. Det er Regionrådet sitt mål å kunne medverke til at den lange tunnelen mellom Klauaneset og Nyborg vert realisert så snart som mogeleg. I påvente av ei slik utbygging er det viktig at noverande veg vert rusta opp til å kunne ta unna trafikkauken mellom Nordhordland og Bergen og samstundes bidra til miljøforbetringar langs vegtraseen. Desse investeringane vil, slik vi ser det, og vere naudsynte å gjere for å betre miljøet i bydelen uavhengig av realiseringa av den lange tunnelen.
Sak 03/03 Framlegg til selskapsavtale for Nordhordland Legevakt. Regionrådet sender saka ut til vurdering hjå kommunane. I drøftinga av saka på rådsmøte vart dei fleste merknadene knyta til at det i utkastet til selskapsavtalen § 4 ikkje var nemnt namn på kommune kor selskapet skal ha sitt hovudkontor. Regionrådet vil ta opp dette punktet med dei aktuelle partane og komme tilbake med ei tilråding om stadval og ein uttalefrist i saka.
Sak 04/03 Meldingar og eventuelt. Følgjande saker vart teke til orientering:
Vedk. etablering av eit "statens hus" i Knarvik? Administrasjonen får i oppgåve å drøfte saka med aktuelle partar og med fylkesmannen i Hordaland. Neste regionrådsmøte er sett til 10. mars - aktuelle tema er -Omorganisering for Aetat og trygdekontor -Endringar innafor lensmann/politietaten -Rusreform 1 og 2. -Felles landbrukspolitikk -Revisjonsordninga i Nordhordland Formannskapa i kommunane vert invitert til fellesmøte med Regionrådet fredag 4. april. Aktuelle tema er
Olav Steinar Namtvedt Eilif M. Berntsen
Møteboka vert sendt til: Ordførarane og rådmennene Fylkesmannen Hordaland fylkeskommune; Fylkesrådmannen – Avdeling for regional utvikling Lokalavisene, NRK Hordaland, TV Hordaland |