|
|
e. 06.10.04 |
Regionrådet si verksemd i 2002. I tillegg til ordinært tiltaksarbeid, rettleiing, kontaktformidling og arbeid med saker for Regionrådet, har kontoret vore sekretariat for: Nordhordland Handverk- og Industrilag, Mongstad Utviklingsselskap AS og ulike arbeidsutval og styringsgrupper. Regionrådet har hatt 7 møte og 36 saker til handsaming i 2002. Næringsutvalet har hatt 2 møte og løyvd kr. 295.000,- til ulike tiltak.
Næringsretta verksemd Etablerarprogrammet 2002 Etablerarprogrammet har vore gjennomført i samsvar med opplegg for "Etablerarprogram 2002". Regionrådet for Nordhordland og Gulen har i 2002 arrangert eit etablerarkurs på 30 timar og to etablerarsamlingar med ulike tema. I programmet har ein vore i kontakt med i alt 86 etablerarar. Jostein Skråmestø, Kari Evensen Natland og Esther Varøy har vore kursleiarar for etablerarkurset og hatt ansvaret for den faglege gjennomføringa av både kurs og samlingar. Det har vore trekt inn andre fagpersonar innan ulike felt etter behov. Etablerarkurs 2002 17 deltakarar meldte seg på etablerarkurset som vart gjennomført i perioden 30.08.02 – 21.10.02. 15 deltakarar møtte på første samling, og alle 15 gjennomførte kurset. Det var i alt 5 samlingar der kursleiarane la fram relevant teori/informasjon som deltakarne knytte til eigen etablering i grupper og i plenum. Deltakarane arbeida også med stoffet individuelt, også mellom samlingane. Målet, som og vart oppnådd, var at alle deltakarane skulle ha ein ferdig forretningsplan før kurset vart avslutta. Kva konklusjon dei kom til i høve til realisering av idéen og tidspunkt for evt. oppstart varierer. Deltakarane kom frå kommunane; Lindås(8), Meland(3), Austrheim(2), Radøy(1) og Masfjorden(1). Gruppa var mangfaldig, med forretningsidear innan eit breitt spekter og aldersspenn frå 19 – 58 år. Det var 8 menn og 7 kvinner som fullførte kurset. Evalueringa av kurset synte at deltakarane var særs godt nøgde med innhald og gjennomføringa av kurset.
Etablerarsamlingar 2002 Det har vorte arrangert to etablerarsamlingar i 2002. Desse samlingane skal vera ein felles møteplass for etablerarar og "hjelparnettverket" i regionen. Deltakarane på etablerarkursa vert gjort merksam på desse samlingane, og oppfordra til å bruka og utvikla desse samlingane vidare. 25.02.002 hadde me den fyrste etablerarsamlinga. Til denne samlinga valte me temaet "Etableraren og skatteetaten". Ein representant frå Lindås Likningskontor haldt innlegg. 27 personar møtte på samlinga, 22 etablerarar og 5 frå hjelparnettverk. 25.11.02 gjennomførte me den andre etablerarsamlinga. Etter ønskje frå deltakarane på årets etablerarkurs vart tema på denne samlinga "Personleg sal". Me leide inn ein foredragshaldar til å halde innlegg om tema. Samla møtte det 28 personar på samlinga, 22 etablerarar og 6 frå hjelparnettverk. Evaluering av etablerarprogrammet Etablerarprogrammet har no vore gjennomført årleg i fire år. Sjølv om ein har fylgd det same mønsteret i alle desse fire åra, så har det etter evalueringar vore gjort mindre justeringar undervegs. Kursdeltakarane får gjennom kurssamlingane ei grunnleggjande innføring i etablerarprosessen. Fleire av kursdeltakarane nyttar også høvet til å utvida/utvikla eige nettverk, og den interne fag- og erfaringsutvekslinga som skjer på kursa er vanskeleg å gjera ei generell vurdering av, men er utan tvil ein viktig effekt i det totale bilete. Kursleiarane har inntrykk av at etablerarprogrammet fungerer etter intensjonen. Programmet er pårekneleg, og byrjar etterkvart å bli innarbeidd og kjent rundt i regionen. I alt 60 deltakarar har til no fullført etablerarkursa. Ved 1-års rapporteringa etter etablerarkurset 2001 viser det seg at ca 40% har etablert verksemd. Nokre deltakarar hadde utsett oppstart, men ikkje skrinlagt planane. Etablerarsamlingane har også blitt godt motteke. Så sjølv om det heilt sikkert er rom for forbetringar, så tyder alle tilbakemeldingar på at me er på rett veg.
