Hit Counter

e. 06.10.04

 

Strategisk Næringsplan for Regionrådet

 

Handlingsprogram
1997

Innhald
Innleiing 
  
Strategi 1:Marknadsføring av regionen som etableringsstad
Prosjekt 1.1:Nordhordlandsregionen på internett
Prosjekt 1.2:Nordhordland på kulturkartet
  
Strategi 2:Stimulere til omstilling og nyetablering
Prosjekt 2.1:Vidareutvikling av eit regionalt ressurssenter for næringslivsutvikling
  
Strategi 3:Utnytte oljeaktiviteten som motor.
Prosjekt 3.1:Marknadsutvikling og kompetanseheving i petroleumsrelatert leverandørindustri i Nordhordland
  
Strategi 4:Vidare utnytting av råstoff frå havet
Prosjekt 4.1:Oppdrett av nye marine arter
Prosjekt 4.2:Kompetanseheving innanfor havbruk og fiskeindustri
  
Strategi 5:Utvikling av reiselivet.
Prosjekt 5.1:Prosjekt «Bli kjent i Nordhordland»
Prosjekt 5.2:Prosjekt «Bergen som nærmarknad»
  
Strategi 6:Effektiv og næringsvennleg offentleg sektor.
Prosjekt 6.1:Samarbeid om ei offentleg og einsarta forvaltning av Plan- og bygningslova
Innleiing Den første strategiske næringsplanen for Nordhordland og Gulen vart utarbeidd i 1992 og vedteken av Regionrådet 27. april same år. Seinare har tiltaka i planen vore reviderte hausten 1993.
Dette er såleis den første omfattande revisjonen kor ein på ny både har drøfta «ståstad» for regionen, overordna mål for næringsplanarbeidet, og strategiar og tiltak i planen.

Regionrådet for Nordhordland og Gulen har sett behov for eit styringsverktøy for det regionale næringsarbeidet, og spesifikt i samband med bruken av omstillingsløyvinga som rådet forvaltar for fire av kommunane i regionen.
Formålet med dette dokumentet er såleis fleirsidig:

 
bulletUtvikle ein overordna næringsstrategi for regionen.
bulletFå til ei samhandling i strategi- og tiltaksutforminga med statlege og fylkeskommunale organ.
bulletEin klårt uttalt næringspolitikk på regionnivå vil effektivisere både handlingar og samarbeidstiltak som kvar einskild kommune vil setje inn.
bulletRegionen skal kome i forkant av dei utfordringar som vi står overfor dei næraste åra.

Det regionale tiltaksarbeidet er organisert i Regionrådet for Nordhordland og Gulen, som omfattar kommunane Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland og Radøy i Hordaland og Gulen i Sogn og Fjordane. Desse kommunane utgjer tilsaman det som i dette dokumentet vert kalla «regionen». Strategisk Næringsplan for Nordhordland og Gulen 1997 - 2000, er vedteken av Region-rådet i januar 1997. Handlingsprogram for oppfølging av næringsplanen ligg føre som eige dokument.

Om prosessen

For oss har prosessen med utforminga av plandokumentet vore viktig i seg sjølv. Vi har samla ei prosessgruppe med ca. 40 deltakarar frå næringslivet, fagrørsla, den statlege og kommunale forvaltninga samt det politiske nivået i kommunane. Saman har vi brynt meiningane våre mot kvarandre før vi har kome fram til hovedelementa i dette dokumentet. Gjennom arbeid i prosessgruppa har vi skaffa oss ei felles oppfatning av den næringsmessige situasjonen i regionen i dag og drøfta overordna mål for næringsarbeidet. Etter å ha utvikla ei felles erkjenning av kor vi er og kor vi skal, har prosessgruppa drøfta strategiane som mest effektivt kan føre oss frå ståstaden til målet.

Prosessgruppa har konkret vurdert forhold knytta til sterke og svake sider ved regionen og utfordringar som regionen står framfor. Gruppa har drøfta og justert det overordna målet for næringsarbeidet i regionen og vurdert strategiane for det vidare planarbeidet.
Drøftingane avslørte at det meste av det som vart formulert og vedteke i samband med planarbeidet i 1992 framleis står ved lag. Nokre nye faktorar vart trekte fram, medan andre vart mindre vektlagt no enn tidlegare.

Handlingsprogrammet som så er utforma av dei einskilde «strategigruppene», byggjer på denne overordna og heilskaplege tenkinga. Styringsgruppa for planarbeidet har vore samansett av Regionrådet sitt næringsutval supplert med to rådmenn.
Regionrådet sin administrasjon har vore sekretær for gruppene, og Petter Løvik, Høgskolen i Volda, har vore prosesskonsulent.

Dei viktigaste kjenneteikna ved situasjonen i regionen i dag
«Kvar er vi?»

Dei sterke sidene ved regionen

Petroleumsindustrien
Petroleumsindustrien er framleis ei av dei sterke sidene til regionen. Hydro sin forsyningsbase og Statoil sitt anlegg med raffineri, FoU-miljø og råoljeterminal har store direkte positive konsekvensar for sysselsetjinga. Dei store selskapa gir oss tilgang på viktige nettverk. Raffineriet og basen representerer viktige marknader for underleveransar frå lokale verksemder. Utbygjinga på Mongstad har gitt regionen ein godt utvikla infrastruktur, med verdas 7. største hamn og store tilrettelagde næringsareal.

