Heim ] Kompensasjonsfond ] Nytt ] Strategisk Næringsplan ] Informasjon ] Nh. Reiselivslag ] Kommunane ] Lenker ]

Opp

   

Hit Counter

e. 06.10.04

 

Årsmelding 1999.

Regionrådet for Nordhordland og Gulen vart skipa i oktober 1987.

Rådet har følgjande medlemskommunar: Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland og Radøy. Modalen og Osterøy er assosierte medlemer til rådet.

Regionrådet tok frå og med 1995 over funksjonane til Nordhordland Tiltakskontor. Noverande vedtekter for rådet vart samrøystes tilrådd i Regionrådet sitt møte 10.10.94 etter fleire høyringsrundar i kommunane.

Regionrådet:

Regionrådet består av ordførarane i medlemskommunane.

Leiar 1999: Ordførar Ole Lysø / Olav Steinar Namtvedt.

Nestleiar 1999: Ordførar Ola Byrknes / Odd Tøsdal.

(Nytt råd vart konstituert 12. november 1999.)

Næringsutvalet.

Under Regionrådet er det etablert eit næringsutval med særskilt ansvar for regionalt næringsretta arbeid.

Regionrådsleiaren (Ole Lysø / Olav Steinar Namtvedt) er i samsvar med til statuttane formann i næringsutvalet. Andre medlemer valt av Regionrådet:

Kjell Løvik / Odd Tøsdal

Olav Steinar Namtvedt / Vilgerd Storset Husa

Medlemer valt av Regionrådet etter tilråding frå organisasjonane:

frå arbeidstakarane:  

 frå arbeidsgjevarane:

Konrad Ulvatn /Ole Lysø  

 Trond Helland / Tor Iversen

Torill A. Hjertås  

 Arnt Brandtun

(Nytt næringsutval vart valt 12. november 1999.)

Administrasjon:

Kontoret er bemanna med 3 personar, dagleg leiar Eilif M. Berntsen, sekretær Bjørg Rydland og næringskonsulent Jostein Skråmestø.

Kontoret har hatt to prosjektstillingar:

Lillian Vabø Mongstad har m.a. vore prosjektleiar for tiltaket: "Mangfald i næringslivet - nyetablering og næringsutvikling".

- Tor Arne Lunde har m.a. vore prosjektleiar for prosjektet "Kompetanseheving innan fagområde tilpassa behovet for olje- og gassrelatert prosessindustri".

Regionrådet si verksemd i 1999.

I tillegg til ordinært tiltaksarbeid, rettleiing, kontaktformidling og arbeid med saker for Regionrådet, har kontoret vore sekretariat for:

Nordhordland Handverk- og Industrilag

og ulike arbeidsutval og styringsgrupper.

Regionrådet har hatt 7 møte og 42 saker til handsaming i 1999.

Næringsutvalet har hatt 3 møte og løyvd kr. 182.000,- til ulike tiltak.

Næringsretta tiltaksarbeid.

Førespurnader om hjelp frå etablerarar og bedrifter auka noko i 1999 samanlikna med året før. Vi har gjeve rettleiing til 56 etablerte bedrifter (43) og 70 nyetablerarar (56). (Tal for 1998 i parentes). Flest etablerarar kom det frå Lindås og Meland med høvesvis 35 og 14.

Fleire av etablerarane har hatt kontakt med kontoret 2 - 3 ganger. Dei fleste ber om rettleiing ved oppstart av eiga verksemd. For eksisterande bedrifter vil det ofte vera spørsmål om hjelp til finansiering av investeringar.

I tillegg har prosjektleiar for tiltaket "Mangfald i næringslivet – nyetablering og næringsutvikling" og drevet individuell rettleiing av etablerarar og hatt samtalar med totalt 60 etablerarar og næringsdrivande, hovudsakleg kvinner.

 

Etablerarkurs

Etter at økonomiske tilskot til etablering har minka sterkt dei siste åra er det vorte desto viktigare at etablerarane lagar ein gjennomarbeida forretningsplan før dei set i gong. For å hjelpa etablerarane til dette gjennomførte kontoret eit etablerarkurs hausten 1999.

Kvar deltakar arbeidde med eige prosjekt/eiga etablering i samspel med andre som var igjennom tilsvarande prosess.

Kurset vart gjennomført med ei helgesamling 3. - 4. september, og tre oppfølgingssamlingar på ettermiddag/kveldstid (14. september, 27. september og 11. oktober).

