Heim ] Kompensasjonsfond ] Nytt ] Strategisk Næringsplan ] Informasjon ] Nh. Reiselivslag ] Kommunane ] Lenker ]

Opp

   

Hit Counter

e. 06.10.04

 

 

Årsmelding 1998.

 

Regionrådet for Nordhordland og Gulen vart skipa i oktober 1987. Rådet har følgjande medlemskommunar: Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland og Radøy. Modalen og Osterøy er assosierte medlemer til rådet.

Regionrådet tok frå og med 1995 over funksjonane til Nordhordland Tiltakskontor. Noverande vedtekter for rådet vart samrøystes tilrådd i Regionrådet sitt møte 10.10.94 etter fleire høyringsrunder i kommunane.

 

Regionrådet:

Regionrådet består av ordførarane i medlemskommunane.

Formann, 1998: Ordførar Ole Lysø

Varaformann, 1998: Ordførar Ola Byrknes.

 

Næringsutvalet.

Under Regionrådet er det etablert eit næringsutval med særskilt ansvar for regionalt næringsretta arbeid.

Regionrådsformannen (Ole Lysø) er i samsvar med til statuttane formann i næringsutvalet. Øvrige medlemer valt av Regionrådet:

Kjell Løvik

Olav Steinar Namtvedt

Medlemer valt av Regionrådet etter tilråding frå organisasjonane:

frå arbeidstakarane:         frå arbeidsgjevarane:

Konrad Ulvatn                     Trond Helland

Torill A. Hjertås                 Arnt Brandtun

Administrasjon:

Kontoret er bemanna med 3 personar, dagleg leiar Eilif M. Berntsen, sekretær Bjørg Rydland og næringskonsulent Jostein Skråmestø.

Kontoret har hatt to prosjektstillingar:

Lillian Vabø Mongstad har vore prosjektleiar for tiltaket: «Næringsutvikling - mindre verksemder og etableringar, med vekt på kvinner».

- Tor Arne Lunde er m.a. prosjektleiar for "Prosjekt Mongstad" og prosjektet «Kompetanseheving innan fagområde tilpassa behovet for olje- gassrelatert prosessindustri».

Regionrådet/Tiltakskontoret si verksemd i 1998.

I tillegg til ordinært tiltaksarbeid, rettleiing, kontaktformidling og arbeid med saker for Regionrådet, har kontoret vore sekretariat for:

Nordhordland Handverk- og Industrilag og ulike arbeidsutval og styringsgrupper.

Regionrådet har hatt 7 møte og 45 saker til handsaming i 1998.

Næringsutvalet har hatt 3 møte og løyvd kr. 110.000,- til ulike tiltak.

Næringsretta tiltaksarbeid.

Førespurnader om hjelp frå etablerarar og bedrifter var mindre i 1998 samanlikna med året før, noko som har samanheng med avslutninga av midlane frå omstillingsløyvinga. Ein har gjeve rettleiing til 43 etablerte bedrifter (97) og 56 nyetablerarar (122). (Tal for 1997 i parantes). Fleire av desse har hatt kontakt med kontoret 2 - 3 ganger. Dei fleste ber om rettleiing ved oppstart av eiga verksemd. For eksisterande bedrifter vil det ofte vera spørsmål om hjelp til finansiering av investeringar.

I tillegg har prosjektleiar i prosjektet «Næringsutvikling -- -- med vekt på kvinner» (sjå omtale under) gjeve etablerarrettleiing til 18 kvinner samt at 5 kvinner har fått rettleiing vedkomande vidareutvikling av eksisterande verksemd.

Ein har og gjennomført oppfølgingsprogram for stipendmottakarar i regionen.

 

Omstillingsløyvinga.

Ordninga har først og fremst vore gjort gjeldande for åra 1995, -96 og -97.

Løyvinga skulle nyttast til å skape lønsame arbeidsplassar i kommunane Austrheim, Lindås, Meland og Radøy og verte brukt til bedriftsutviklingstiltak og utvikling av lokalt næringsmiljø.

I 1998 vart det løyvd kr. 689.000 frå omstillingsløyvinga til ulike tiltak og tilsaman har ein for åra 1995 til 1998 gjeve tilsegn om løyvingar på kr. 16.461.600,-.