Plasseringa
Regionen ligg særs gunstig til i høve til Bergen, og dermed til nasjonale og internasjonale marknader. Vi har og ei god plassering i høve til aktivitetane som går føre seg i Nordsjøen. Vi har gode hamnetilhøve, ikkje minst på begge sider av Fensfjordbassenget - på Mongstad-området og i Sløvåg. Kommunikasjonane vart ytterlegare forbetra i samband med at Nordhordlandsbrua vart opna i 1994. Reisetida til Bergen sentrum og Flesland lufthamn er kort og aukar tilgangen for varer og service inn og ut av Nordhordland.

Naturgitte ressursar
Regionen har eit potensiale for nyetablering og utvikling av næringslivet med basis i naturgitte ressursar, herunder tilgang på råstoff som olje. gass og fisk.
Vi må leggje vekt på å sikre jordbruket sin plass i ein variert næringsstruktur, og den aukande tilveksten i skogen må foredlast så langt mogeleg innanfor eige område.
Ved sidan av kystlandskapet har regionen ein rik kulturarv som vi må verne om. Vi vil her streke under kulturlandskapet sin verdi både for fastbuande og i reiselivssamanheng.
Mennesket sjølv utgjer den viktigaste ressursen for regionen. Nordhordland og Gulen har, som ein av dei største verdiane sine, ein ung og velutdanna folkesetnad.

Samarbeidskultur
Vi har innsett at vi gjennom samarbeid på tvers av organisasjons- og kommunegrenser, lettare får resultat av innsatsen enn om vi skulle trekt i kvar vår retning. Både kommunane, verksemdene og fagrørsla har organisert samarbeid med regionen som geografisk eining. Denne gjensidige kjennskapen og kontakten skaper voner om ei fortsatt positiv utvikling for bedrifter og etablerarar.

Internasjonale kontaktar
Kommunane og kulturlivet i regionen har aktiv internasjonal kontakt. Dei større, og fleire av dei mellomstore, verksemdene i regionen sender største delen av produkta sine ut på den internasjonale marknaden. I dette ligg det eit potensiale og for andre bedrifter i regionen å satse på eksportmarknaden.

Dei svake sidene ved regionen

Lågt foredlingsnivå
Vi har konstatert at regionen er rik på ressursar. Sjølv om tilverkingsgrada av fiskeressursane, særleg frå oppdretts-anlegga, har auka er det framleis eit potensiale i å utnytte råstoffa betre lokalt. Når det gjeld skog- og steinressursane er den lokale utnyttinga særs låg.

Låg kompetanse for omstilling
Vi er inne i ei tid med skjerpa konkurranse både på heimemarknaden og ute. Framleis er kompetansen for å møte krava til omstilling og fornying for lav i fleire verksemder. Dette gjeld alle ledd av produksjonen, men og innan leiarfunksjonane. Tilhøve som bør kunne betrast er evna til å stille seg offensivt til framtidige behov i marknaden, drive produktutvikling og marknadsføring samt kunne byggje opp nettverk mellom bedriftene.

Svake rammevilkår
Den generelle situasjonen i Noreg med manglande risikovillig kapital til rådvelde for mindre og mellomstore bedrifter merkast og i vår region. Ofte kan sjølv gode prosjekt mangle finansiering. I fire av kommunane våre har verksemdene heller ikkje tilgang på distriktspolitiske verkemidlar. Kommunane i regionen har ein pressa økonomi. Utan ei betring i den kommunale økonomiske handlefridomen vert det vanskelegare for kommunane å vere aktive medspelarar i næringsutviklingarbeidet.

Sentrale utfordringar fram mot år 2000

Internasjonalisering og skjerpa konkurranse.
Næringslivet vil få merke at det går mot ein stadig sterkare konkurranse, både nasjonalt og internasjonalt, etter som økonomien vert meir open. Bedriftene vil måtte forhalde seg til desse utfordringane. Det vil bli viktigare enn nokon gong å vere seg bevisst og utnytte fortrinna sine, og kompensere for dei svake sidene ein har.

Miljøutfordringa
Regionen må ta omsyn til ei sterkare miljøfokusering både i Noreg og internasjonalt. Det at regionen er avhengig av olje- og gassindustrien, kombinert med utnytting av fiskeressursen, gjer at vi lever med store miljømessige utfordringar. Miljøomsynet er ikkje minst ei utfordring i form av å få fram miljøvenlege eller miljøprofilerte varer og tenester.

Auka behov for arbeidsplassar
Folkemengda i aldersgruppa 20 til 66 år i regionen er venta å auke med omlag 200 personar pr. år fram mot år 2000. Dette vil skape ein auka etterspurnad etter arbeidsplassar. Sjølv om talet på arbeidslause har gått ned dei seinare åra, er framleis omlag 900 personar i regionen utan arbeid eller sysselsette på ekstraordinære tiltak. Om vi ikkje reknar med større endringar i netto utpendling frå regionen vil det likevel vere trong for omlag 1200 fleire arbeidsplassar i regionen fram mot år 2000. Etter som fleire og fleire av dei unge skaffar seg høgare utdanning vert det ikkje minst viktig å leggje tilhøva til rette for at også desse skal få tilbod om arbeid i Nordhordland og Gulen.

