|
|
e. 06.10.04 | MØTEPROTOKOLL REGIONRÅDET FOR NORDHORDLAND OG GULEN Dato: 6. februar 1998 Møtestad: Regionrådet sitt kontor, Knarvik. Tilstades: ordførar Ole Lysø ordførar Olav Steinar Namtvedt (deltok ikkje i handsaminga av sak 5/98) ordførar Atle Kålås varaordførar Helge Haukedal varaordførar Kari Nygard ordførar Arne I. Sakstad - (sakene 5 og 7) Frå administrasjonen: Eilif M. Berntsen Frå Nordhordland Opplæringskontor: Styreformann Jarleiv Haugland og dagleg leiar Arnstein Dale ( Sak 1/98). Sak 1/98 Orientering om Nordhordland Opplæringskontor Saka vart teke til orientering. Sak 2/98 Førespurnad vedk. legevaktsamarbeid i Nordhordland. Administrasjonen får i oppgåve til neste møte i Regionrådet å leggje fram ei sak om mogeleg utgreiing kring ei felles legevaktteneste i Nordhordland. Ein bør m.a. sjå på følgjande tilhøve: framlegg til mandat, samansetting av styringsgruppe(som bør vere sterkt fagleg forankra), sekretariatfunksjon og finansiering. Sak 3/98 Uttale - Forprosjekt - utgreiing om poliklinisk spesialistsentra. Regionrådet for Nordhordland og Gulen viser til høyringsskrivet frå Hordaland fylkeskommune datert 15.01.98. Rådet, som er samansett av ordførarane i medlemskommuane, ønskje å komme med følgjande fråsegn: Regionrådet ber om at den polikliniske kapasiteten i fylket vert auka gjennom ei oppbygging av regionale spesialistlegesentra framfor at ein sett i verk ei vidare utbygging av kapasiten ved sjukehusa. Rådet vil peike på at slike etableringar i distrikta, saman med sektortiseringa av sjukehusa, vil kunne gje betre samarbeid mellom primærlegar, spesialistar og sjukehusa. For pasientene vil dette føre til kortare avstand frå heimen til poliklinikken. Regionrådet rår til at ein poliklinikk, etter tilrådinga for "liten modell", vert etablert i Nordhordland, som i dag er eit distrikt utan fylkeskommunale somatiske tenestetilbod. Lokalisert til Knarvik vil ein slik klinikk verte plassert i eit område med eit godt utbygd senter, med særs gode kommunikasjonstilhøve, med eit godt primærlegetilbod og med eige apotek. Nordhordland har, saman med Gulen og Modalen, omlag 30.000 innbyggjarar - i tillegg kan ein rekne med tilflyt av pasientar frå andre kommunar i ytre Sogn. Det vil seie at det naudsynte folketalsgrunnlaget sør for regionen ikkje treng vere meir enn knappe 5000. Vi meiner det ikkje vil vere noko problem å få tilstrekkeleg med pasientar frå Åsane og andre omliggande distrikt til å dekkje opp kapasiten ved ein poliklinikk i regionen. Regionrådet undrast elles over at kostnaden med bompengar over Nordhordlandsbrua ("fra Bergen til Lindås") vert trekt fram som ein negativ faktor ved ei lokalisering av eit spesialistsenter i regionen. Det skulle nærast ikkje vere naudsynt å peike på at nordhordlendingane og må betale bompengar når dei t.d. skal til Bergen. Det vil no elles vår påstand at ein poliklinikk i Nordhordland vil verte så attraktiv for pasientar som kjem frå Åsane eller t.d. Osterøy at bompengekostnaden vil vere ein heilt marginal beslutningsfaktor når ein skal velje kor ein skal søkje spesialistlege-tenester. 4/98 Om refusjon av kostnader i samband med snøggbåtstoppen i Austrheim. Regionrådet viser til saksførelegg og vedtak i regionrådsak 49/93 om finansieringa av drifta av stoppestad på Fonnes og til skriv frå Austrheim kommune datert 14.11.97. Regionrådet ser på hurtigbåtstoppen på Fonnes som eit viktig regionalt tiltak og finn å kunne løyve halvparten av den omsøkte summen frå Austrheim kommune - det vil seie samla kr. 16.700,- - til delvis dekking av driftskostnader påløpt i 1994 og 1995. Saka er med dette avslutta frå Regionrådet si side. 5/98 Innbyding til deltaking i Stiftinga Vestnorsk utvandringssenter. Regionrådet for Nordhordland og Gulen er på det næraste ein "paraplyorganisasjon" for kommunane i regionen og finn det ikkje rett å gå inn som direkte part ved stiftinga av nye organisasjonar. Regionrådet vil såleis, på prinsippielt grunnlag, takke nei til å delta i skipinga av Stiftinga Vestnorsk utvandringssenter. 6/98 Invitasjon til deltaking i prosjektet "Entreprenørskap i opplæring og utdanning 1998 - 1999. Regionrådet ser positivt på det omsøkte tiltaket og ber om at saka vert førebudd for Det utvida næringsutvalet og eventuelt og Næringsutvalet. 7/98 Meldingar og eventuelt. Følgjande saker vart teke til orientering: - Evalueringsrapport om bedriftsretta omstillingsmidlar. - Vedk. Vestprosess - brev til statsråd Marit Arnstad. - Brev til fylkeskommen vedk. spesialistlegedekning i Nhl. - Brev vedk. høyringa om Nordhordlandsbrua. Regionrådet takker ja til å vere medarrangør for eit møte i Gulen om landbruk - og distriktpolitikk. Fellesmøte vedk. tiltak 6.1 i Strategisk næringsplan - Om plan- og bygn.loven vert arrangert i samband med regionrådsmøte måndag 23. mars. Som Regionrådet sine representantar i møte med Stortinget sin Kontroll- og Konstitusjons-komite 10. februar d.å. vart valt: Atle Kålås, Harry Wiig-Andersen og Eilif M. Berntsen. Dato for neste regionrådsmøte er sett til måndag 23. mars 1998. Ole Lysø Eilif M. Berntsen Møteboka vert sendt til: Ordførarane Rådmennene Fylkesmannen Hordaland fylkeskommune - fylkesrådmannen, Avdeling for regional utvikling Lokalavisene NRK Hordaland |