Geografisk fordelte dei 12 deltakarane seg med 4 frå Meland, 2 frå Austrheim, 2 frå Lindås, 1 frå Fedje og 1 frå Radøy. I tillegg var det med 2 deltakarar frå Bergen, med etableringsplanar i Nordhordland. Fem av kursdeltakarane hadde landbrukstilknyting. Evalueringa frå deltakarane og ei evaluering frå hjelparnettverket dannar grunnlaget for neste års etablerarprogram i regionen.

Etablerarforum/etablerarverkstad

Hausten 99 vart også den fyrste "etablerarverkstaden" arrangert i Nordhordland. Totalt deltok 28 personar på samlinga, og tilbakemeldingane tyder på at det er eit generelt ynskje om å få slike treffpunkt fleire gonger i året. Formålet med etablerarverkstaden er skapa nettverk og ein møteplass for alle med særleg interesse for næringsutvikling.

 

Prosjektomtale.

Strategisk næringsplan for Nordhordland og Gulen 1997 - 2000:

Planen vart vedteken av Regionrådet i januar 1997 og har hatt som hovedmål at "kommunane i regionen skal i fellesskap medverke til at det vert utvikla bedrifter med god lønsemd i regionen. Dette skal skje i eit konstruktiv samarbeid med næringslivet, fylkeskommunen og statlege styresmakter".

Det er trekk opp følgjande strategiar i planen:

1. Marknadsføring av regionen som etableringsstad.

2. Stimulering til omstilling og nyetablering.

3. Utnytte oljeaktiviteten som motor.

4. Vidare utnytting av råstoff frå havet.

5. Utvikling av reiselivet.

6. Effektiv og næringsvennleg offentleg sektor.

Dei fleste tiltaka i planen vart avslutta i 1997 eller i 1998.

Planen vil verte revidert i 2000.

Status for tiltaka som pågår eller vart avslutta i 1999:

Nordhordlandregionen på internett.

Tiltaket starta opp i 1997 med positiv tilbakemelding både frå næringslivet og frå publikum. Web-sidene vart på slutten av 1999 lagt om til ein meir regional profilering og med mindre vekt på kommunalt stoff. Bakgrunnen for dette er generelle vanskar med å få jamn tilføring av kommunale nyhende, samt at einskilde kommunar ynskjer å presentera seg under eigne web-sider. For desse kommunar har vi knyta lenke til vår heimeside. Elles vil vi fortsett gjera vårt beste for at kommunane skal verta presenterte slik dei sjølve ynskjer det på dei regionale heimesider.

I tillegg til ovannemnde endringar har vi lagt meir vekt på at sidene skal gje informasjon til etablerarar og bedrifter, samt at Nordhordland reiselivslag får ein breiare presentasjon.

2.2. Mangfald i næringslivet – nyetablering og næringsutvikling.

Det vart problem med å få finansiert prosjektet slik det vart presentert i første omgang - som eit tiltak kor ein særleg vektla å medverke til å styrkje den kvinnelege deltakinga i styrande organ og i leiinga i næringslivet.

Prosjektet måtte difor avgrensast og ein vektla i større grad etablerarrettleiing og -opplæring samt kvinneretta tiltaksarbeid.

I samsvar med revidert prosjektplan har ein gjennomført etablerarkurs, skipa til etablerarverkstad (møteplass for etablerarar og hjelparnettverk), drive individuell rettleiing av etablerarar og følgd opp organisasjonen "Etablerarforum for kvinner". Fleire av desse elementa er omtala under "Næringsretta tiltaksarbeid".

Elles omfatta prosjektet individuell rettleiing av etablerarar, der prosjektleiar har hatt samtalar med totalt 60 etablerarar og næringsdrivande, hovudsakleg kvinner.

3.2 Kompetanseheving og utdanning innan fagområde tilpassa behovet for olje- og gassrelatert prosessindustri.

Regionrådet for Nordhordland og Gulen har saman med Hordaland fylkeskommune, Høgskolen i Bergen og Universitetet i Bergen gjennomført eit forprosjekt med føremål å etablere studietilbod i Hordaland som skal gje "kompetanseheving og utdanning innan fagområde tilpassa behovet i olje- og gassrelatert prosessindustri".

Prosjektet har så langt ført til at Høgskolen i Bergen frå hausten 1999 vil tilby ei ny studieretning med hovedvekt på prosessteknikk.