Større breidde i produksjons- og tenestetilbodet
Framleis må mange tenester som nyttast i regionen, av einskild personar, bedrifter og kommunar, hentast inn frå Bergensområdet eller nasjonalt, sjølv om det er marknads-grunnlag for slik tenesteproduksjon lokalt. Tilsvarande kan det vere grunnlag for å starte opp produksjon av varer som kan vekse og utvikle seg med basis i lokal etterspurnad.

Oppretthalde levande bygder med fast busetnad
Det vert ei viktig oppgåve å medverke til at bygdene vert oppretthaldne som attraktive stader for folk å bu og ha sitt virke. Vi ønskjer å sikre jordbruket sin plass i næringsstrukturen i regionen og samstundes veit vi at det på sikt er grunnlag for å auke avvirkinga og vidareforedlinga av skogen. Landbruket er ei næring som pr. definisjon er arealkrevjande og som ikkje kan sentraliserast. Kombinerer vi desse faktorane med ønskje om å ta vare på kulturlandskapet vårt, vert det ikkje vanskeleg å sjå konklusjonen om at vi må arbeide for å halde oppe næringsgrunnlaget og styrkje tilleggsnæringane i bygdene.

Overordna mål for næringsarbeidet i regionen: «Kvar skal vi?»

MÅLFORMULERING

Kommunane i regionen skal i fellesskap medverke til at det vert utvikla bedrifter med god lønsemd i regionen. Dette skal skje i eit konstruktivt samarbeid med næringslivet, fylkeskommunen og statlege styresmakter. På denne måten skal noverande arbeidplassar sikrast eller erstattast og det skal bli utvikla 1.200 fleire arbeidsplassar i regionen fram mot år 2000.

GRUNNGJEVING FOR MÅLET:

Måltalet for auken i arbeidsplassar tek omsyn til veksten som vil kome i yrkesaktiv befolkning i regionen. Målet set innleiingsvis fokus på det ansvaret kommunane har for gjennomføringa av næringspolitikken i regionen. Skal målet vere oppnåeleg vil det krevje ei monaleg samhandling mellom kommunane. Det etablerte regionsamarbeidet må difor bli vidareutvikla og styrka. Målformuleringa understrekar kor viktig det er at kommunane i regionen samarbeider konstruktivt med andre sentrale aktørar i næringsarbeidet. Målet fokuserer sterkt på lønsemd i eksisterande verksemder, og på at nyetableringar i regionen må bli tufta på kravet til lønsemd. Det er berre gjennom lønsemd og soliditet at bedriftene er i stand til å utnytte dei fortrinna regionen har, drive nyskaping, sikre og auke sysselsetjinga.

MÅLINGA AV RESULTATA

1. Lønsemdvariabelen.
Resultatmålingane blir knytt til utviklinga av evna til sjølvfinansiering og eigenkapitalutvikling hos bedriftene. Desse variablane skal ha minst like god utvikling i regionen, som for fylket sett under eitt.

2. Arbeidsplassvariabelen.
Målinga av nettoveksten i sysselsetjinga i regionen må arbeidsmarknadsetaten ta eit særskilt ansvar for. Resultatmålingane skal skje årleg frå 1996, og danne grunnlag for ei årsrapportering og rullering av næringsplanen annan kvart år.

LØPANDE TILTAKSARBEID

Tiltaksarbeid har lange tradisjonar i regionen. Strategiplanen vert såleis tildels utforma av og innafor organ/institusjonar som driv eit løpande næringsutviklingsarbeid. Særskilt har generell hjelp til nyskaping/etablering og rettleiing for eksisterande verksemder vore eit vanleg verkemiddel. Dette vil fortsatt bli ei prioritert oppgåve for tiltaksapparatet i regionen. Ei særskilt satsing på kvinner som vil skape sin eigen arbeidsplass, er og ei prioritert oppgåve.

Strategiar
«Korleis kjem vi oss mest effektivt frå ståstaden til målet?»

Vi har valt oss 6 strategiar, som ikkje er innbyrdes prioriterte, men like viktige for at målet skal realiserast.

1. Marknadsføring av regionen som etableringsstad.

2. Stimulering til nytenking, omstilling og nyetablering.

3. Utnytting oljeaktiviteten som motor.

4. Vidare utnytting av råstoff frå havet.

5. Utvikling av reiselivet.

6. Effektiv og næringsvennleg offentleg sektor.

Føresetnader for å lukkast

Strategiane er av overordna karakter, og er valde etter at vi har formulert utgangspunktet og målet for næringsplan- arbeidet. I handlingsprogrammet er det definert konkrete samarbeidstiltak som er knytta til strategiane. Vi ser at vi har fleire fortrinn i regionen i næringssamanheng, men skal vi lukkast med å nå målet må vi utvikle eit godt og realistisk sjølvbilde. Vi må synleggjere bedrifter og personar i regionen som har oppnådd resultat, og vi må satse på tiltak som og marknadsfører og profilerer regionen internt blant innbyggjarar og næringsliv.

