Heim ] Kompensasjonsfond ] Nytt ] Strategisk Næringsplan ] Informasjon ] Nh. Reiselivslag ] Kommunane ] Lenker ]

Opp

   

Hit Counter

e. 06.10.04

 

Årsmelding 2000.

 

Regionrådet for Nordhordland og Gulen vart skipa i oktober 1987.

Rådet har følgjande medlemskommunar: Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland og Radøy. Modalen og Osterøy er assosierte medlemer til rådet.

Regionrådet tok frå og med 1995 over funksjonane til Nordhordland Tiltakskontor. Noverande vedtekter for rådet vart samrøystes tilrådd i Regionrådet sitt møte 10.10.94 etter fleire høyringsrundar i kommunane.

Regionrådet:

Regionrådet består av ordførarane i medlemskommunane.

Rådsleiar: Ordførar Olav Steinar Namtvedt.

Nestleiar: Ordførar Odd Tøsdal.

Rådmennene har møterett i rådet og vert oppfordra til å ta del i møtene.

Næringsutvalet.

Under Regionrådet er det etablert eit næringsutval med særskilt ansvar for regionalt næringsretta arbeid.

Regionrådsleiaren (Olav Steinar Namtvedt) er i samsvar med statuttane formann i næringsutvalet. Andre medlemer valt av Regionrådet:

Odd Tøsdal  og Vilgerd Storset Husa

Medlemer valt av Regionrådet etter tilråding frå organisasjonane:

frå arbeidstakarane:                 frå arbeidsgjevarane:

Ole Lysø                                     Tor Iversen

Torill A. Hjertås                         Arnt Brandtun

Administrasjon:

Kontoret er bemanna med 3 personar, dagleg leiar Eilif M. Berntsen, sekretær Bjørg Rydland og næringskonsulent Jostein Skråmestø.

Kontoret har hatt tre prosjektstillingar:

Tor Arne Lunde har m.a. vore prosjektleiar for prosjektet "Etablering av Utviklingssenter for prosesskunnskap".

Kjersti Haugland er prosjektleiar for prosjekt " Nettverk for livslang læring" NELL.

Lillian Vabø Mongstad har vore prosjektleiar for tiltaket: "Ungdom, utdanning og arbeid". Frå 1. november 2000 er ho engasjert som næringskonsulent ved kontoret i samband med at Jostein Skråmestø har fått oppgåva med å vere sekretær for styret for Kompensasjonsfondet for auken i arbeidsgjevaravgifta.

Regionrådet si verksemd i 2000.

I tillegg til ordinært tiltaksarbeid, rettleiing, kontaktformidling og arbeid med saker for Regionrådet, har kontoret vore sekretariat for:  Nordhordland Handverk- og Industrilag, Mongstad Utviklingsselskap AS og ulike arbeidsutval og styringsgrupper.

Regionrådet har hatt 7 møte og 42 saker til handsaming i 2000.

Næringsutvalet har hatt 3 møte og løyvd kr. 348.500,- til ulike tiltak.

 

Næringsretta tiltaksarbeid.

Førespurnader om hjelp frå etablerarar og bedrifter auka monaleg i 2000 samanlikna med året før. Dette skuldast hovedsakleg at saksbehandlinga for kompensasjonsmidlane er lagt til Regionrådet sitt kontor. Vi har gjeve rettleiing til 112 etablerte bedrifter (56) og 95 nyetablerarar (70). (Tal for 1999 i parentes).

Fleire av etablerarane har hatt kontakt med kontoret 2 - 3 ganger. Dei fleste ber om rettleiing og økonomisk støtte til oppstart av eiga verksemd. For eksisterande bedrifter vil det ofte vera spørsmål om hjelp til finansiering av investeringar.

Etablerarprogrammet 2000.

Etablerarprogrammet omfatta også i år 2000; eit etablerarkurs, to etablerarsamlingar og tilbod om individuelle etablerarsamtalar.