Forprosjektet vart følgd opp med eit hovedprosjekt kor ein mellom anna vurderte nærare etableringa av eit kompetansesenter i Nordhordland og kor ein såg på kva rolle dei vidaregåande skulane og universitetet kan ha ved ei vidare utvikling av spesialisert utdanning i prosessfag i fylket.


4.1. Oppdrett av nye marine arter.

Tiltaket starta opp hausten 1997 og vart avslutta våren 1999. Prosjektet har i stor grad hatt fokus retta mot grunnlaget og interessa for skjeldyrking i regionen. Ein har m.a. medverka til etablering av eit regionalt skjelddyrkarlag.

5.1 Prosjekt "Bli kjent i Nordhordland".

Reiselivslaget er prosjektansvarleg for tiltaket som er integrert i eit større prosjekt om formidlingskompetanse i reiselivsplanen for Hordaland, med Nordhordland som pilotområde.

Eit hovedsiktemål er å få fram presis og god kvalitet på informasjon om Nordhordland/Hordaland som reisemål og målgruppene er m.a. frontlinepersonell og reiseseljarar.

5.2. Prosjekt "Bergen som nærmarked"

Reiselivslaget har vore prosjektansvarleg for tiltaket som vart avslutta i 1999.

I prosjektet har ein arbeidd inn mot to segment: cruisemarknaden og fritidsbåtmarknaden. Ein har drive kartlegging, marknadsføring og arbeidd med å etablere samarbeidsrelasjonar inn mot desse marknadene.

6.1. Samarbeid om ei effektiv og einsarta forvaltning av Plan- og bygningslova.

OPUS, Bergen er engasjert som konsulent/prosjektleiing i tiltaket.

Tiltaket har hatt som siktemål å få til ein mest mogeleg einsarta og "pårekneleg" handsaming av plan- og byggesaker i kommunane i regionen - her under utarbeide ein felles mal for gebyrar, auke kompetansen knyta til praktiseringa av den nye bygningslova, utarbeide ein "felles rettleiar" for publikum og sakshandsamar og få vurdert ein modell for "felles regional tenestefunksjon" (knyta til den meir tekniske/formelle sakshandsaminga av plan- og byggesaker og til kart - oppmåling - geodata). I prosjektets sluttfase - forsommaren 1999 - vart det halde dagskonferansar i Nordhordland og i dei andre regionane i fylket kor ein orientert om resultata frå prosjektet.

Regionrådet har elles uttalt at dei ser positivt på at det vert søkt om statlege midlar til ei nærare vurdering og eventuelt utprøving av ein "felles tenestefunksjon".

Andre prosjekt.

"Næringshage".

Regjeringa gav i 1998 signal om at ein vurderte å etablere 20-30 mindre næringsparkar eller "næringshager" i Norge som eit tiltak i distriktspolitikken.

Regionrådet for Nordhordland og Gulen gjennomført i 1998 ein utgreiing om tiltaket og i 1999 vart det sendt ein søknad til SIVA om medverknad til finansiering av eit forprosjekt for ein næringshage lokalisert til Mongstad. I svarbrevet frå SIVA kom det fram at dei vurderte prosjektet til å vere i ein for tidleg fase til at ein kunne gjere vedtak om å støtte tiltaket.

Prosjekt "Nettverk for livslang læring" (NELL).

Tiltaket starta opp i desember 1996 og gjekk i første periode ut året 1998.

Prosjektet, som har omfatta to regionar i Hordaland, haldt fram i Nordhordland i 1999 for to nye år (NELL 2) etter vedtak i fylkeskommunen og i Regionrådet.

Hovudmål for prosjektet er å utvikle regionale nettverk for samordning av vaksenopplæringa og sikre at bedrifter og privatpersonar får tilgang på den etter- og vidareutdanninga dei treng.

Arbeidet med å utvikla brukartilpassa opplærings- og utdanningstilbod for vaksne i og utanfor arbeidsmarknaden har såleis vore ført vidare i 1999. Det er utarbeidd ein modell for kommunalt samarbeid, og i tråd med retningslinene i denne er det arrangert kortare kurs for tilsette i kommunane, samt at det er sett i gang to § 20 kurs i fagopplæring, alle tilboda er arrangert i regionen. Og private verksemder har komme med innspel om opplæring. Det er mellom anna igangsett eit § 20 kurs i plastfag i regionen. Eit viktig delmål i prosjektet er å vidareutvikle dei lokale biblioteka som tenestetorg for vaksne.

I 1999 har dei særleg arbeid med å leggje til rette både utstyr og lokale for vaksne som ønskjer å vere fjernstudentar.