Løyvinga har vore administrert av "Det utvida næringsutvalet" samansett av arbeidstakar/arbeidsgjevar representantane i næringsutvalet og ordførarane i dei fire omstillingskommunane.

På møtet i Det utvida næringsutvalet 2. november 1998 gjorde ein vedtak om å «oppløyse» utvalet i det ein vedtok å overlete forvaltninga av resten av midlane frå omstillingsløyvinga til det «ordinære» regionale næringsutvalet.

Heile ordninga vart, som vi og har nemnt ved tidlegare høve, evaluert etter knapt eit år (våren 1996) av Petter Løvik ved Høgskolen i Volda og i 1997/98 av Ole Fjøse Markedsanalyse.

Rapportar frå desse to vurderingane er trykte som eigne publikasjonar, og ein kan få dei ved å vende seg til Regionrådet.

Prosjektomtale.

Strategisk næringsplan for Nordhordland og Gulen 1997 - 2000

Planen vart vedteken av Regionrådet i januar 1997 og har som hovedmål at «kommunane i regionen skal i fellesskap medverke til at det vert utvikla bedrifter med god lønsemd i regionen. Dette skal skje i eit konstruktiv samarbeid med næringslivet, fylkeskommunen og statlege styresmakter. På denne måten skal noverande arbeidplassar sikrast eller erstattast og det skal bli utvikla 1.200 fleire arbeidsplassar i regionen fram mot år 2000».

Det er trekt opp følgjande strategiar i planen:

1. Marknadsføring av regionen som etableringsstad.
2. Stimulering til omstilling og nyetablering.
3. Utnytte oljeaktiviteten som motor.
4. Vidare utnytting av råstoff frå havet.
5. Utvikling av reiselivet.
6. Effektiv og næringsvennleg offentleg sektor.

Fleire av tiltaka i næringsplanen vart avslutta i 1997.

 

Status for tiltaka som pågår eller vart avslutta i 1998:

1.1 Nordhordlandregionen på internett.

Oppstarten av tiltaket vart gjennomført i 1997 med positiv tilbakemelding både frå næringslivet og frå publikum. Tiltaket vert kontinuerleg utvikla som eit forum for informasjon til publikum i vår eigen region og som eit hjelpemiddel for etablerarar og bedrifter.

Regionrådet har gode rutiner for oppdatering av sine heimesider. Ei prioritert målsetting for 1999 er å få etablert ei jevn oppdatering også av dei kommunale sidene på nettet. Medlemsliste for Nordhordland Handverk- og Industrilag ligg inne på våre heimesider, og dei bedrifter som har sine eigne heimesider er knytta opp med eiga lenke. Dei vert dermed marknadsført på ein god måte.

2.1. Vidareutvikling av eit regional ressurssenter for næringsutvikling.

Det er løyvd i alt kr. 100.000,- til tre skuler i regionen til oppstart av elevbedrifter og til utvikling av undervisningsopplegg i "etablerarkunnskap/ arbeidsmarknadskunnskap".

Tilbakemelding frå desse skulane er positiv - særleg høg aktivitet har det vore på Lindås ungdomsskule som i 1998 hadde heile18 elevbedrifter i aktivitet.

Kort om det interne nærinsutviklingsarbeid elles:

Det har vidare vore arrangert to møte med Regionrådet og medlemer frå «styringsgruppa for strategisk næringsplan» kor tema har vore «Næringsutviklings- arbeid i regionen». Prosessansvarleg på møta har vore konsulentfirmaet INTERPRO. Med utgangspunkt i møta har konsulenten utarbeidd eit notat som m.a. har vore med å forme Regionrådet sin arbeidsplan for næringsretta aktivitet 1999.


4.1. Oppdrett av nye marine arter.

Tiltaket starta opp hausten 1997 og har i stor grad hatt fokus retta mot grunnlag og interesse for skjelldyrking i regionen. Ein har m.a. medverka til etablering av eit regionalt skjelldyrkarlag.