Strategi 1:
Marknadsføring av regionen som etableringsstad

Vi har konstatert at fortrinna våre m.a. er knytta til plasseringa vår i høve til den store nærmarknaden i Bergen, men og til Europa. Utviklinga av kommunikasjonane dei seinare åra har ytterlegare styrka posisjonen vår i høve til desse marknadene. I tillegg til ein generell marknadsføring av regionen som etableringsstad, vil vi konsentrera oss om marknadsføring av spesifikke geografiske område, t.d. Fensfjordområdet, som etableringstad for industri og tilknytta serviceverksemd. Elles må vi arbeide med defineringa av kva vi skal marknadsføre og mot kva for nokre målgrupper vi skal vende oss. For regionen vil det både vere trong for ei ekstern marknadsføring og ein intern mobilisering. Vi må søkje å finne fram til funksjonar som det er ønskjeleg å få etablert i regionen, alt frå nye verksemder og hamnefunksjonar til statlege etatar og høgskuletilbod.

Strategi 2:
Stimulere til nytenking, omstilling og nyetablering

Eksisterande næringsliv har kontinuerleg trong for omstilling og utvikling for å kunne overleve i den nasjonale og internasjonale marknaden. Samstundes er situasjonen slik at vi ikkje kan vente vesentleg auke i talet på arbeidsplassar i tradisjonell produksjon. Det er såleis naudsynt både å satse på utvikling av nye produkt, marknader og på nyetableringar. Det bør leggjast til rette for fremje av entreprenørskap m.a. gjennom utvikling av Distriktaktiv skule. Vi bør og få vurdert etableringa av eit regionalt nyskapings- og utviklingsfond.

Strategi 3:
Utnytte oljeaktiviteten som motor

Olje- og gassindustrien med all den kompetansen som den representerer må framleis vere ein motor i næringsutviklinga i regionen. Vi vil prioritere tiltak som kommersialiserer forretningsidear innan denne sektoren, og ønskjer eit samarbeid med dei store industriselskapa om ei slik utvikling. Vi ser og eit potensiale for auka underleveransar frå det øvrige næringslivet i regionen til olje- og gass-sektoren. Elles har vi tidlegare peika på at det er viktig å marknadsføre Mongstad-området slik at vi får etablert bedrifter med spesialkompetanse som ein i dag saknar i regionen.

Strategi 4:
Vidare utnytting av råstoff frå havet

Regionen er rik på fiskeråstoff og har god kunnskap om foredling og sal av fiskeprodukt. Framleis er det grunnlag for å utnytte ressursane betre, her under auke mengda av landa kvitfisk i regionen. Vi må utnytte fortrinna våre og medverke til nyetableringar, knoppskytingar eller produksjons- utvidingar, som og har god sysselsettingseffekt. Vi må framleis satse på kompetanseoppbygging i foredlingsindustrien og styrkje det faglege miljøet. Vi må elles leggje tilhøva til rette for at vi i regionen kan skape nye arbeidsplassar basert på oppdrett og foredling av «nye» marine artar som kveite, hummar, reker og ulike skjelartar.

Strategi 5:
Utvikling av reiselivet

Regionen har inntil nyleg vore relativt svakt utvikla i reiselivssamanheng, både med omsyn til overnattingskapasitet og opplevingstilbod. I dei siste åra har det vore stor etableringsaktivitet i næringa. Fleire interessante prosjekt er på planleggingsstadiet og nokre under utbygging. Men framleis er det trong for nye tiltak og oppfølging og utvikling av prosjekt som er i arbeid. Det pågår elles p.t. eit arbeid med å lage ein reiselivsplan for Nordhordland. Dette er ei viktig oppgåve dersom vi ønskjer ei styrt utvikling i næringa og ei målretta marknadsføring av regionen både over utanlandske turoperatørar og mot Bergensområdet.

Strategi 6:
Effektiv og næringsvenleg offentleg sektor

Den offentlege sektoren er ein viktig faktor for utviklinga i næringslivet. Ein offentleg sektor, både kommunal og statleg, som fungerer godt og er innstilt på å yte service ovanfor næringslivet vil vere eit monaleg konkurransefortrinn for distriktet. I samband med ein regional strategi på dette området bør ein drøfte tilhøve som; forvaltningspraksis, infrastruktur, offentleg innkjøps- og utviklingspraksis og prissetting av sentrale tenester.