NELL-prosjektet held fram i år 2000. I tillegg til nemnde oppgåver vil prosjektet i større grad prioritere tiltak retta mot næringslivet, samt betre informasjonen om opplæring og utdanningstilbod for einskildpersonar.

Tiltaket "Tryggare styring" - Nordhordland Handverk- og Industrilag (NHIL).

Tiltaket er avslutta som formelt prosjekt. Møta i leirarnettverket har halde fram og i 1999 og med særs god oppslutnad.

EOU-prosjektet (Entreprenørskap i opplæring og utdanning)

Prosjektet, som starta i 1998, vert administrativt leia frå Distriktsaktiv Høgskule i Kvinnherad. Det er i tillegg til prosjektleiaren i Rosendal, tilsett 7 regionale prosjektleiarar i delstillingar. I Nordhordland har Lillian Vabø Mongstad vore tilsett som regional prosjektleiar i 20 % stilling finansiert av Regionrådet.

Den viktigaste oppgåva for den regionale prosjektleiaren, har vore å motivere skuleleiinga og lærarpersonalet til å ta i bruk elevbedrift som undervisingsmetode. Prosjektleiar har vore rundt på skulane og på rektormøter og orientert om metoden.

Det vart halde ein regional lærarkonferanse om temaet i oktober 1999. Konferansen vart halde på Nordbygda skule i Masfjorden, med ca. 30 deltakarar. Det har også vore arbeidd med å få til ein årleg pris, som ein motiveringsfaktor for å få i gang fleire elevbedrifter i regionen.

Av resultat kan ein visa til stor interesse og stadig aukande bruk av elevbedrift som undervisningsmetode. Metoden er no tatt i bruk på einskildskular i 6 av dei 7 kommunane i regionen.

Nye interkommunale ordningar.

Omtale av interkommunale ordningar som har vore under førebuing i 1999 og kor Regionrådet har vore trekt inn:

Felles førebyggande brannvern. Lindås kommune har vorte vertskommune for ei førebyggande brannvernavdeling og deltakande kommunar elles er Meland, Austrheim, Gulen, Masfjorden og Modalen. Avdelinga vil vere fullt bemanna frå og med våren 2000.

Legevaktordningar. Radøy, Masfjorden og Lindås vil frå årsskiftet 1999/2000 først etablere samarbeid om felles legevaktstasjon i helgene - og frå våren av og for kveld. Kommunane Meland, Masfjorden og Radøy vil frå våren år 2000 samarbeide om legevaktsentral (samband).

Geodataplan. Til dels eit resultat av prosjektet "Samarbeid om ei effektiv og einsarta forvaltning av Plan- og bygningslova" er det starta opp eit arbeid med utvikling av ein felles geodataplan for regionen. Planen vil vere eit godt grunnlag for utarbeiding av geodataplanar i den einskilde kommune.

Uttaler frå Regionrådet.

Regionrådet har gjeve felles uttale i ein del saker i 1999.

Rådet har uttalt seg til Hordaland fylkeskommune og Hordaland Olje- og Gassenter (HOG) i samband med at dei vil vurdere ulike sider ved oljevern-beredskapen i Hordaland. Her har Regionrådet peika på det arbeidet som ved fleire høve har vore gjort lokalt for å få bygd ut beredskapen i Nordhordland og at ein er positivt på initiativet frå fylkesnivået.

Regionrådet ber om at oljevernet på Vestlandet vert vurdert på ny for å få til ei klarlegging av organiseringa - her under ansvarsdeling, ressursbruken og bemanninga.

I sin høyringsuttale til fylkeskommunen i samband med "Forslag til Nasjonal transportplan 2002 - 2011" viser Regionrådet til at dei tilrådde statlege løyvingane til riksvegutbygging i planperioden er dei lågaste som har vore på mange tiår og ein ber fylkeskommunen arbeide for at dei statlege rammene vert auka monaleg.

Regionrådet ber og om støtte til at det generelt vert opna opp for at fleire vegprosjekt, enn dei som er tilrådde i planen, kan delfinansierast med hjelp av bompengar.

Rådet viser til at det gjenstår utbetring/nybygging av fleire ulike parsellar før vi får ein rimeleg tilfredsstillande standard på vegane i regionen og at det er viktig at desse vegane vert utbygde snarast slik at ein kan få styrkja grunnlaget for dei lokale sentra i regionen og såleis medverke til å halde oppe busetjingsmønsteret og dempe sentraliseringstendensane.