5.1. Prosjekt "Bli kjent i Nordhordland"

5.2. Prosjekt "Bergen som nærmarked"

Det er løyvd midlar frå omstillingsløyvinga til desse to tiltaka som begge pågår og kor Reiselivslaget er prosjektansvarleg.

Prosjektet «Bli kjent i Nordhordland» har vorte ein del av eit større tiltak «Formidlingskompetanse i Hordaland» i fylket si reiselivsplan.

6.1. Samarbeid om ei effektiv og einsarta forvaltning av Plan- og bygningslova.

OPUS, Bergen er engasjert som konsulent/prosjektleiing i tiltaket.

Tiltaket har som siktemål å få til ein mest mogeleg einsarta og "pårekneleg" handsaming av plan- og byggesaker i kommunane i regionen - her under utarbeide ein felles mal for gebyrar, auke kompetansen knytta til praktiseringa av den nye bygningslova, utarbeide ein "felles rettleiar" for publikum og sakshandsamar og få vurdert - evnt. testa ut ein modell for "felles regional tenestefunksjon" (knytta til den meir tekniske/formelle sakshandsaminga av plan- og byggesaker og til kart - oppmåling - geodata). Tiltaket vert avslutta i 1999.

 

Nye tiltak i den strategiske næringsplanen:

Prosjekt 3.2 Kompetanseheving og utdanning innan fagområde tilpassa behovet for olje- og gassrelatert prosessindustri.

Regionrådet for Nordhordland og Gulen har saman med Hordaland fylkeskommune, Høgskolen i Bergen og Universitetet i Bergen gjennomført eit forprosjekt med føremål å etablere studietilbod i Hordaland som skal gje «kompetanseheving og utdanning innan fagområde tilpassa behovet i olje- og gassrelatert prosessindustri».

Prosjektet har så langt ført til at Høgskolen i Bergen frå hausten 1999 vil tilby ei ny studieretning med hovedvekt på prosessteknikk.

Forprosjektet vert følgd opp med eit hovedprosjekt kor ein mellom anna skal vurdere etableringa av eit kompetansesenter i Nordhordland og sjå på kva rolle dei vidaregåande skulane og universitetet kan ha ved ei vidare utvikling av spesialisert utdanning i prosessfag i fylket.

Prosjekt 2.2 Mangfald i næringslivet - Kvinner med i næringsutviklinga.

Det har vore problem med å få finansiert prosjektet slik det vart presentert i første omgang - som eit tiltak kor ein særleg vektla å medverke til å styrkje den kvinnelege deltakinga i i styrande organ og i leiinga i næringslivet.

Prosjektet er no avgrensa og ein vil i større grad vektleggje etablerarrettleiing og opplæring samt kvinneretta tiltaksarbeid.

 

Andre prosjekt.

«Prosjekt Mongstad».

Prosjekt Mongstad, som starta opp våren 1995 av Mongstad Utviklingsselskap AS og Regionrådet for Nordhordland og Gulen, har hatt som føremål å bidra til utnytting av spillressursar (i form av damp, fyrgass og varmtvatn) ved raffineriet.

I tillegg til Statoil Mongstad har SIVA, SND og Nordhordland Kraftlag vore sentrale aktørar i ein seinare fase av prosjektet.

I løpet av 1998 vart det klårt at dei prosessanlegga som no skal byggjast på Mongstad, i samband med at kondensat vert ført inn til raffineriet frå Øygarden, fullt ut vil nytte den dampen og fyrgassen som tidlegare var tilgjengeleg for anna verksemd.

Prosjektet er avslutta med rapportering av tekniske og økonomiske føresetnader for ei eventuell vidareføring av tiltak på eit senere tidspunkt.

«Næringshage».

Regjeringa gav tidleg i 1998 signal om at ein vurderte å etablere 20-30 mindre næringsparker eller «næringshager» i Norge som eit tiltak i distriktspolitikken.

Regionrådet for Nordhordland og Gulen har i 1998 gjennomført ein utgreiing om tiltaket og vurdert hvilke initiativ som må komme fra lokalt næringsliv og vertskommune dersom det skal etablerast ein næringshage i Nordhordland.

Tiltaket vert ført vidare i 1999.