Etablerarkurset på 30 timar vart gjennomført i perioden 08.09 – 30.10, det omfatta ei helgesamling fylgt opp med fire ettermiddag/kvelds-samlingar. 16 kursdeltakarar meldte seg til kurset, 11 kvinner og 5 menn i alderen frå 27 til 65 år. Geografisk fordelte deltakarane seg som fylgjer: 5 frå Lindås, 3 frå Meland, 2 frå Fedje, 2 frå Masfjorden, 1 frå Austrheim, 1 frå Gulen, 1 frå Radøy og 1 deltakar med buadresse Bergen.

Jostein Skråmestø og Lillian Vabø Mongstad var kursleiarar, dei hadde ansvar for framdrift og faglege innlegg knyta til fasane i prosessen som etablerarane skulle gjennom. I tillegg til eigne innlegg, nytta dei lokale ressurspersonar frå "hjelparnettverket" til å halda faginnlegg.

Kursdeltakarane kopla teorien til eiga etablering, og arbeidde med stoffet individuelt, i grupper og i plenum.

Etablerarsamlingane vart gjennomført 3. april og 27. november.

Vårsamlinga hadde forsikring som hovudtema. Av ulike grunnar møtte det berre 9 deltakarar til denne samlinga, men dei som møtte fekk mykje nyttig informasjon om forsikring for etablerarar og nystarta verksemder. Etter at hovudinnlegget var gjennomført var det god tid til dialog, slik fekk fleire av dei frammøtte individuelle råd og tips knyta til akkurat deira problemstillingar.

På samlinga i november sette me fokus på etablerarprosessen, ein prosess som kan ta tid. Temaet trekte 17 deltakarar, som bl.a. fekk med seg: Erfaringsinnlegg frå etablerarar, utveksling av erfaringar, tips om korleis ein kan gjennomføra marknadskartlegging og nytta den informasjon dette gjev.

Etablerarsamtalar

95 personar har hatt kontakt for etablerarsamtalar i år 2000. Geografisk fordeler dei seg på samtlege kommunar, men det er flest frå det geografiske nærområdet, altså Lindås og Meland. Nokre av "etablerarane" vart det nytta mykje tid på, medan andre berre har vore innom ein gang. Det er ikkje gjennomført noko registrering av kor mange av dei me har hatt kontakt med som har realisert ideane sine.

Nettverkskreditt.

Nettverkskreditt er eit tiltak i den Strategiske næringsplanen for Hordaland og eit satsingsområde for SND.

I Nordhordland er det så langt etablert ei nettverksgruppe. Gruppa starta opp i 1998 og er finansiert gjennom Strategisk næringsplan for Hordaland. Gruppa består av 5 kvinner som fungerer som eit bankstyre for ein lånekapital på kr. 200.000,-.

Regionrådet har hatt eit prosjektansvar i samband med oppstarten av gruppa og Rådet arbeider aktivt med å få etablert nye grupper.

Ovannemnde gruppe stod i år 2000 som arrangør for eit breitt opplagt "inspirasjonskurs" for kvinnelege etablerarar og næringsdrivande.

 

Kompensasjonsmidlane.

Midlar som kompensasjon for auke i arbeidsgjevaravgifta for næringslivet.

Dei fire kommunane Austrheim, Lindås, Meland og Radøy vart frå 1. januar 2000 flytta frå sone II til sone I med omsyn til abeidsgjevaravgifta.

Staten, ved Kommunal- og regionaldepartementet, løyvde til desse kommunane i 2000 16,1 mill. kr. som kompensasjon for avgiftsauka i næringslivet og har gjeve tilsegn om ein kompensasjonssum på 49,9 mill. kr. for år 2001.Det er von om at tilsvarande sum vert utbetalt i 2002 og 2003.

Midlane skal, etter retningsliner frå Stortinget, nyttast til kompetanseheving i næringslivet, til regionale utviklingstiltak og til infrastruktur - som lekk i eit arbeid med å gjere det lettare for næringslivet å kunne leva med ei høgare avgift.