I sin uttale til KU og kommunedelplan for Åsane Nord - E 39 Midtbygda - Nordhordlandsbrua seier Regionrådet mellom anna at både for einskildpersonar og for næringslivet i Nordhordland er det viktig å få bygd ein god, miljøvenleg og trafikksikker veg som gjer at ein kan reise trygt og rask mellom distriktet og Bergen. Rådet slutter seg til Vegsjefen si tilråding om at alternativ D vert valt som ny trasé.

Regionrådet har og gjeve uttale til endringar i signallova og til ny lov om eigedomsregistrering.

Konferansar.

Regionrådet har delteke i som medarrangør ved to konferansar - høvesvis "Naturgasskonferanse 1999 - Nordhordland og Gulen" i samarbeid med Hordaland Olje- og Gassenter og regionrådkonferanse på Mongstad "Industrireising på Mongstad" kor Kulturdagane i Austrheim og Statoil Mongstad var medarrangørar.

Nordhordland Handverk- og Industrilag.

Styret i laget har hatt 10 møter i 1999 og handsama 53 saker. Det har vore to medlemsmøte i 1998.

Laget har følgjande utval som arbeider med næringsretta spørsmål: næringsutval, utdanningsutval og kommunikasjonsutval.

 

Utviklinga i distriktet.

Folkesetnaden.

Den samla tilvekst i folketalet i regionen i 1999 var så pass låg som 0,2% mot 0,5% året før. Tilveksten i Hordaland fylke var til dømes i fjor på 0,8% mens det i Sogn og Fjordane berre var marginale endringar i folketalet.

Meland var den kommunen i regionen som hadde størst folketilvekst også i 1999 med 1,9%. Elles vart det for 1999 registrert etter måten stor netto utflytting frå Austrheim, Lindås og Osterøy.

Endringane i folkemengda i 1999 er vist i påfølgjande tabell.

Kommunane  

Folketal
01.01.99.  

Fødsels-
overskot  

Netto
flytting  

Folke-
tilvekst  

Folketal
01.01.00.

Austrheim  

2547  

6  

-26  

-20  

2527

Fedje  

665  

-4  

22  

18  

683

Lindås  

12511  

60  

-73  

-13  

12498

Masfjorden  

1781  

4  

-12  

-8  

1773

Meland  

5251  

43  

59  

102  

5353

Radøy  

4569  

21  

-12  

9  

4578

Nordhordland  

27324  

130  

-42  

88  

27412

Gulen  

2503  

-18  

2  

-16  

2487

Regionen  

29827  

112  

-40  

72  

29899

Osterøy  

7048  

11  

-51  

-40  

7008

Modalen  

346  

1  

6  

7   353

 

Arbeidsplan.

Næringsretta aktivitet ved Regionrådet - 2000.

Arbeidsplanen tek utgangspunkt i saka om næringsretta aktivitet som vart handsama i Regionrådet 15. januar 1999:

Utgangspunkt.

Den lokale næringsutviklinga kan ikkje sjåast isolert, men vil i stor grad henge saman med dei internasjonale hovedtrendane.

Blant dei viktigaste av desse trendane, som og vil leggje føringar og på nærings- utviklinga i Nordhordland, kan vi peike på følgjande:

· Globalisering av økonomien

· IKT-revolusjon

· Fokus på miljøspørsmål.

· Alt endrast raskare

Globale marknader vert meir tilgjengelege, og bør kunne utnyttast i større grad. Dette kjem m.a. som eit resultat av ein enorm teknologisk utvikling, særskilt innan kommunikasjons- og informasjonsteknologi.

Dette vert igjen ei stor utfordring for næringslivet av di nye marknader samstundes og gjev grunnlag for større konkurranse.

I takt med den teknologiske utviklinga vert og miljøspørsmål stadig meir viktige. Desse spørsmåla må i aukande grad setjast på dagsorden - både hjå politikarane og hjå næringslivet.

Generelt kan ein elles seie at endringstakten i samfunnet skjer raskare, noko som gjer at uvissa om korleis framtida vil verte blir større.

Desse makro-trendane vil og gjere seg gjeldande på lokalt nivå og føre til:

· Krav om auka effektivitet

· Utplassering av arbeidsoppgåver

· Større bruk av internasjonale marknader

· Auka kompetansekrav

· Krav til endra kompetanse

Som eit resultat av krav om auka effektivitet, vil spørsmål vedk. utplassering av arbeidsoppgåver, krav til leverandørar, kjøpe/lage analysar og kompetanse verte viktige.

