|
|
e. 06.10.04 | REGIONRÅDET FOR NORDHORDLAND OG GULEN
Møtestad: Dyrkolbotn Leirskole.
Tilstades: Frå Administrasjonen. Eilif M. Berntsen Elles møtte prosjektleiar Ragnhild Randal og områderektor Sigmund Maraas i samband med høvesvis sak 14/98 og sak 15/98. Sak 14/98 Orientering om Kystsogevekene 1998 og gjeremål for dei regional komiteane.
Prosjektleiar Ragnhild Randal orienterte om framdriften i arbeidet med Kystsogevekene for 1998, om kva for rolle det regionale nivået ville ha og om arbeidet med den sentrale organiseringa av prosjektet. Ho peika på at den regionale annonseringa av Kystsogeveka i Nordhordland/Gulen ville koste omlag kr. 24.000 + mva., og ba om at ein regionalt vurderte korleis ein skulle kunne finansiere ei slik marknadsføring. Ragnhild Randal meinte elles at det i noverande situasjon kunne vere teneleg å nytte Regionrådet som ein regional "komite" og samtalepartnar, noko rådet samtykte til. Når det gjaldt framtidig organisering av hovedprosjektet rådde Regionrådet til at prosjekt- styret vurderte å etablere tiltaket som ei stifting kor kommunane representerte det lokale/regionale nivået og deltok med ei avgrensa stiftingskapital, men at ein gjerne kunne nytte regionråda i samband med t.d. val av representantar til dei styrande organa i stiftinga. Sak 15/98 Orientering om regional organisering og om ymse utdanningstilbod knytta til Folkeuniversitetet Hordaland. Sigmund Maraas orienterte om Folkeuniversitet, om arbeidet med fusjon av friundervisnings- organisasjonane i Nordhordland til eit felles "Friundervisninga i Nordhordland" og om spesifikke utdanningstilbod som vert presenterte i år. Studieforbundet Folkeuniversitetet markerer i år 50-års innsats for vaksenopplæring og folkeleg kulturarbeid og Maraas spurde om det kunne vere interessant for kommunane å delta i ei slik markering. Sak 16/98 Framlegg til Årsmelding for Regionrådet. Regionrådet godkjenner framlegg til Årsmelding for 1997.
Sak 17/98 Framlegg til rekneskap for 1998 for Regionrådet. Regionrådet godkjenner framlegg til rekneskap for 1997, inklusiv slik disponering av året resultat: Avsett til data- og teleutstyr: kr. 50.000,- - avsett til eigenkapital: kr. 30.534,90. Sak 18/98 Om St prp nr 54 1997-98 "Grønne skatter" og raffineriet på Mongstad. Regionrådet gjorde vedtak om å sende følgjande uttale til Stortinget: Utbygginga av raffineriet på Mongstad var eit nasjonalt løft i byrjinga på 1970-talet for å bidra til snunad av ein særs negativ utviklingstrend for busetnaden og sysselsettinga i Nordhordland. I dag er det omlag 700 personar sysselsette på raffineriet. Dersom vi rekner med innleigd arbeidskraft innan vedlikehald og prosjektarbeid, samt effekten av lokale bedrifts-innkjøp og ringverknader knytta til lokalt generert kjøpekraft, kan vi rekne at Statoil Mongstad er basis for omlag 2000 arbeidsplassar i Nordhordlandregionen - noko som svarer til 15% av sysselsettinga i distriktet! Dette er arbeidsplassar som Nordhordland treng. Vi må ikkje stelle oss slik nasjonalt at vi misser desse arbeidsplassane i konkurranse med utanlandske raffineri med langt dårlegare utgangspunkt med omsyn til miljø og produktkvalitetar. Regionrådet er sjølvsagt samd i at alle prosessverksemder må bidra til at utsleppa av klimagasser vert reduserte. Det er likevel vår meining at ei einsidig norsk CO2-avgift vil vere øydeleggjande for økonomien på t.d. Statoil Mongstad og såleis heller medverke til å avgrense det høvet bedriften vil ha til å gjennomføre aktuelle og naudsynte miljøtiltak. Sak 19/98 Om regional kulturkoordinator. Regionrådet vil ikkje, på det noverande tidspunkt, fremje forslag om etablering av ei regional stilling som kulturkoordinator. Sak 20/98 Om regional legevaktordning. Regionrådet for Nordhordland og Gulen rår til at det vert sett ned ei styringsgruppe som skal vurdere etableringa av eit regionalt legevaktsamarbeid, slik det går fram av saksførelegget. Sak 21/98 Meldingar og eventuelt. - Forslag til rammer for samarbeidsavtale og finansiering av regionale tiltakskontor i Hordaland. Regionrådet tek saka til orientering. - Lokalisering av statlege finansinstitusjonar. Ordføraren i Bergen har kontakta kommunane i fylket m.o.t. spørsmålet om lokalisering av statlege finansinstitusjonar. Regionrådet ønskjer å gje si støtte til utspelet frå Bergen og gjorde slikt vedtak: "Regionrådet for Nordhordland og Gulen viser til ordføraren i Bergen sitt brev av 20.03.98 til Kommunal- og regionaldepartementet om lokalisering av statlege finansinstitusjonar. Regionrådet gjev si fulle støtte til innhaldet i brevet". Sak 22/98 Medlem i styringsgruppa for prosjektet: Kompetanseheving og utdanning innanfor olje- og gassrelatert prosessinustri. Som Regionrådet sitt medlem i styringsgruppa vert valt: Ole Lysø. Obs! Neste møte i Regionrådet er sett til onsdag 24. juni 1998.
Ole Lysø Eilif M. Berntsen
|