Kommunestyra i dei fire kommunane har slutta seg til ei ordning med ei felles forvaltning av midlane. Pengane vert plassert i eit regionalt fond med eit fondstyre samansett av ni representantar. Fem medlemer kjem frå næringslivet - to valt av Nordhordland Handverk og Industrilag, ein frå handelsnæringa og to frå LO i Nordhordland - i tillegg deltek ordførarane frå dei fire kommunane. Regionrådet sitt kontor har det administrative ansvaret for ordninga.

Pr. 31.12.2000 har det vore løyvd kr. 781.000,- av midlane - til i alt 6 ulike tiltak.

 

 

Prosjektomtale.

Strategisk næringsplan for Nordhordland og Gulen.

Arbeidet med revisjon av den strategiske næringsplanen starta opp hausten 2000. Intensjonen er at det skal føreliggje ein ny strategiplan sommaren 2001. Det er meininga at planen skal vere med å danne grunnlag for bruk at midlar frå kompensasjonsfondet til "regionale utviklingstiltak".

Tiltaket "Tryggare styring" - Nordhordland Handverk- og Industrilag (NHIL).

Leiarnettverket har halde fram i år 2000 med ulike tema som: forsikringsordningar for næringslivet, mestring av stress, e-handel, internett, avtaler/kontrakter, konfliktløysing samt media. Omlag 20 bedriftsleiarar møtest fire gonger i året og utviklar eit godt nettverk både fagleg og sosialt.

Prosjekt " Nettverk for livslang læring" NELL

Hovudmålet for NELL er å lage modellar for samarbeid og koordinering av opplæring og utdanning av vaksne i regionen. Prosjektet har tre målgrupper, vaksne einskildpersonar, kommunalt tilsette og tilsette i næringslivet. Viktige premisser for arbeidet har vore ei vidare utvikling av biblioteka som tenestetorg for vaksne under opplæring og utdanning, samt vidare utvikling og drift av etablert kursdatabase.

Hovudaktivitetane i 2000 har i høve til dei ulike målgruppene vore følgjande:

Ulike kurs for bibliotektilsette, endring av opplegg og innhald i kursdatabasen som no er ein del av ein landsdekkjande base under namnet http://www.kursoversikt.no, samarbeid med Opplæringskontoret for Nordhordland om informasjon om vaksenopplæring generelt, og fagopplæring spesielt. Vidare har NELL saman med Nordhordland Handverk og Industrilag sitt utdanningsutval gjennomført eit pilotprosjekt der målet var å fokusere på temaet kompetanseheving slik at deltakande verksemder fekk eit grunnlag for vidare val og prioriteringar av opplæringstiltak. Prosjektet resulterte i at fire verksemder prioriterte fire ulike opplæringstiltak dei yngste samarbeide om. NELL har vidare prøvd ut ein samarbeidsmodell som hadde som mål å koordinere opplæring av tilsette i kommunane. Ved slikt samarbeid fekk kommunane reduserte kurskostnader. Det har likevel ikkje lukkast å ta denne modellen i bruk i stor grad. Det synes som om ulik organisering av arbeid med opplæringsspørsmål gjer at det til dels er opp til dei tilsette sjølv å ta initiativ til eventuelt interkommunalt samarbeid. Pleie- og omsorgsleiarane i kommunane er eit døme på ei arbeidstakargruppe som samarbeider godt om opplæringsspørsmål.

Grunna vakanse i prosjektleiarstillinga vil NELL halde fram sitt arbeid til 1.mars 01.

Kartleggingsprosjektet; "Ungdom, utdanning og arbeid"

Prosjektet vart starta opp 01.12.99 og vart avslutta 31.10.00. Prosjektleiar var tilsett i 3/5 stilling i 10 mnd. Samla prosjektkostnader var kr. 202.541,-, finansiert av: KRD (Statsb. Kap550 p.60) kr. 100.000, Regionrådet kr. 22.541, Austrheim kommune kr. 20.000, Fedje kommune kr. 20.000, Gulen kommune kr. 20.000 og Masfjorden kommune kr. 20.000.

Prosjektet retta seg fyrst og fremst mot kommunane Austrheim, Fedje, Gulen og Masfjorden. Og det var folketalsutviklinga med nedgang og skeiv fordeling i høve til alder og kjønn, som var bakgrunnen for at prosjektet vart sett i gang.