"Næringsutvikling - mindre verksemder og etableringar - med vekt på kvinner".

Det to-årige prosjektet vart avslutta ved utgangen av november 1998.

Lillian Vabø Mongstad overtok som prosjektleiar i 3/5-stilling frå 01.01.98 og har avslutta prosjektet med sluttrapport i november 98.

Dei viktigaste aktivitetane i 1998 har vore:

* Oppfylging av Etablerarforum for kvinner i Nordhordland (1998)

- Organisasjonsoppbygging og -utvikling

- Informasjonsformidling (både internt og eksternt)

- Medlemsmøter (9 møter i 1998)

* Rettleiing av etablerarar (1998)

- 18 kvinner har mottatt personleg etablerarrettleiing frå prosjektleiar

- 5 kvinner har hatt personleg rettleiing om vidareutvilking av eksisterande verksemd.

- Gjennomført oppfølgingsprogram for stipendmottakarar i regionen

* Kurs

- Kurs over 6 kveldar (30 t) i Sal og marknadsføring

* Nettverkskreditt (ei fylkeskommunal finansieringsordning for småetablerarar)

- Ei gruppe med 5 kvinner ønskjer å kome i gang i Nordhordland

* Kontakt og koordinering (med andre prosjekt, kommunalt apparat, fylkeskommunalt apparat osv)

Det vert elles vist til sluttrapporten som foreligg på Regionrådet sitt kontoret.

Prosjekt EOU

EOU er eit fylkesprosjekt som geografisk femnar om heile Hordaland. Prosjektet vert administrativt leia frå Distriktsaktiv Høgskule i Kvinnherad, der det er tilsett prosjektleiar i full stilling. Elles er det tilsett 7 regionale prosjektleiarar i delstillingar. I Nordhordland er Lillian Vabø Mongstad tilsett som regional prosjektleiar i 20 % stilling - ein funksjon som i hovedsak vert finansiert av Regionrådet.

Regional prosjektleiar har vore rundt i alle kommunane og orientert kommuneleiinga om prosjektet. Det er oppretta kontakt med skulekontora, og prosjektleiar har vore med på fleire rektormøte i kommunane for å orientera om prosjektet. Elles har prosjektleiar vitja fleire einskildskular som har hatt planar om eller som har komme igang med elevbedriftsmetoden i undervisninga.

Den viktigaste oppgåva for prosjektleiar er å motivera skuleleiinga og lærarpersonalet til å ta i bruk elevbedrift som undervisningsmetode. Dersom det er motvilje mot å dra igang elevbedrift, kan presentasjonen av andre aktuelle tilnærmingsformer som NHO si partnerskapsordning e.l., vera ein god innfallsvinkel for å få ei tilnærming mellom skule og næringsliv.

Det er stor skilnad mellom kommunane når det gjeld innføring av entreprenørskap i skulen. Til no er det Lindås og Fedje som har vore mest aktive, men Austrheim planlegg å starta elevbedrifter ved begge ungdomsskulane til hausten (1999), og prosjektleiar arbeider for tida med også å motivera dei gjenståande kommunane til å gå igang.

 

Skular som har eller har hatt elevbedrifter i inneverande skuleår (1998/99) er:

Ungdomsskular:

Lindås ungdomsskule 18 elevbedrifter

Knarvik ungdomsskule 2 elevbedrifter

Fedje skule 2 elevbedrifter

Vidaregåande skular:

Lindås gymnas 1 elevbedrift

Barneskular:

Myking skule 2 elevbedrifter

Prosjekt "Nettverk for livslang læring" (NELL).

Tiltaket starta opp i desember 1996 og har gått ut året 1998. Prosjektet som har omfatta to regionar i Hordaland vil fortsetje i Nordhordland i to nye år (NELL 2) etter vedtak i fylkeskommunen og i Regionrådet.

Hovudmål for prosjektet er å utvikle regionale nettverk for samordning av vaksenopplæringa og sikre at bedrifter og privatpersoner får tilgang på den etter- og vidareutdanninga dei treng.

Prosjektet "Tryggare styring" - Nordhordland Handverk- og Industrilag (NHIL).

