|
|
e. 06.10.04 |
MØTEPROTOKOLL
REGIONRÅDET FOR NORDHORDLAND OG GULEN Dato: 2. november 1998.
Møtestad: Alver Hotel. Tilstades: ordførar Ole Lysø ordførar Olav Steinar Namtvedt ordførar Arne I. Sakstad ordførar Vilgerd Storset Husa ordførar Kjell Løvik frå administrasjonen: Eilif M. Berntsen representantar frå KLP (sak 39/98): Nina Broch Mathisen, Rune Trones, Jarle Laastad. Sak 36/98 Regionrådet sitt medlem i styret for Stiftinga Lyngheisenteret. Ordførarar Olav Steinar Namtvedt vert valt som Regionrådet sin representant i styret for stiftinga Lyngheisenteret for resten av valbolken for ordførarane. Administrasjonen vert beden om å førebu ei sak om Regonrådet si deltaking i stiftinga i høve til vedtak gjort i regionrådssak 5/98. Sak 37/98 Skriv frå Radøy kommune vedk. interkommunale tiltak. Regionrådet ber administrasjonen om å utarbeide eit notat som syner budsjettutviklinga og budsjetteringsrutinane hjå dei aktuelle interkommunale tiltaka. Utgreiinga skal leggjast fram som sak for rådet våren 1999. Sak 38/98 Meldingar og eventuelt. - Skriv frå Nordhordland Interkommunale Barnevernteam - vedk. avslag frå fylkeskommunen på søknad om midlar til utviklingsprosjektet i regi av NIB. Saka vart teke til orientering. - Det vart orientert om at fylkeskommunen planlegg å flytta PPT for dei vidaregåande skulane i Nordhordland og Oppfølgingstenesta i regionen til eit felleskontor i Åsane. Desse tenestene leiger i dag kontor hjå PPT i Knarvik. Administrasjonen vart beden om å vurdere saka. - Melding om utgreiingsarbeidet om ei eventuell regional legevaktordning. Saka vart teke til orientering. Sak 39/98 Orientering vedk. KLP. Saka vart teke til orientering. Vi minner om neste regionrådsmøte som vert fredag 4. desember 1998. Ole Lysø
formann Eilif M.Berntsen
Møteboka vert sendt til: Ordførarane Rådmennene Fylkesmannen Hordaland fylkeskommune - fylkesrådmannen, Avdeling for regional utvikling Lokalavisene NRK Hordaland TV Hordaland |