|
|
e. 06.10.04 | MØTEPROTOKOLL REGIONRÅDET FOR NORDHORDLAND OG GULEN Dato: 23. mars 1998. Møtestad: Smiths Pensjonat, Manger Tilstades:
Ordførar Ole Lysø, ordførar Olav Steinar Namtvedt, ordførar Arne I. Sakstad, ordførar Kjell Løvik, ordførar Vilgerd Storset Husa og ordførar Atle Kålås(sak 12/98), Sak 8/98 Konstituering.Ordførar Ole Lysø og ordførar Ola Byrknes vart attvalt som høvesvis leiar og nestleiar for Regionrådet. Sak 9/98 Om utviklinga av hummernæringa. Uttale.Regionrådet for Nordhordland og Gulen er kjent med at ein i fleire år har arbeidd med å få fram ein effektiv og kommersielt lønsam produksjon av hummaryngel. Regionrådet for Nordhordland og Gulen ber om at Fiskeridepartementet gjer sitt til at dei ulike organisatoriske og juridiske tilhøva omkring ei vidare utvikling av hummarnæringa kan finne si løysing snarast, og såleis bidra til at dette verkeleg kan verte eit nytt sastsingsområde for kystbefolkningen. Sak 10/98 Regional komite for Kulturformidlinga Håkon den Gode.Regionrådet rår til at dei sju kommune i regionen vert representerte i komiteen med eit medlem kvar. Prosjektleiar Ragnhild Randal tek kontakt med ordførarane for å finne fram til medlemer frå dei einskilde kommunane. Sak 11/98 Meldingar og eventuelt.- Regional kulturkoordinator - skriv frå Reiselivlaget.
Sak 12/98 Orientering om tiltak 6.1. "Samarbeid om ei effektiv og einsarta forvaltning av plan- og bygningslova."Saka vart teke til orientering. Møtelyden gav likevel uttrykk for at av dei tre aktuelle modellane for utprøving i prosjektet av ei felles tenesteyting, så verka modell 1. "Nettverk av kompetansepersonell" å vere den mest relevante for regionen.
Sak 13/98 Vedk. tverretatleg utviklingsprosjekt i samband med etableringa av BUP i Nordhordland.Regionrådet for Nordhordland og Gulen viser til søknad til Hordaland fylkeskommune om midlar til utviklingsprosjekt i Nordhordland i samband med etablering av barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk i regionen. Regionrådet finn prosjektet særs relevant og vil sjå det som interessant å fungere som referansegruppe for tiltaket. Merk!! Neste møte i Regionrådet er sett til fredag 8. mai 1998.Ole Lysø Eilif M. Berntsen Møteboka vert sendt til: Ordførarane Rådmennene Fylkesmannen Hordaland fylkeskommune - fylkesrådmannen, Avdeling for regional utvikling Lokalavisene NRK Hordaland |