Prosjektet er stort sett sluttført men samlingane i leiarnettverket for Nordhordland held fram.

Regional miljøkonferanse.

Konferansen vart halde 6. oktober på Nordhordland Folkehøgskule og samla

90 deltakarar.

Som ei oppfølging frå konferansen drøfta Regionrådet det lokale miljøarbeidet på sitt møte 4. desember 1998 og gjorde slikt vedtak:

Fredrikstaderklæringa vart lagt fram under den regionale miljøkonferansen for Nordhordland og Gulen 6. oktober 1998. Målet for erklæringa er ei samfunnsutvikling som sikrar livskvalitet og livsgrunnlag både i dag og for komande generasjonar. Vidare er det ei målsetjing at aktivitetane i våre lokalsamfunn skjer innanfor bereevna til naturen både lokalt og globalt, og at vi difor ønskjer å redusera ressursforbruket og miljøpåkjenningane.

Regionrådet for Nordhordland og Gulen sluttar seg til Fredrikstaderklæringa om kommunane, fylkeskommunane og organisasjonane sitt ansvar for å bidra til ei berekraftig samfunnsutvikling.

Regionrådet oversender med dette Fredrikstaderklæringa til sine medlemskommunar med oppfordring til, gjennom politiske prosessar, å slutta seg til og følgja opp intensjonane i erklæringa. Regionrådet vil på si side støtta aktivt opp om det arbeidet som skal skje.

Konferanse om kultur og samfunnsutvikling.

Regionrådet arrangert i samarbeid med «Kulturdagane i Austrheim» ein konferanse

16. oktober om kultur og samfunnsutvikling kor ein sette fokus på «Levande bygder i Nordhordland». Konferansen samla i alt nær på 60 personar og ein var innom tema som fråflytting og korleis gjere lokalsamfunna attraktive som bustad- og arbeidsplassområde - her under kultur og identitet og lokal næringsutvikling.

Kurs i "salg og markedsbearbeiding".

Kurset vart gjennomført i perioden 24.08 - 26.10.98 med Personal Utvikling AS som kursarrangør. Kurset gjekk over 6 ettermiddagar/kveldar, og innhelt 30 timars undervising. Det var 14 påmelde deltakarar ved kursstart, 8 av desse fullførte kurset.

Nokre av kursdeltakarane har oppretthalde kontakten gjennom eit nettverk der dei samlast annakvar månad.

 

Nordhordland Handverk- og Industrilag.

Styret i laget har hatt 9 møter i 1998 og handsama 62 saker. Det har vore to medlemsmøte i 1998.

Laget har følgjande utval som arbeider med næringsretta spørsmål: næringsutval, utdanningsutval og kommunikasjonsutval.

 

Utviklinga i distriktet.

Folkesetnaden.

Den samla tilvekst i folketalet i regionen i 1998 var 0,5% mot 0,3% året før.

Tilveksten i Hordaland fylke var i 1998 0,7% mens det i Sogn og Fjordane var ein nedgang i folketalet på 0,1%.

Meland var den kommunen i regionen som hadde størst folketilvekst også i 1998 med 1,7%. Elles har det vore ei gledeleg snunad i folketalsutviklinga i Austrheim som i 1998 hadde ei mindre netto innflytting mot ei netto utflytting på heile 52 personar året før.

Endringane i folkemengda i 1998 er vist i påfølgjande tabell.

Kommunane

Folketal 01.01.98.

Fødsels- overskot

Netto flytting

Folketilvekst

Folketal 01.01.99.

Austrheim

2542

-5

7

2

2544

Fedje

672

-3

-7

-10

662

Lindås

12410

61

38

99

12509

Masfjorden

1785

-2

-1

-3

1782

Meland

5157

28

62

90

5257

Radøy

4572

3

-26

-23

4549

Nordhordland

27148

82

73

155

27303

           

Gulen

2501

-1

4

3

2504

Regionen

29649

81

75

158

29807

           

Osterøy

7021

45

-17

28

7049

Modalen

342

-

-6

-6

336

 

Arbeidsløysa.

Arbeidsløysa i regionen var låg i 1998 - med eit årsgjennomsnitt på 312 registrerte heilt arbeidslause mot 438 i 1997.

