|
|
e. 06.10.04 |
MØTEPROTOKOLL
REGIONRÅDET FOR NORDHORDLAND OG GULEN Dato: 15. januar 1999.
Møtestad: Regionrådet sitt kontor, Knarvik. Tilstades: ordførar Ole Lysø ordførar Olav Steinar Namtvedt ordførar Arne I. Sakstad ordførar Vilgerd Storset Husa ordførar Ola Byrknes varaorførar Karl Johan Olsen rådmann Asbjørn Brandtun rådmann Helge Thorsen rådmann Vidar Bråthen rådmann Jan Olav Osen rådmann Lovisa Midtbø frå administrasjonen: Eilif M. Berntsen Sak 1/99 Samarbeidsavtale. Regionrådet godkjenner vedlagte utkast til samarbeidsavtale for 1999 mellom Hordaland fylkeskommune v/Seksjon for næring- og arbeid og Regionrådet for Nordhordland og Gulen. Sak 2/99 Arbeidsplan - næringsretta aktivitet ved Regionrådet - 1999. Regionrådet godkjenner vedlagte arbeidsplan som retningsgjevande for den næringsretta aktiviteten ved Regionrådet i 1999. Sak 3/99 Om Nordhordlandsbrua. Regionrådet viser til skriv frå fylkesrådmannen kor han ikkje finn å ville tilrå at fylkeskommunen tek del i eit utgreiingsprosjekt om Nordhordlandsbrua. På bakgrunn av dette kan ikkje Regionrådet sjå at det er grunnlag for å gå vidare med saka. Sak 4/99 Nettverk for livslang læring - Nordhordland. Regionrådet for Nordhordland og Gulen tek på seg ansvaret med gjennomføringa av prosjektet Nettverk for livslang næring - Nordhordland - NELL-2 slik dette er omtala i saksførelegget og i søknad frå NGKO/Opplæringskontoret for Nordhordland. Varaordførar Karl Johan Olsen og skulesjef Trygve Ellingsen vert oppnemnde som Regionrådet sine medlem i prosjektstyret. Sak 5/99 Meldingar. - Omtale av arbeidet med å få etablert eit lokalt ressurssenter (næringshage) i Nordhordland - saka vart teke til orientering. Sak 6/99 Interkommunal legevaktordning. Saka vert teke til orientering. Sak 7/99 Etablering av prosjektgruppe for prosjekt 3.2. i SNP- Nordhordland. Regionrådet for Nordhordland og Gulen rår til at det vert etablert ei prosjektgruppe for prosjekt 3.2 i SNP-Nordhordland - høvesvis prosjekt 4.13 i SNP-Hordaland - med ei slik samansetting: - 2 representantar frå Høgskolen i Bergen - 2 representantar frå Universitetet i Bergen - 1 representant frå Hordaland fylkeskommune - 1 representant frå Regionrådet - 1 representant frå oljeselskapa Som Regionrådet sitt medlem i gruppa vert valt ordførar Ole Lysø. Vi minner om neste regionrådsmøte som vert fredag 26. februar 1999. Ole Lysø
formann Eilif M.Berntsen
Møteboka vert sendt til: Ordførarane Rådmennene Fylkesmannen Hordaland fylkeskommune, - fylkesrådmannen, -Avdeling for regional utvikling Lokalavisene NRK Hordaland / TV Hordaland |