Prosjektoppgåva var omfattande, og kan delast inn i fire delar:

bulletKartlegging av ungdommane sine utdanningsval og framtidsplanar
bulletKartlegging av forventa utvikling på arbeidsmarknaden i nedslagsfeltet
bulletUtarbeida oversikt over utdanningstilboda i regionen
bulletOg tilrå tiltak for å snu den uheldige folketalsutviklinga

Resultat av kartlegginga:

Ungdomskartlegginga viste at om lag 50% av den samla ungdomsgruppa planlegg å ta høgare utdanning, meir enn 40% av ungdommane ynskjer å busetje seg i heimkommunen, og heile 70% av ungdommane kan tenkja seg å busetje seg i heimkommunen og ungdommane såg tilbodet i arbeidsmarknaden som den største hindringa for ei framtid i Nordhordland.

Kartlegginga av næringslivet, viste at det er innan offentleg sektor ein kan forventa den mest positive arbeidsmarknadsutviklinga, då særleg for arbeidskraft med høgare utdanning. Det private næringslivet vil fyrst og fremst ha faglært arbeidskraft.

Utdanningstilbodet i regionen er avgrensa, og kan med fordel byggjast opp på alle nivå.

Elles vil me visa til sluttrapporten Ungdom, utdanning og arbeid i Nordhordland og Gulen, som kan skaffast frå regionrådet (ein kan få den tilsendt elektronisk eller i papirutgåve).

Prosjekt: "Etablering av Utviklingssenter for prosesskunnskap"

Prosjekt "Etablering av Utviklingssenter for prosesskunnskap" er ei vidareføring av prosjektet "Kompetanseheving og utdanning innan fagområder tilpassa behovet for olje- og gassrelatert prosessindustri.".

I sist nemnde prosjekt vart det konkludert med at det i tillegg til innføring av nye studieplanar ved HiB og UiB og var trong for eit kompetansesenter som kunne tilby kurs og etter- og vidareutdanning innan prosessfaga.

Noverande prosjekt vil verte avslutta våren 2001 i samband med at det vert utarbeidd ein forretningsplan for eit slikt utviklingssenter.

To private verksemder har gjort vedtak om å skipa eit selskap som skal drive senteret. Selskapet vil få kontoradresse i Nordhordland. Det vert planlagt oppstart av kursverksemd hausten 2001.

Prosjekter knyta til utvikling i Mongstadområdet.

To prosjekt knyta til utviklinga på Mongstad starta opp i 2000. Det ein er ei forstudie som skal kartleggje grunnlaget for utvikling av ny næringsverksemd på Mongstad. Her er Hordaland Olje- og Gassenter prosjektansvarleg medan ABB Gas Technology AS har prosjektleiinga.

Lindås kommune står ansvarleg for eit prosjekt om klima og energitiltak i Mongstadområdet. Vestnorsk Plangruppe-Norconsult er engasjert som konsulent i prosjektet. Regionrådet deltek i den felles styringsgruppa for tiltaka og bidreg med faglege vurderingar.

Elles har prosjektleiar Tor Arne Lunde bistått privat verksemder i samband med utgreiingar om deira mogelege bruk av varmt vatn til oppdrettsverksemd på Mongstad.

 

Nye interkommunale ordningar.

Omtale av interkommunale ordningar som det har vore arbeidd med i 2000 og kor Regionrådet har vore trekt inn:

Legevaktordningar.

Radøy, Masfjorden og Lindås etablert frå årsskiftet 1999/2000 eit samarbeid om felles legevaktstasjon i helgene - som frå våren av vart utvida til kveld. Legevaktstasjonen er no utvida til og å dekkje natt, og denne nattfunksjonen har og Meland og Austrheim slutta seg til. Sambandsfunksjonen (legevaktsentral) er no lagt til legevaktstasjonen.

Heile ordninga vil verte evaluert innan 1. juni 2001.

Geodataplan.