Av dei 312 arbeidslause i 1998 var 126 menn og 186 kvinner. I 1997 var fordelinga 210 menn og 228 kvinner. Dette kan tyde på at i samband med den høgkonjunkturen ein hadde i 1998 så har menn hatt lettare for å skaffe seg arbeid enn det kvinner har.

 

Arbeidsplan.

Næringsretta aktivitet ved Regionrådet - 1999.

Saka vart handsama i Regionrådet 15. januar 1999:

Regionrådet godkjenner vedlagte arbeidsplan som retningsgjevande for den næringsretta aktiviteten ved Regionrådet i 1999.

Utgangspunkt.

Den lokale næringsutviklinga kan ikkje sjåast isolert, men vil i stor grad henge saman med dei internasjonale hovedtrendane.

Av dei viktigaste av desse trendane, som og vil leggje føringar og på nærings- utviklinga i Nordhordland, kan vi peike på følgjande:

· Globalisering av økonomien

· IT-revolusjon

· Miljøspørsmål vert stadig meir viktig

· Alt endrast raskare

Globale marknader vert meir tilgjengelege, og bør kunne utnyttast i større grad. Dette kjem m.a. som eit resultat av ein enorm teknologisk utvikling, særskilt innan kommunikasjon og informasjonsteknologi.

Dette vert igjen ei stor utfordring for næringslivet av di nye marknader samstundes og gjev grunnlag for større konkurranse.

I takt med den teknologiske utviklinga vert og miljøspørsmål stadig meir viktige. Desse spørsmåla må i aukande grad setjast på dagsorden - både hjå politikarane og hjå næringslivet.

Generelt kan ein elles seie at endringstakten i samfunnet skjer raskare, noko som gjer at uvissa om korleis framtida vil verte blir større.

Desse makro-trendane vil og gjere seg gjeldande på lokalt nivå og føre til:

· Krav om auka effektivitet

· Utplassering av arbeidoppgåver

· Større bruk av internasjonale marknader

· Auka kompetansekrav

· Krav til endra kompetanse

Som eit resultat av krav om auka effektivitet, vil spørsmål vedk. utplassering av arbeidoppgåver, krav til leverandørar, kjøpe/lage analysar og kompetanse verte viktige.

Strenge krav til effektivitet og fleksibilitet sett igjen krav til nytenkning, og vil krevje at ein i eit vist mon må bryte med gamle og trygge metodar, som kanskje ikkje lenger er like effektive og som såleis svekkjer konkurransekraften.

Hoved-trendane vil vidare kunne gje følgjande effektar i regionen:

Lokal utvikling vert i større grad bunden av internasjonale forhold.

Auka regional spesialisering innafor einskilde næringar.

Auka grad av konseptrelatert profilering/markedsføring ( t.d. «Miljøregionen Nordhordland»).

Geografisk «frikobling» ved hjelp av IT.

Framvekst av spesielle buområder t.d. for eldre, knytta til kultur, kyrkjesamfunn, IT, m.v.

Nasjonale og internasjonale tilhøve vil i aukande grad verke inn på lokalt næringsliv. Dette gjer det viktig at regionen vert marknadsført nasjonalt og internasjonalt, til dømes via Internett som ein gjer i dag.

Ei rad verksemder i Nordhordland er t.d. meir bunden av den økonomiske situasjonen i Europa og elles i verda enn kva dei er av dei økonomiske tilhøva lokalt.

Auka krav til effektivisering kan og gjere det relevant å arbeide for auka spesialisering innan regionen rundt kjerneaktivitetar. Dette vil kunne gjere sitt til at ein får opparbeidd sterke fagmiljø og naudsynt spisskompetanse. I ein slik prosess vert det særs viktig å identifisere dei områda kor Nordhordland har konkurranse-fortrinn, og reelt sett har noko å tilby, t.d innan områda: Kompetanseutvikling, teknologi og naturressursar,

 

Kva for oppgåver skal Regionrådet fokusere på?