 

Tabell for kostnader og finansiering av prosjekta i handlingsplanen:

Tiltak 1.1 - Nordhordlandsregionen på Internett

Prosjektansvarleg:......Jostein Skråmestø, Regionrådet
Prosjektleiar:..........Paul-G. Scholz
Startdato:..............Januar 1997
Sluttdato:..............Desember 1997

Bakgrunn:
Val av rette kanalar er viktig når me ynskjer at bodskapen vår skal nå fram. Internett er på kort tid vorte akseptert som eit særs kraftig og fleksibelt medium for marknadsføring. Norsk Gallup sin prognose er at nesten 300.000 husstander i Norge vil ha tilgang på Internett innan 1997. I tillegg vil fleire og fleire verksemder ta internett i bruk.
Med enkle midlar kan kommunane og interkommunale tiltak i Nordhordland presentera seg for eit stadig aukande publikum. Samstundes har me høve til å henta ned global informasjon og kunnskap som andre har lagt ut på nettet For god rådgjeving og saksutgreiing er dette særs verdfullt. I tillegg kan ein gjennom elektronisk postgang (E-post) senda og motta dokument på ein meir effektiv måte enn dagens kommunikasjon med fax eller pr. brev. Her kan kommunar og interkommunale tiltak unngå dobbelt arbeid og spara papir.

Målsetting:
bullet Marknadsføra regionen for potensielle bedriftsetablerarar og bustadsøkjarar, med vektlegging på oppbygging av lokal identitet og sjølvkjensle.
bullet Regionrådet og kommunane i Nordhordlandsregionen vert knytta til Internett via eigne abonnement og eigne E-post adresser.
bullet Regionrådet etablerer si eiga heimeside på Internett med lenker til kommunane, interkommunale tiltak og næringslivet i regionen.
bulletKommunane og interkommunale tiltak etablerer sine eigne heimesider på Internett.
bullet Sidene vert vedlikehaldne etter felles plan.

Innhald:
bulletInnsamling av opplysningar og kartlegging av dagens situasjon.
bulletFastlegging av «standard» for alle kommunane basert m.a. på tilråding frå Kommunenes Sentralforbund.
bulletGjennomføring av tilkobling i alle kommunar.
bulletEtablering av heimesider for regionrådet og kommunane.

Kostnad:
kr. 100.000,-

Finansiering:
Regionrådet kr. 100.000,-

Tiltak 1.2 Nordhordland på kulturkartet.

Prosjektansvarleg:......Eilif M. Berntsen
Prosjektleiar:..........Gunn Tone S. Skauge
Startdato:..............januar 1997
Sluttdato:..............desember 1997

Bakgrunn:
Alt frå oppstarten av det strategiske næringsplanarbeidet i Nordhordland og Gulen, har kultur i vid forstand vore ein viktig del i marknadsføringa av regionen og i arbeidet med den lokale identitetsskapinga. Utviklinga av «Håkonarspelet» er m.a. eit resultat av eit initierande arbeid i ei av strategi- gruppene i regionen.
I Nordhordland har det vore eit kulturformidlingsprosjekt i 3 år. Prosjektleiaren har teke del i utviklinga av mange tiltak som no er i gang i regionen. Tiltak 1.2 vil m.a. medverke til å oppretthalde kontinuitet og framdrift i dette arbeidet.

Føremål:
Gjere Nordhordland og Gulen til eit attraktivt område å bu og arbeide i gjennom å setje regionen på kulturkartet.
Gjera synleg mangfaldet i kulturlivet i Nordhordland og Gulen og stimulera til medverknad og nyskapning. Styrkja og utvikla regionen vidare som eit kulturelt tyngdepunkt på Vestlandet.
Betra tilgjenge og spreia bodskapen om kultursatsinga i Nordhordland.

Innhald:
Vidareføring av utviklingsprosjekt i regionen:
bullet1. Kulturformidlinga Håkon den Gode - Håkonarspel på Seim og i Gulen.
bullet2. Oppbygginga og gjennomføringa av Kystsogevekene i regionen.
bullet3. Utvikling og marknadsføring av Lyngheisenteret.
bullet4. Norsk Kulturregister. Registrering av alle arrangement i Nordhordland og Gulen på Internett.
bullet5. Vere pådrivar lokalt for kultursatsinga i kommunane.
bullet6. Oppfølging av handlingsplanen for styrking av dei estetiske faga og kulturdimensjonen og grunnskulen.

Kostnad:
Fase 1 - 1.1. - 31.08.97.......kr. 200.000,-
Fase 2 - 1.9. - 31.12.97.......kr. 100.000,-

Finansiering:
Fase 1.
Regionrådet....................kr. 80.000,-
Reiselivslaget.................kr. 20.000,-
Hordaland fylkeskommune........kr. 100.000,-
Fase 2.
Regionrådet....................kr. 20.000,- Reiselivslaget.................kr. 10.000,- Fylkeskomm./andre..............kr. 70.000,-

Tiltak 2.1 Vidareutvikling av eit regionalt ressurssenter for næringslivsutvikling.

Prosjektansvarleg:......Eilif M. Berntsen
Prosjektleiar:
Startdato:..............mars 1997
Sluttdato:..............april 1998

Bakgrunn:
Det eksisterande næringslivet har kontinuerleg trong for omstilling og utvikling for å kunne overleva i den nasjonale og internasjonale marknaden. Det er og trong for å satse på utvikling av nye produkt, få vurdert nye marknader og alliansar og bistå til nyetableringar.
Nordhordland Tiltakskontor og seinare Regionrådet har regionalt hatt ein funksjon i dette arbeidet. Ved ei vurdering av den framtidige organseringa av næringsutviklingsoppgåvene i regionen må vi ta omsyn til denne noverande interkommunale organiseringa.

