Hit Counter

e. 06.10.04

 

 

MØTEPROTOKOLL

REGIONRÅDET FOR NORDHORDLAND OG GULEN

Dato/stad: 25. juni 1999 - Stordalen.

Tilstades: Ordførar Ole Lysø, varaordførar Jostein Dale, varaordførar Helge Haukeland og ordførar Erling Raknes.

I samband med sak 17/99 møtte politimester Einar Drægebø og lensmann Magnus Stub Nilsen.

Konsulent Einar Gilberg frå fylkeskommunen møtte ved handsaminga av sak 24/99 og styreformann Aud-May Hundvin og dagleg leiar Bjørn Kvalø orienterte i samband med sak 25/99.

Frå administrasjonen møtte Jostein Skråmestø og Eilif M. Berntsen.

 

Sak 17/99 Utsett sak - orientering om beredskap og førebyggjande kriminalitetsarbeid.

Politimester Drægebø orienterte om Hordaland politidistrikt, om dei politimessige utfordringane i Nordhorland og pågåande og aktuelt samarbeid med kommunane.

Sak 20/99 Budsjett for 2000 for Regionrådet for Nordhordland og Gulen.

Framlegg til budsjett for 2000 for Regionrådet for Nordhordland og Gulen vart vedteke.

Sak 21/99 Revisjon av signallova. Framlegg til høyringsuttale frå Regionrådet.

Framlegg til høyringsuttale vart vedteke og vert send til Miljøverndepartementet.

Sak 22/99 Om felles legevaktordning.

Regionrådet slutter seg til dei tilrådde endringane for styring av vidare utgreiingsarbeid om dei regionale legevaktordningane - slik desse er omtala i saksframlegget frå administrasjonen.

Sak 23/99 Meldingar.

Følgjande saker vart teke til orientering:

- Kurs/konferanse om selskapslova.

- Geodataplan for Nordhordland og Gulen.

- Om stiftinga av eit regonalt selskap for innkjøp og logistikk.

- Om arbeidet med å få etablert ein "Næringshage" i regionen.

- I samband med at prosjektleiaren i NELL-prosjektet går over i ei ny stilling gjev Regionrådet ei gruppe samansett av leiar i styringsgruppa Trygve Ellingsen, Ruth Ørnholt frå Hordaland Fylkesbibliotek og dagleg leiar Eilif M. Berntsen høve til å tilsette ny prosjektleiar.

 

Sak 24/99 Orientering om arbeidet med revisjon av SNP - Hordaland.

Saka vart teke til orientering.

Sak 25/99 Orientering om kva Knarvik Industrier kan bidra med i samband med tilrettelegging av arbeid for psykiatriske pasientar.

Saka vart teke til orientering.

 

Obs! Neste møte i Regionrådet vert 26 og 27 august. Møte vert halde på Voss.

 

Ole Lysø

formann

 

 

Eilif M.Berntsen

 

 

 

Møteboka vert sendt til:

Ordførarane

Rådmennene

Fylkesmannen

Hordaland fylkeskommune: fylkesrådmannen, -Avdeling for regional utvikling

Lokalavisene

NRK Hordaland

TV Hordaland