I henhold til gjeldande strategiske næringsplan for Nordhordland og Gulen er måla for det regionale næringsarbeidet følgjande:

«Kommunane i regionen skal i fellesskap medverke til at det vert utvikla bedrifter med god lønsemd i regionen. Dette skal skje gjennom eit konstruktiv samarbeid med næringslivet, fylkeskommunen og statlege styresmakter. På denne måten skal nåverande arbeidsplassar sikrast eller erstattast og det skal utviklast 300 fleire arbeidsplassar».

Rådgjevings og rettleiingsfunksjonen:

Regionrådet skal vere samtalepartnar og rådgjevar for næringsaktørar i regionen, medverke ved utforming av forretningsidèar og skal ha oversikt over rettleiingsapparat og støtteordningar.

Rådet skal medverke til ei god utvikling i bedriftene og skape gunstige vilkår for etablering av nye verksemder - her under legge særleg vekt på å nå fram med rettleiing til kvinnelege bedriftsleiarar og etablerarar.

Eigenkompetansen og kunnskapen i Regionrådet sin administrasjon innafor aktuelle fagområde skal utviklast vidare.

Regionrådet sin administrasjon skal til ei kvar tid ha naudsynt kapasitet til å kunne bistå personar/bedrifter som har trong for rettleiing. Her under ta eit ansvar for meir proaktiv rettleiing og elles vektlegging rettleiing innafor finansrelaterte og leiings- orienterte tenester.

Regionrådet skal medverke til gjennomføring av eitt etablerarkurs i løpet av året 1999.

Regionrådet skal samarbeide tett med kommunane og med andre offentlege organ på regions- og fylkesnivå i gjennomføringa av tiltak.

Prosjekt- og utviklingsarbeid.

Regionrådet vil ta initiativ til, samordne, og gjennomføre næringsutviklingsprosjekt i regionen. Dette arbeidet vil i stor grad ta utgangspunkt i Strategisk næringsplan for regionen.

I tillegg kan det verte aktuelt å få vurdert tiltak som kan bidra til å betre flyttebalansen frå dei ytre delane av regionen.

Når det gjeld dei einskilde prosjekt og utviklingstiltak så ligg utfordringa i å oppnå målsettinga med tiltaka og å sjå konkrete resultat frå arbeidet.

Regionrådet vil og ta på seg eit ansvar i samband med framhald av kompetanseprosjektet NELL.

I Handlingsprogram i 1999 for SNP - Nordhordland og Gulen ligg det inne følgjande tiltak:

- 2.2 Mangfald i næringslivet - Kvinner med i næringsutviklinga.

- 3.2 Kompetanseheving og utdanning innan fagområde tilpassa behov for olje- og gassrelatert prosessindustri.

- 4.1 Oppdrett av marine arter.

- 5.1 Prosjekt «Bli kjent i Nordhordland».

- 5.2 Prosjekt «Bergen som nærmarked».

- 6.1 Samarbeid om ei effektiv og einsarta forvaltning av Plan- og bygningslova.

Regionrådet for Nordhordland og Gulen.

 

Informasjonsarbeid og marknadsføring.

Regionrådet skal informere bedrifter og etablerarar innafor sitt geografiske område om relevant næringsutviklingsarbeid, kompetansetiltak og støtteordningar.

- Regionrådet må m.a. ha ein fruktbar og nær kontakt med Europa-kontoret, med fylkeskommunen sin seksjon for næring og arbeid, med det regionale SND-kontoret og med Fylkesmannen si landbruksavdeling.

I tillegg er følgjande konkrete informasjonstiltak planlagt for 1999:

- «Åpen dag på Regionrådet sitt kontor» - møtepunkt mellom ulike finansierings- og rettleiingsinstitusjonar på fylkes- og statsnivå og bedrifter/etablerarar.

- Vidare utvikling av Regionrådet si heimeside på internett (Nordhordland.net).

- Fellesmøte med Nordhordland Handverk- og Industrilag og politikarane i regionen.

Elles skal Regionrådet bidra til å marknadsføre regionen som ei god stad å busette seg og til å etablere og utvikle næringsaktivitet i. I 1999 vil ein arbeide vidare med å definere dei segmenta det kan vere rett å vende seg mot, og volum og innhald i ei slik satsing.    (til toppen)