|
REGIONRÅDET FOR NORDHORDLAND OG GULEN
Dato: 10. mars 2003.
Møtestad: Nordhordland Folkehøgskule, Frekhaug.
Tilstades: Ordførar Olav Steinar Namtvedt, ordførar Rolf Sandstad, ordførar
Helge Haukeland, ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik, ordførar Odd Tøsdal, ordførar
Vilgerd Storset Husa, ordførar Trude Brosvik og rådmann Ingvard Haug.
Frå administrasjonen møtte: Eilif M. Berntsen.
Prosjektleiar Esther Varøy orienterte om framdrifta i UNG prosjektet - sak
5/03.
Politimeister Vidar Refvik og lensmann Einar Vatne orientert om endringa i
politietaten - sak 8/03. Styreleiar Jorund Stellberg og konstituert
revisjonssjef Helge Kvingedal deltok i møtet om sak 9/03 "Om arbeidet med
omorganisering av distriktsrevisjonen".
Sak 5/03 Styringsgruppemøte for UNG prosjektet.
Regionrådet tek statusoversynet for prosjektet til orientering.
Regionrådet slutter seg til framlegget til delmål for entreprenørsatsinga i
prosjektet.
Sak 6/03 Utviklingsplan for Nordhordland - planprosess.
Regionrådet slutter seg til at det vert arrangert to "tematiske" møte i
regionen knyta til den regionale utviklingsplanen - i tillegg til at
kommunane vert inviterte til å arrangere eigne møte om saka.
Det første møtet vert lagt til fellesmøte mellom Regionrådet og
formannskapa - fredag 4. april.
Det vert rådd til at følgjande tema vert drøfta på fellesmøta:
 | Folketal, areal og samferdsle |
 | Kunnskap, kultur og identitet |
 | Organisering av offentleg tenesteproduksjon |
Sak 7/03 Om oppstart av adresseprosjekt.
Regionrådet ønskjer å starte opp ei avgrensa del av Adresseprosjektet og
gjorde slikt vedtak i saka:
Adresseprosjektet blir starta opp i samsvar med prosjektplanen for dei
kommunane som har vedteke tilrådinga til Regionrådet av 30.01.02 og i første
fase gjennomført til og med aktivitet nr 7.
Dei resterande aktivitetane i prosjektet blir å fullføre når turvande
finansiering er på plass.
Dagleg leiar for Regionrådet skal vera prosjektansvarleg for
adresseprosjektet og utfører dei oppgåvene prosjektansvarleg har i
Regionrådet sine prosjekt.
Sak 8/03 Orientering om Hordaland Politidistrikt.
Saka vart teke til orientering.
Sak 9/03 Om arbeidet med omorganisering av distriktsrevisjonen.
Regionrådet sett ned ei arbeidsgruppe som får i oppgåve å vurdere
organiseringa av revisjonen for kommunane i regionen. Arbeidsgruppa får
følgjande medlemer: Olav Steinar Namtvedt, Rolf Sandstad, Jorund Stellberg
og Helge Kvingedal - sekretær for gruppa vert; Eilif M. Berntsen
Sak 10/03 Meldingar og eventuelt.
Om differensiert arbeidsgjevaravgift:
Regionrådet gjorde vedtak om å sende brev følgjande uttale til
finansministeren og kommunalministeren:
Regionrådet for Nordhordland og Gulen ser med uro på at differensieringa
av arbeidsgjevaravgifta vert teke bort.
For kommunane Fedje, Gulen og Masfjorden vil dette føre til monalege auka
arbeidsgjevarkostnader. For eit område som slit med å halde oppe folketalet
kan det få alvorlege konsekvensar for næringsliv, sysselsetjing og det
kommunale tenestetilbodet.
Regionrådet føreset at regjeringa etablerer tiltak som motverker dette
gjennom varige kompensasjonsordningar og eventuelt andre distriktspolitiske
verkemiddel.
Om regionale kulturmidlar.
Ny sak om fordeling av regionale kulturmidlar vert lagt fram for
Regionrådet i siste møtet før sommaren
Om høyring til NOU 2003:1, Behovsbasert finansiering av
spesialisthelsetenesta.
Saka vart teke til orientering.
Neste regionrådsmøte 4. april - i samband med fellesmøtet med formannskapa.
Påfølgjande regionrådsmøte vert onsdag 14. mai
Møteboka vert sendt til:
Ordførarane og rådmennene
Fylkesmannen
Hordaland fylkeskommune; Fylkesrådmannen – Avdeling for regional utvikling
Lokalavisene, NRK Hordaland, TV Hordaland
|