Med utgangspunkt i prosjektet "Samarbeid om ei effektiv og einsarta forvaltning av Plan- og bygningslova" har det vore gjennomført eit arbeid med utvikling av ein felles geodataplan for regionen. Planen vil vere eit godt grunnlag for utarbeiding av geodataplanar i den einskilde kommune. Eit tilleggsprosjekt som er komme fram i samband med arbeidet med geodataprosjektet er det så kalla "Adresseprosjektet". Det vert no arbeid med å få finansiert eit større tiltak for å kunne etablere offisielle adresser for området frå Nordhordlandsbrua til Sognefjorden. Gjennomføringa av eit slikt felles adresseverk er kostnadsrekna til om lag 10. mill. kronar.

 

Konferansar.

Det har vore arrangert fleire konferansar og "utvida møte" i samband med dei ulike prosjekta som har vore gjennomført i Regionrådet sin regi.

I tillegg har Regionrådet og Hordaland Olje- og Gassenter stått som arrangør for ein konferanse på Alver Hotel 25. april om "Praktisk bruk av naturgass". På konferansen kom ein inn på korleis gassen kan nyttast som energikjelde i bustadhus, forretningsbygg og institusjonar - til industriell bruk og innan transport.

Messedeltaking.

Regionrådet har delteke på Bergen/Hordalandsstanden på offshoremessa ONS 2000 i Stavanger 22. - 25. august. Regionrådet sto for utforminga av den regionale standen og hadde finansiell støtte frå Statoil.

Vi opplevde at standen fekk ei fin utforming og at den samla Bergen/Hordalandstanden vart ein vellukka møteplass som gav grunnlag for mange kontaktar.

Når det gjaldt Nordhordlandsstanden så var vi særskilt tilfreds med at fem verksemder, i tillegg til Statoil og Regionrådet, valde å delta på messa - nemleg: Mongstad Elektro, Grieg Transport Mongstad, Mongstadbase, Vestec og Meland Golf.

 

Uttaler frå Regionrådet.

Regionrådet har gjeve felles uttale i fleire saker i 2000. Her følgjer i samandrag nokre av desse uttalene:

- Regionrådet for Nordhordland og Gulen ba i møte 28. januar 2000 om at vegsjefane i høvesvis Hordaland og Sogn og Fjordane arbeider for at det snarast vert sett inn ei ny og betre ferje på sambandet Leirvåg - Sløvåg.

Det vart vist til at noverande ferje var lite tenleg.

- På neste møte, 17. mars, drøfta Regionrådet eit framlegg om organisering av likningsforvaltninga. Regionrådet uttalte m.a. at ein "ser det som viktig for innbyggarane i våre kommunar at dei og i framtida har eit tilbod som gjev tilgang på tenester innan likningsforvaltninga frå sjølvstendig styrte kontor i eigen kommune og at ein i arbeidet med ny organisering bør vektlegge samarbeid mellom kontor over kommunegrensene".

- Regionrådet har ved ulike høve i året som gjekk drøfta forhold knyta til interkommunalt samarbeid. Nokre av drøftingane har hatt sin bakgrunn i notat frå tidlegare ordførar Jostein Vike kor han gjer framlegg om eit prosjekt om ei brei drøfting av den framtidige utviklinga og samarbeidet i Nordhordlandsregionen

- På møte i mai slutta Regionrådet seg til uttalen frå formannskapet i Fedje kor det vert peika på at ein ser det som viktig at norsk kvalfangst kan få del i verdifull handel av kvalprodukt ved at eksportforbodet vert oppheva.

- I påfølgjande møte i juni gav rådet ein uttale til framlegg til fylkesplan for Hordaland 2000 - 2003.

I høyringsuttalen peiker rådet m.a. på at ein i samband med olje- og gasspolitikken ikkje bør innføre regionale geografiske avgrensingar av den nasjonale miljøpolitikken.

Når det gjeld punktet i planen om senterutvikling ber rådet om at Knarvik vert teke med i dette programområde under omgrepet regionsenter på lik line med Stord, Voss og Odda og elles at Nordhordland vert definert som ein region i fylkesplansamanheng..