Hovedmål:
Gjennomgå eksisterande organisering av næringsutviklingsarbeidet i Nordhordland og Gulen og tilrå mogelege organisatoriske endringar og andre tiltak som vert vurdert som naudsynte for å få tilpassa administrering og gjeremåla til dei krav som «framtida» stiller til arbeid med omstillingar og nyetableringar i regionen.

Delmål:
I vurderingane skal ein m.a. avklåre tilhøve for følgjande funksjonar:
bulletOpplæring: - faglege kurs - leiaropplæring, m.v. - ansvar og gjennomføring.
bulletHjelp i samband med formelle tilhøve/organisering - medverke til utvikling av forretningsidé - etablerarrettleiing - finansiell rettleiing.
bulletRegionalt etablerarsenter - ressurssenter for etablerarar.
bulletDistriktaktiv skule i Nordhordland.
bulletRegionalt «infosenter» basert på kontaktnett og kunnskap om informasjonskanalar. Informasjon henta frå kommunalt nivå, fylkesnivået, stat, EU-organisasjonar og næringslivet. Målgruppe: bedrifter, etablerarar og kommunar.

Innhald:
bulletKartlegging av situasjonen i dag. Gjere vurderingar i høve til uttrykt behov og med basis i samanlikningar med andre regionar.
bulletOmtale organisering og innhald for dei ulike næringsutviklingsfunksjonane. Greie ut om omfang og kostnadsnivået for ein regional administrasjon, her under om mogeleg ekstern prosjektfinansiering og eigeninntening basert på tenesteproduksjon.
bulletDelta i delprosjekt/utviklingsoppgåver som er omtala i målsettingsoversynet.

Kostnad:
kr. 300.000,-

Finansiering:
Regionrådet.......kr. 200.000,-
Andre.............kr. 100.000,-

Tiltak 3.1 Marknadsutvikling og kompetanseheving i petroleumsrelatert leverandørindustri i Nordhordland.

Prosjektansvarleg:.....Jostein Skråmestø, Regionrådet
Prosjektleiar:.........Leiv G. Madsen, Madsen Bedriftsutvikling.
Startdato:.............Januar 1997
Sluttdato:.............Mai 1997

Bakgrunn:
Dei store selskapa på Mongstad gir oss tilgang til viktige nettverk. Både raffineriet og Hydro sin oljebase representerar viktige marknader for leveransar frå lokalt næringsliv. Utbygginga av lokale nettverk mellom leverandørbedriftene for å stå betre rusta både på den regionale marknaden og elles på Vestlandet er eit relevant og på sikt naudsynt tiltak om ein ønskjer å halde oppe leveransane i eit prispressa og kvalitets- medvite oljemiljø.
Tiltaket vil vere eit forprosjekt kor ein prøver å organisere leverandørbedrifter i Nordhordland med sikte på å kunne få arrangert og delfinansiert eit større SND-nettverksprogram.

Hovedmål:
bulletIdentifisere verksemder med leiarar som er motiverte til å ta del i nettverksdanning med sikte på leveransar av varer eller tenester til petroleumsverksemda på Vestlandet.
bulletIdentifisere og vurdere aktuelle nye forretningsområde hos hovedkundene, her under definere krav til kompetanse og organisasjon hos leverandøren.
bulletFinne fram til egna nettverksdeltakarar frå regionen.
bulletVurdere trongen for ekstern nettverksdeltaking.
bulletLeggje fram forslag til eit eller fleire nettverk med organisering, aktivitetsplan og finansieringsplan.

Innhald:
bulletKartleggje framtidige behov hos hovedkundene.
bulletFølgje opp aktuelle leverandørar med sikte på deltaking i nettverk.
bulletKartleggje kompetansenivået hos deltakande verksemder.
bulletVurdere trongen for ekstern nettverksdeltaking, evnt. kompetansepartnarar.
bulletUtforme framlegg til nettverksprosjekt basert på krav hos kunden og behov hos deltakarane.
bulletUtarbeide framlegg til førebels samarbeidsavtale.
bulletVurdere innhald (arbeidsmengde og økonomi) i ein fase 2 (Planfasen) i SND sitt nettverksprogram - utforme søknad til SND.
bulletUtarbeide prosjektrapport.

Kostnader:
Konsulent........................kr. 75.000.
Administrasjon og diverse........kr. 15.000.

Finansiering:
Regionrådet......................kr. 90.000.

Tiltak 4.1. Oppdrett av nye marine arter.
Prosjektansvarleg:......Eilif M. Berntsen
Prosjektleiar:
Startdato:..............Våren 1997
Sluttdato:..............Våren 1998

Bakgrunn:
Både nasjonalt og i Nordhordland er det ei auka interesse for å setje igang oppdrett av andre arter enn laksefisk. I vår regionen er det lokalitetar kor slik produksjon er aktuell. Varmtvatn frå raffineriet på Mongstad kan m.a. utnyttast til akvakultur føremål. Ikkje minst gjeld dette yngelproduksjon innafor arter kor det p.t. er mangel på yngel i marknaden.

