Hit Counter

e. 06.10.04


MØTEPROTOKOLL

REGIONRÅDET FOR NORDHORDLAND OG GULEN

Dato: 24. juni 1998.

Møtestad: Troja Modalen, Mo.

Tilstades:

ordførar Ole Lysø

ordførar Olav Steinar Namtvedt

ordførar Arne I. Sakstad

ordførar Atle Kålås

ordførar Vilgerd Storset Husa

varaordførar Helge Haukeland

varaordførar Kari Nygard

 

rådmann Helge Thorsen

frå administrasjonen: Eilif M. Berntsen og Jostein Skråmestø

Sak 23/98 Budsjett 1999 for Regionrådet for Nordhordland og Gulen.

Framlegg til budsjett for 1999 for Regionrådet for Nordhordland og Gulen vart vedteke.

Sak 24/98 Om regional miljøkonferanse.

Regionrådet viser til at den regionale miljøkonferansen i vår vart utsett avdi det vart vurdert at det var for få påmelde til konferansen. Regionrådet ser det slik at tidspunktet for konferansen kan ha noko av skulda for at oppslutninga ikkje vart større.

Regionrådet rår til at ein prøver å arrangere miljøkonferansen i haust, gjerne i byrjinga av oktober,og at ein om mogeleg avgrenser konferansen til ein dag.

Sak 25/98 Kostnader i samband med landbruksministeren si gjesting i Gulen.

Regionrådet for Nordhordland og Gulen løyver kr. 2.936,- til delvis dekking av serveringskostnader i samband med arrangementet i Gulen 21.04.98. Summen hentast frå konto nr. 771000 Utgifter til disp. for rådet.

Sak 26/98 Skriv frå Jostein Vike om "Nordhordlandsbrua og Stortinget".

Regionrådet ber om at saka vert drøfta med fylkeskommunen og at ho deretter vert lagt fram på eit nytt møte i rådet.

Sak 27/98 Om arbeidet med interkommunalt legevaktsamarbeid.

Regionrådet for Nordhordland og Gulen samtykker til at det vert nytta inntil kr. 30.000,- til utgreiingsarbeid i samband med vurderingar av den regionale legevaktordninga.

Sak 28/98 Om interkommunalt brannvernsamarbeid.

Regionrådet viser til at Lindås kommune er utpeika som vertskommune for det planlagde tiltaket om ei brannførebyggjande avdeling i regionen.

Regionrådet ber difor om at Lindås kommune tar kontakt med dei andre interesserte kommunane med sikte på å få til ei snarleg realisering av fellestiltaket.

Sak 29/98 Meldingar og eventuelt.

Følgjande saker vert teke til orientering:

- Skriv frå LO i Nordhordland om "Ringveg i Nordhordland og veg/tunnel Klauvaneset - Nyborg i Åsane".

- Skriv frå ordføraren i Radøy vedk. løyvinga til det sekundære riksvegnettet.

Regionrådet ønskjer å komme attende til regionale samferslespørsmål til hausten og m.a. invitere Vegsjefen i Hordaland og Samferdslesjefen i fylkeskommunen til å komme på eit regionrådsmøte og orientere om samfersleplanarbeidet i fylket.

Neste møte i Regionrådet er sett til fredag 25. september. Møtestad: Austrheim.

 

Ole Lysø
formann

Eilif M. Berntsen




Møteboka vert sendt til:
Ordførarane
Rådmennene
Fylkesmannen
Hordaland fylkeskommune
- fylkesrådmannen, Avdeling for regional utvikling
Lokalavisene
NRK Hordaland