Regionrådet hadde og merknader til programområde om "Utbyggingsmønsteret i Bergensregionen" og meir generelt til omtale og framlegg i planen om arealdisponeringa i fylket. Det er rådet si meining at ein i fylkesplanen ikkje må låse seg til avgrensa definisjonar som kan føre til stengsel for ein naturlege arealbruk.

Også dei såkalla vekstkommunane i Bergensområdet har sine utkantar og det vil vere urett om ein ikkje skal ha høve til å gjennomføre ei meir sprett utbygging i desse områda. Såleis er det naturleg at det er ulikskap i arealbruken i randområda i høve til i dei sentrumsnære områda.

Rådet hadde og merknader til programområde om "Hordaland som eitt transportfylke".

Som i Regionrådet sin høyringsuttale til Nasjonal transportplan har ein også i denne uttalen valt å vektleggje nokre av tilhøva innafor vegsektoren.

Regionrådet har registrert at dei tilrådde statlege løyvingane til riksvegutbygging i dei næraste åra er dei lågaste som har vore på mange tiår og ber om at fylkeskommunen arbeider for at rammene vert auka monaleg. Regionrådet ber og om støtte til at fleire vegprosjekt kan delfinansierast med hjelp av bompengar.

Når det gjeld programområdet Om sjøtransport og regionalt oljevern i fylkesplanen, peiker Regionrådet på det arbeidet som ved fleire høve har vore gjort her lokalt for å få bygd ut beredskapen i Nordhordland.

Rådet viser til at omlag halvparten av all godstonnasje til/frå landet vårt går over eit område avgrensa mellom Bergen og Solund. I tillegg har dette området ein stor trafikk som går nord-sør langs kysten. Etter Regionrådet si meining bør det byggjast opp ein større oljevernbase i Fedje-Fensfjordbassenget.

Om programområde "Kunnskapsfylket Hordaland" uttaler Regionrådet at ein ser det som positivt at ein i fylkesplanen fokuserer på koplinga mellom næringsutvikling og kunnskap/kompetanse.

Når det gjeld dei vidaregåande skulane særskilt vil Regionrådet peike på to tilhøve:

Det eine er at studieretningar som Naturbruk (blå variant), Musikk dans og drama og Idrettsfag må verte vurdert innført ved skular i regionen, og det andre at dei fysiske fasilitetane på skulane må verte utbygd slik at dei stettar dagens krav til skulemiljø og arbeidsmiljø.

- På same møte uttalte Regionrådet seg og om trafikkstasjonen i Knarvik. Her peika rådet på ein var kjent med at det er starta opp eit organisasjonsarbeid i Staten Vegvesen med siktemål mellom anna å effektivisere administrasjonen.

Rådet uttalte at ein i denne samanheng såg det som viktig for regionen at den lokale produksjonsavdelinga i Knarvik vart oppretthalde, med minst same volum som i dag, slik at ein får til eit godt vedlikehald og ei gunstig utbygging av mindre parsellar basert på kunnskap og erfaring frå lokale tilhøve.

Elles sa rådet at ein meiner at det bør vurderast om ikkje trafikkstasjonen i Knarvik kan byggjast ut til å ta eit større volum enn i dag, både med omsyn til trafikantar og køyretøy, og såleis avlaste aktiviteten på hovedstasjonen i Fyllingsdalen. Ei slik avlasting vil kunne verte ei god løysing også for mange brukarar frå området Bergen-nord.

- Om prinsipp for utdeling nye oppdrettskonsesjonar for laks og aure 2001 kom Regionrådet med følgjande merknader på sitt møte i november:

Gjennom konsesjonsordninga bør søknader/konsept som er lokalt forankra og som kan gje grunnlag for råstoffleveransar til lokal industri gjevast høg prioritet.

Det bør formast ein konsesjonspolitikk som gjev ein variert og konkurransedyktig struktur i næringa. Auksjonsprinsippet bør ikkje nyttast ved tildelingane.

 

Om Nordhordland Handverk- og Industrilag.

