Hit Counter

e. 06.10.04

 

MØTEPROTOKOLL

REGIONRÅDET FOR NORDHORDLAND OG GULEN

 

 

Dato: 17. desember 1999

Møtestad: Smiths Pensjonat, Manger

Tilstades: ordførar Olav Steinar Namtvedt,

ordførar Odd Tøsdal,

ordførar Vilgerd Storset Husa,

ordførar Rolf Sandstad,

ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik,

rådmann Henrik Flatøy,

rådmann Vidar Bråthen,

kontorsjef Leif Taule

frå administrasjonen: Jostein Skråmestø og Eilif M. Berntsen

I samband med sak 37/99 møtte styreleiar Geir Styve og reiselivssjef Kari Natland, ved handsaminga av sak 38/99 møtte direktør Nils Bjørn Jordal og informasjonsleiar Kåre Ness og ved sak 39/99 møtte sosialleiarane Hildegunn Hove og Bjørn Are Lien.

 Sak 37/99 Om Nordhordland Reiselivslag.

Saka vart teke til orientering.

 

Sak 38/99 Om Statoil - mogelege endringar i selskapet gjennom (del-)privatisering og overtaking av SDØE andelar.

Saka vart teke til orientering.

 

Sak 39/99 Om "sosialtenesta i Nordhordland" - om programmet "Kunnskap og brubygging".

Saka vart teke til orientering.

 

Sak 40/99 Representasjon i styre, råd og utval.

Styret for stiftinga Lyngheisenteret:

Ordførar Olav Steinar Namtvedt vert valt som Regionrådet sin representant i stiftinga.

Styret for stiftinga Kystsogevekene.

- Regionrådet rår til at ordførar Vilgerd Storset Husa vert valt til distriktet sin representant i styret for stiftinga.

Prosjektstyret - Nettverk for livslang læring.

Regionrådet rår til at noverande representantar for rådet (jfr. sak 4/99) deltek i styret i resten av prosjekttida.

Referansegruppe - prosjektet: Kartlegging av ungdomane sine utdanningsval, lokale utdanningstilbod og lokalt næringsliv sin trong for arbeidskraft.

Som Regionrådet sin representant i referansegruppa vert valt ordførar Odd Tøsdal.

 

Sak 41/99 Åsane Nord - E 39 Midtbygda - Nordhordlandsbrua. Konsekvensutgreiing og kommunedelplan.

Vedtak:

Regionrådet for Nordhordland og Gulen viser til at KU og kommunedelplan for Åsane Nord - E 39 Midtbygda - Nordhordlandsbrua er sendt til høyring til samtlege Nordhordlands- kommunar.

Regionrådet for Nordhordland og Gulen (tidlegare Nordhordland Tiltakskontor) har i meir enn tretti år vore ein vesentleg pådrivar med omsyn til å få realisert brua over Salhus-fjorden og er naturleg nok og oppteken av at det må etablerast eit godt og funksjonelt vegnett på begge sider av Nordhordlandsbrua.

Både for einskildpersonar og for næringslivet i Nordhordland er det viktig å få bygd ein god, miljøvenleg og trafikksikker veg som gjer at ein kan reise trygt og rask mellom distriktet og Bergen. Fleire av dei vestre traséalternativa, som vil gje ein monaleg kortare veg mellom brua og Nyborg enn dei austre alternativa, synast å stetta desse ønskja.

Regionrådet sluttar seg til Vegsjefen si tilråding om at alternativ D vert valt som ny trasé for E 39. Dette er ein vegkorridor som klårt vil kunne tene vårt distriktet godt.

 

Sak 42/99 Meldingar og eventuelt.

Sak teke til orientering:

- Skriv frå Osterøy kommune vedk. "Auka arbeidsgjevaravgift, kompensasjon til kommunane, kartlegging av kompensasjonstiltak for næringslivet.

Det vart vedteke slik møteplan for Regionrådet for våren 2000:

- fredag 28. januar - Austrheim

- fredag 10. mars

- fredag 5. mai

- fredag 16. juni

 

Olav Steinar Namtvedt

rådsleiar

  

Eilif M. Berntsen

 

 

Møteboka vert sendt til:

Ordførarane

Rådmennene

Fylkesmannen

Hordaland fylkeskommune: fylkesrådmannen, -Avdeling for regional utvikling

Lokalavisene

NRK Hordaland

TV Hordaland