Dato: 4. desember 1998.
Møtestad: Alver Hotel.
Tilstades:
ordførar Ole Lysø
ordførar Olav Steinar Namtvedt (sak 40 - 44)
ordførar Arne I. Sakstad
ordførar Vilgerd Storset Husa
ordførar Kjell Løvik
ordførar Erling Raknes (sak 40 - 44)
varaorførar Karl Johan Olsen
Asbjørn Lihaug, Gulen
frå administrasjonen: Eilif M. Berntsen
elles møtte: Tore Jensen og Torbjørn Trageton (sak 40/98), Ragnhild
Randal (sak 44/98) og Trygve Ellingsen og Oddfrid Hole (sak 45/98).
40/98 Orientering om prosjekt 6.1 "Samarbeid om ei effektiv og einsarta forvaltning av Plan- og bygningslova.
Saka vart teke til orientering.
41/98 Lokal Agenda 21 for Nordhordland og Gulen inn i år 2000.
Fredrikstaderklæringa vart lagt fram under den regionale miljøkonferansen for Nordhordland og Gulen 6. oktober 1998. Målet for erklæringa er ei samfunnsutvikling som sikrar livskvalitet og livsgrunnlag både i dag og for komande generasjonar. Vidare er det ei målsetjing at aktivitetane i våre lokalsamfunn skjer innanfor bereevna til naturen både lokalt og globalt, og at vi difor ønskjer å redusera ressursforbruket og miljøpåkjenningane.
Regionrådet for Nordhordland og Gulen sluttar seg til Fredrikstaderklæringa om kommunane, fylkeskommunane og organisasjonane sitt ansvar for å bidra til ei berekraftig samfunnsutvikling
Regionrådet oversender med dette Fredrikstaderklæringa til sine medlemskommunar med oppfordring til, gjennom politiske prosessar, å slutta seg til og følgja opp intensjonane i erklæringa. Regionrådet vil på si side støtta aktivt opp om det arbeidet som skal skje.
42/98 Uttale til Strategisk reiselivsplan for Nordhordland 1998 - 2002.
Regionrådet tek administrasjonen sine merknader til reiselivsplanen til orientering.
43/98 Meldingar og eventuelt.
Følgjande saker vart teke til orientering:
- Brev til fylkeskommunen vedk. lokalisering av den fylkeskommunale
OT/PP-tenesta.
- Om arbeidplan/strategiplan for næringsretta aktivitet ved Regionrådet sitt kontor og om utkast til samarbeidsavtale med fylkeskommunen - saker til regionrådsmøte i januar 1999.
- "Økonomisk forum for Bergen og omland" - dagleg leiar er invitert til møta.
- Frå Årås Sanitetsforening - om regionalt beredskapsmøte 3. februar 1999.
- Sak frå Regionrådet Bergen og omland - om gebyr for bruk av piggdekk.
- Kjell Løvik opplyste at Sløvågprosjektet no synast å "vere i hamn" og at
ny-vegen i Stordalen var ferdig utbygd.
44/98 Orientering om vidare drift av prosjektet Kulturformidlinga Håkon
den Gode.
Saka vart teke til orientering.
45/98 Framhald av NELL-prosjektet.
Regionrådet for Nordhordland og Gulen slutter seg til arbeidet med å få til eit framhald i NELL-prosjektet slik dette er forma i søknad frå Opplæringskontoret for Nordhordland og NGKO til Hordaland fylkeskommune-SNP.
Under følgjande føresetnader kan Regionrådet stå ansvarleg for gjennomføringa av dette tiltaket:
-prosjektet vert delfinansiert frå SNP-Hordaland slik det går fram av søknaden.
-det vert etablert ei avtale mellom Regionrådet, Opplæringskontoret for Nordhordland og evnt. vertskommunen om drifta av prosjektet.
- Kommunane i regionen slutter seg til at medlemstilskottet i NGKO for dei to neste åra - kr. 50.000 pr. år - vert overført til prosjektet.
Saka vert lagt fram til ny handsaming på Regionrådet sitt møte 15. januar 1999 kor ein m.a. tek stilling til samarbeidsavtale og etablering av styringsorgan.
Vi minner om neste regionrådsmøte som vert fredag 15. januar 1999.