Føremål:
Bidra til oppdrett av nye marine arter i Nordhordland og Gulen m.a. gjennom kompetanseoppbygging. Bistå til danning av nettverk kor ein trekkjer dei som vil prøve seg i næringa saman med røynde oppdrettarar og ulike kompetansemiljø i regionen og i Bergens-området elles.

Innhald:
Bistå med kompetanseoppbygging og nettverksdanning. Vurdere grunnlaget for lokal yngelproduksjon.

Kostnad:
kr. 100.000,-

Finansiering:
Regionrådet.......kr. 100.000,-

Tiltak 4.2: Kompetanseheving innanfor havbruk og fiskeindustri
Prosjektansvarleg:.....Jostein Skråmestø
Prosjektleiar:
Startdato:.............Våren 1997
Sluttdato:.............Våren 1998

Bakgrunn:
I strategi 4 blir det m.a. peika på at regionen er rik på fiskeråstoff og har god kunnskap om foredling og sal av fiskeprodukt. Framleis er det grunnlag for å utnytte ressursane betre, herunder auke mengda av landa kvitfisk i regionen. Vi må utnytte fortrinna våre og medverke til nyetableringar, knoppskytingar eller produksjons-utvidingar, som og har god sysselsettingseffekt. Vi må framleis satse på kompetanseoppbygging i foredlingsindustrien og styrke det faglege miljøet.

Målsetting:
bulletHeva den formelle kompetansen til dei som i dag er sysselsette i fiskeindustrien, oppdrettsnæringa og fiskerinæringa generelt i regionen.
bulletStimulere næringa til auka kunnskap om nye produksjonsmetodar, produktutvikling og oppdrett av nye artar, samt kunnskap om effektivisering av drift og produksjon.
bulletGjennom ulike tiltak auka statusen til næringa og betra rekrutteringa, særleg av ungdom som skal velja utdanningsveg etter grunnskuleutdanninga.
bulletStimulere til oppretting av fleire lærlingeplassar i næringa.
bulletStimulere til kompetanseutvikling gjennom ulike internasjonaliseringstiltak.

Innhald:
bulletTilrettelegging for kompetansegjevande kurs, som f.eks. §20-kurs, til ufaglært arbeidskraft i næringa slik at dei kan få ei formell fagutdanning og fagbrev.
bulletStimulere næringa gjennom økonomiske støtteordningar og etterutdanning for å få til ei kvalitetsheving, auka effektivisering, nye produksjonsmetodar, utvikling av nye produkt og utviding av produksjonen/auka sysselsetjing i næringa.
bulletGjennom samarbeid med vidaregåande skular leggja tilhøva til rette for utplassering av ungdom under utdanning og marknadsføra næringa overfor den ungdomsgruppa som søkjer vidaregåande utdanning.
bulletOppfordra flest mogeleg fagarbeidarar i næringa til å ta instruktørkurs som gjer dei i stand til å vera rettleiarar for lærlingar.
bulletStimulera til samarbeidsprosjekt med utanlandske bedrifter innan næringa, t.d. ved å gjera det mogeleg for fagarbeidarar eller ungdom under utdanning å hospitera ved bedrifter i utlandet i kortare eller lengre periodar.

Kostnad:
kr. 100.000,-

Finansiering:
Regionrådet......kr. 100.000,-

Tiltak 5.1 Prosjekt "Bli kjent i Nordhordland"
Prosjektansvarleg:.....Anne Marie Reistad
Prosjektleiar:
Startdato:.............våren 1997
Sluttdato:.............våren 1997

Bakgrunn:
Ein er kjent med at informasjons- og salsmedarbeidarar av reiselivsprodukt i Hordaland har for lite kunnskap og kjennskap til distrikta sine mangfald av opplevingar, attraksjonar, overnatting m.m.. I tillegg har dei lite geografisk kunnskap og innsikt, slik at turistane kan oppleva å bli feilinformert og vidaresendt - i verste fall i feil geografisk retning og inn i feil reiselivsområder.

Hovudmål:
Prosjekt "Bli kjent i Nordhordland" ynskjer å setja fokus på fylgjande:
bulletAuke kunnskapen om og bidra til at Nordhordland som reisemål vert gjort betre kjent og tilgjengeleg for frontlinepersonell som arbeider i reiselivet og tilknytta næringar, i Bergen og ikringliggande reisemål og destinasjonar.
bulletSkolere frontlinepersonell til å selje og anbefale Nordhordland som eit spanande mål å reise til, oppleva og opphalda seg i.
bulletAuka volumet av tilreisande til Nordhordland gjennom å auka kunnskapsnivået hjå reiselivsseljarane.

Innhald:
bullet1.Gjennomføre Nordhordland-seminar i byen og distrikta. (1 dag pr. stad.) Kompetanseutvikling, informasjonsspreiing og kunnskap om distrikta gjev fagleg tryggleik og aukar vår profesjonalitet mot kunden og utad i marknaden.
bullet2. Bli kjent i Nordhordland. Gjennomføre helgeturar i Nordhordland med felles buss og guide. Nordhordland rundt på 2-3 dagar. Ein tur der ein får høve til å gjera seg kjent med reiselivsproduktet i Nordhordland, reiselivskolleger i andre produktområder, og næringa sine eigne aktørar.
bulletSom ny «Nordhordland-ambassadør» motta følgjande påskjønning etter gjennomført opplæringspakke: Nordhordland -pin -plakett -diplom -genser -informasjonsperm -bilete av «bli kjent gjengen.»