Nettverkskreditt Nettverkskreditt er ein finansieringsordning for etablerarar av småskala næringsverksemd og ein modell for å organisere samarbeid i nettverksgrupper. Kvar gruppe disponerer inntil kr. 200.000,- i utlånskapital. Tiltaket er forankra i SNP for Hordaland og i SND. I Nordhordland er det etablert to grupper, høvesvis SUNNIVA og VILJA. Begge gruppene fungerer godt og har framleis dei same deltakarane som då gruppene starta opp. Samhaldet og aktiviteten i gruppene syner at sjølve nettverket er vel så viktig som finansieringsordninga. Regionrådet har hatt prosjektansvar i samband med oppstart og oppfølging av gruppene samt eit informasjonsansvar over for nye interesserte i vårt område. Det har og i 2002 vore synt stor interesse for tiltaket, men utan at nye grupper er etablert.
Midlar som kompensasjon for auke i arbeidsgjevaravgifta for næringslivet. For dei fire kommunane Austrheim, Lindås, Meland og Radøy som opplevde auka sats (frå sone II til sone I) for arbeidsgjevaravgifta, er det motteke statlege midlar som kompensasjon for dette. Midlane er samla i eit regionalt fond. Til og med 31.12.02 var det motteke i alt kr. 72.088.831,- frå Kommunal- og regionaldepartementet. Styret som forvaltar fondet er sett saman av ni representantar. I tillegg til dei 4 ordførarane er det 5 representantar frå næringslivet – to valt av Nordhordland Handverk- og Industrilag, ein frå handelsnæringa og to representantar frå LO. Regionrådet sitt kontor har det administrative ansvaret for ordninga. Midlane skal, etter retningsliner frå Stortinget, nyttast til kompetanseheving i næringslivet, til regionale utviklingstiltak og til infrastruktur – som ein del av arbeidet med å gjere det lettare for næringslivet og tilpasse seg den nye konkurransesituasjonen. Pr. 31.12.02. er det gjeve tilsegn om ca. kr. 50. mill. frå fondet. Fordelinga er på 56% til kompetanseheving, 14% til regional utvikling og 30% på infrastruktur.
Strategisk næringsplan for Nordhordland og Gulen. Regionrådet slutta seg til framlegget til ny strategisk næringsplan i 2001. Planen inneheld ein strategidel for perioden 2001 - 2004 og eit handlingsprogram for 2001 - 2002. Det er såleis aktuelt å revidere handlingsprogrammet i 2003. Ein del av tiltaka i den strategiske planen vil verte omtala under "prosjekt" i årsmeldinga. I tillegg har vi nokre merknader til følgjande punkt: - Om mogeleg "Havbruksutval" i Nordhordland. Det var ikkje interesse i næringsutvalet/regionrådet for etablering av eit eige regionalt havbruksutval. Det vart derimot arrangert ein større havbrukskonferanse i regi av NHIL og Regionrådet i 2002 - sjå omtale under "konferansar". - Når det gjeld framlegget om eit eige regionalt gassutval vart det rådd til at Regionrådet sitt næringsutval og skal fungere som "gassutval" for Nordhordland. - Det er etablert eit regionalt kommunikasjonsutval med Olav Steinar Namtvedt, Odd Tøsdal og Helge Haukeland som medlemer. Utvalet har 2002 vurdert ulike samferdselstiltak, mellom anna hatt samtaler med Bergen kommune og Statens vegvesenet om finansieringa av Eikåstunnelen. - Prosjektet "Vidareutvikling av det regionale utdanningstilbodet" har så langt ført til ei drøfting i ulike regionale fora av problemstillinga. Her har særleg utdanningsutvalet i NHIL vurdert ulike sider ved å få til eit etterutdanningstilbod overfor verksemdene i regionen. Gjennom NELL prosjektet, som vart formelt avslutta i 2002, er det og komme tilrådingar i høve til vidare arbeid med spørsmål knyta til organisering av kompetansehevingstiltak i regionen. -Tiltaket "Modellar for attraktive bustadområde" har så lang ført til ein konferanse om bustadbygging i regionen - nye tiltak vil verte vurdert i prosjektet. - Om tiltaket "Miljøtiltak-miljøfyrtårn". Bedriftene i regionen vart i 2002 invitert til eit seminar om miljøsertifisering. Oppslutninga om seminaret var diverre så liten at arrangementet måtte avlysast. Det er usikkert om tiltaket vert fylgd opp seinare. - Til tiltaket "Infrastruktur på Mongstad" kan det knytast følgjande kommentarar;
Om Samarbeidsprosjektet i Nordhordland og Gulen (SING) Kommunane i Nordhordlandsregionen har gått saman i eit prosjekt med slik målsetting:
|