Styret i laget har hatt 9 møter i 2000 og handsama 57 saker. Laget har hatt 1 medlemsmøte i 2000. Det meste av arbeidet i laget foregår gjennom næringsutvalet, utdanningsutvalet og kommunikasjonsutvalet.

 

Utviklinga i distriktet.

Folkesetnaden.

Den samla tilvekst i folketalet i regionen i 2000 var om lag 0,5% mot 0,2% året før.

Meland var den kommunen i regionen som hadde størst folketilvekst også i 2000 med heile 2,6%. Elles vart det for 2000 registrert netto utflytting frå samtlege kommunar i regionen med unntak av Meland og Fedje.

                    Endringane i folkemengda i 2000 er vist i påfølgjande tabell.

 

Folketal i kommunane pr. 01.01.01.

Fødselsoverskot

Netto flytting

Folketilvekst

Austrheim

2528

12

-11

1

Fedje

689

1

6

7

Lindås

12542

77

-27

50

Masfjorden

1762

-5

-7

-12

Meland

5498

53

92

145

Radøy

4573

8

-20

-12

Nordhordland

27592

146

33

179

Gulen

2473

-12

-4

-16

Regionen

30065

134

29

163

Osterøy

7064

45

13

58

Modalen

355

2

-1

1

Arbeidsplan - næringsutvikling.

Den lokale næringsutviklinga kan ikkje sjåast isolert, men vil i stor grad henge saman med dei internasjonale hovedtrendar som:

· Globalisering av økonomien

· IKT-revolusjon

· Fokus på miljøspørsmål.

· Alt endrast raskare

Desse makro-trendane vil og gjere seg gjeldande på lokalt nivå og føre til:

· Krav om auka effektivitet

· Utplassering av arbeidsoppgåver

· Større bruk av internasjonale marknader

· Auka kompetansekrav

· Krav til endra kompetanse

Kva for oppgåver skal Regionrådet fokusere på?

I samsvar til gjeldande strategiske næringsplan for Nordhordland og Gulen er måla for det regionale næringsarbeidet følgjande:

"Kommunane i regionen skal i fellesskap medverke til at det vert utvikla bedrifter med god lønsemd i regionen. Dette skal skje gjennom eit konstruktiv samarbeid med næringslivet, fylkeskommunen og statlege styresmakter".

Rådgjevings- og rettleiingsfunksjonen:

Regionrådet skal vere samtalepartner og rådgjevar for næringsaktørar i regionen, medverke ved utforming av forretningsidear og skal ha oversikt over rettleiingsapparat og støtteordningar.

Rådet skal medverke til ei god utvikling i bedriftene og skape gunstige vilkår for etablering av nye verksemder - her under legge særleg vekt på å nå fram med rettleiing til kvinnelege bedriftsleiarar og etablerarar.

Eigenkompetansen og kunnskapen i Regionrådet sin administrasjon innafor aktuelle fagområde skal utviklast vidare.

Regionrådet sin administrasjon skal til ei kvar tid ha naudsynt kapasitet til å kunne bistå personar/bedrifter som har trong for rettleiing. Her under ta eit ansvar for meir proaktiv rettleiing og elles vektlegging rettleiing innafor finansrelaterte og leiingsorienterte tenester.

Regionrådet skal medverke til gjennomføring av eitt etablerarkurs i løpet av året 2001.

Regionrådet skal samarbeide tett med kommunane og med andre offentlege organ på regions- og fylkesnivå i gjennomføringa av tiltak.

Prosjekt- og utviklingsarbeid.

Regionrådet vil ta initiativ til, samordne, og gjennomføre næringsutviklingsprosjekt i regionen. Dette arbeidet vil i stor grad ta utgangspunkt i den nye strategiske næringsplanen for regionen som er under utarbeiding.

Informasjonsarbeid og marknadsføring.

Regionrådet skal informere bedrifter og etablerarar innafor sitt geografiske område om relevant næringsutviklingsarbeid, kompetansetiltak og støtteordningar.

Regionrådet må m.a. ha ein fruktbar og nær kontakt med Europa-kontoret, med fylkeskommunen sin seksjon for næring og arbeid og med det regionale SND-kontoret.