Kostnad:
kr 170.000,-

Finansiering:
Regionrådet:.....................kr 100.000,-
Reiselivsnæringa:................kr 50.000,-
Eksternt næringsliv/sponsorar....kr 20.000,-

Tiltak 5.2 Prosjekt "Bergen som nærmarknad"
Prosjektansvarleg:......Anne Marie Reistad
Prosjektleiar:..........Kari Evensen Natland
Startdato:..............hausten 1997
Sluttdato:..............sommaren 1998

Bakgrunn:
Nordhordland har ein unik føremon med sin nærleik til Bergen. Reiselivsregionen kan visa til stor breidde i produkttilbodet, samtidig som etableringsaktiviteten med ny satsing i produktmassen fram mot år 2000, bidreg til at Nordhordland blir sett meir markant på reiselivskartet. Den nye produktutviklinga har solide "reiselivsfyrtårn" som: Meland Golf og Naturpark, Lyngheisenteret, Utvandrarsenteret på Radøy, Håkonarspelet og Kystsogevekene. Fedje vil fortsatt utvikla seg vidare som eit "fyrtårn" i Nordhordland.
Me har vald å konsentrera arbeidet i to segment, «Fritidsbåtmarknaden» og «Incoming cruise.», for å undersøkja, klargjera og definera behov og ynskjer i marknadene.

Nordhordland vil oppnå ei meir målretta og direkte marknadsføring innafor desse to kundesegmenta med bakgrunn i dagens reiselivsståstad, våre naturgitte føresetnader og framtida sine "fyrtårn."

Hovudmål:
Auke volumet av tilreisande gjester til Nordhordland og bidra til å fremja eit meir konkurransedyktig og lønsamt næringsliv i distriktet.
Heva vår kunnskap om etterspørselsforhold og behov i marknadssegmenta cruisetrafikk og fritidsbåtmarknaden.
Omforma denne kunnskapen til målretta arbeid for å skaffa Nordhordland innpass og meirtrafikk i dei to marknadssegmenta.

Innhald:
bulletKartlegge dagens situasjon og innhente data om behov i dei to ulike marknadssegmenta.
bulletUtforma og utprøva, med basis i Nordhordland sine ressursar, målretta tiltak for å tilfredstille marknadssegmenta sine krav.

Kostnad:
kr 300.000,-

Finansiering:
Regionrådet:.....................kr 100.000,-
Hordaland Fylkeskommune..........kr 100.000,-
Reiselivsnæringa:................kr 50.000,-
Eksternt næringsliv/sponsorar....kr 50.000,-

Tiltak 6.1 Samarbeid om ei offentleg og einsarta forvaltning av Plan- og bygningslova.
Prosjektansvarleg:.....Eilif M. Berntsen, Regionrådet
Prosjektleiar:.........Tore Jensen, OPUS Bergen AS
Startdato:.............Januar 1997
Sluttdato:.............Hausten 1998

Bakgrunn:
I strategi 6 har vi peika på at den offentlege sektoren er ein viktig faktor i utviklinga av næringslivet og at ein velfungerande sektor vil vere eit konkurransefortrinn for regionen. Handsaming av saker etter Plan- og bygningslova er eit sentralt forvaltningsområde for kommunane. Slike saker kan ofte involvere fleire partar som kan ha ulike interesser. Saksgangen kan av og til verte vanskeleg og lang, ikkje minst gjeld dette i plansaker. Det må vere ønskjeleg å få til ei god og effektiv sakhandsaming på alle stader i prosessen kor dette let seg gjere.

Hovedmål:
bulletFå til eit betre samarbeid mellom næringslivet og offentleg sektor i samband med utviklinga av utbyggingsprosjekt.
bulletBetre samarbeidet mellom næringslivet og offentleg sektor knytta til overordna planlegging i kommunane og i regionen.
bulletFå til rask handsaming og påreknelege prosedyrar for alle kategoriar saker etter Plan- og bygningslova.
bulletSkape størst mogeleg likskap mellom kommunane m.o.t. krav til innhald, og handsamingsrutinar og gebyr i plan- og byggjesaker.
bulletOppnå ein meir effektiv totalprosess for plansaker og byggjesaksprosedyrar.

Innhald:
bulletInnsamling av erfaringsmateriell og kartlegging av dagens situasjon. Kartlegginga vil munne ut i ein samanliknande analyse for kommunane.
bulletTilråding om konkrete forbetringar.
bulletUtforme og utprøve aktuelle tiltak.
bulletEtablere spesifikke forsøksordningar i ein eller fleire kommunar.

Kostnad:
kr. 500.000.

Finansiering:
Regionrådet:................kr. 200.000.
Hordaland fylkeskommune.....kr. 100.000.
Statlege organ..............kr. 200.000.

 

 

(til toppen)