Strenge krav til effektivitet og fleksibilitet sett igjen krav til nytenking, og vil krevje at ein i eit vist mon må bryte med gamle og trygge metodar.

Utvikling og endring innafor hovedtrendane kan gje følgjande effektar i regionen:

Lokal utvikling vert i større grad bunden av internasjonale forhold.

Auka regional spesialisering innafor einskilde næringar.

Auka grad av konseptrelatert profilering/marknadsføring ( t.d. "Miljøregionen Nordhordland").

Geografisk "frikobling" ved hjelp av IKT.

Framvekst av spesielle buområde t.d. for eldre, knyta til kultur, kyrkjesamfunn, IKT, m.v.

Nasjonale og internasjonale tilhøve vil i aukande grad verke inn på lokalt næringsliv. Dette gjer det viktig at regionen vert marknadsført nasjonalt og internasjonalt, til dømes via Internett som ein gjer i dag.

Ei rad verksemder i Nordhordland er t.d. meir bunden av den økonomiske situasjonen i Europa og elles i verda enn kva dei er av dei økonomiske tilhøva lokalt.

Auka krav til effektivisering kan og gjere det relevant å arbeide for auka spesialisering innan regionen rundt kjerneaktivitetar. Dette vil kunne gjere sitt til at ein får opparbeidd sterke fagmiljø og naudsynt spisskompetanse. I ein slik prosess vert det særs viktig å identifisere dei områda kor Nordhordland har konkurranse-fortrinn, og reelt sett har noko å tilby, t.d. innan områda: Kompetanseutvikling, teknologi og naturressursar,

 

Kva for oppgåver skal Regionrådet fokusere på?

I samsvar til gjeldande strategiske næringsplan for Nordhordland og Gulen er måla for det regionale næringsarbeidet følgjande:

"Kommunane i regionen skal i fellesskap medverke til at det vert utvikla bedrifter med god lønsemd i regionen. Dette skal skje gjennom eit konstruktiv samarbeid med næringslivet, fylkeskommunen og statlege styresmakter".

Rådgjevings- og rettleiingsfunksjonen:

Regionrådet skal vere samtalepartner og rådgjevar for næringsaktørar i regionen, medverke ved utforming av forretningsidear og skal ha oversikt over rettleiingsapparat og støtteordningar.

Rådet skal medverke til ei god utvikling i bedriftene og skape gunstige vilkår for etablering av nye verksemder - her under legge særleg vekt på å nå fram med rettleiing til kvinnelege bedriftsleiarar og etablerarar.

Eigenkompetansen og kunnskapen i Regionrådet sin administrasjon innafor aktuelle fagområde skal utviklast vidare.

Regionrådet sin administrasjon skal til ei kvar tid ha naudsynt kapasitet til å kunne bistå personar/bedrifter som har trong for rettleiing. Her under ta eit ansvar for meir proaktiv rettleiing og elles vektlegging rettleiing innafor finansrelaterte og leiingsorienterte tenester.

Regionrådet skal medverke til gjennomføring av eitt etablerarkurs i løpet av året 2000.

Regionrådet skal samarbeide tett med kommunane og med andre offentlege organ på regions- og fylkesnivå i gjennomføringa av tiltak.

Prosjekt- og utviklingsarbeid.

Regionrådet vil ta initiativ til, samordne, og gjennomføre næringsutviklingsprosjekt i regionen. Dette arbeidet vil i stor grad ta utgangspunkt i Strategisk næringsplan og anna felles planlegging for regionen.

Informasjonsarbeid og marknadsføring.

Regionrådet skal informere bedrifter og etablerarar innafor sitt geografiske område om relevant næringsutviklingsarbeid, kompetansetiltak og støtteordningar.

Regionrådet må m.a. ha ein fruktbar og nær kontakt med Europa-kontoret, med fylkeskommunen sin seksjon for næring og arbeid og med det regionale SND-kontoret.

I tillegg er følgjande konkrete informasjonstiltak planlagt for 2000:

- Orientere om finansieringsordningar - vere "møtepunkt" mellom ulike finasierings- og rettleiingsinstitusjonar på fylkes- og statsnivå og bedrifter/etablerarar.

- Vidare utvikling av Regionrådet si heimeside på internett (Nordhordland.net).

- Fellesmøte med Nordhordland Handverk- og Industrilag og politikarane i regionen.

Elles skal Regionrådet bidra til å marknadsføre regionen som ei god stad å busette seg og til å etablere og utvikle næringsaktivitet i.