Juni - Juli Månadens premie

Premie: Tapasbord for ti personar, verdi 3000,- frå Sansetunet + tilleggspremie!

Følgjet frå den kinesiske ambassaden hadde berre tre ønskjer for vitjinga på vestlandet. Å besøke Fløyen og Bryggen var to av dei. Det tredje ønskje var å innta eit herleg måltid på Sansetunet, gardsrestauranten på landet. Sansetunet på Kårbø, Holsnøy, har etterkvart blitt viden kjend for god mat og stor gjestfridom.

Smilande og blide gjer vertsskapet, Ann Sofi og Jan Atle, klart til nytt besøk ein måndag morgon. Dei siste gjestane gjekk seint dagen før og Ann Sofi vasker omhyggeleg av borda for å dekke på nytt. Jan Atle har kontroll med maten. - Vi likar å gjere ting skikkeleg. Ann Sofi brukar gjerne fem timar på å vaske lokala, slik at det er skinnande reint til nye gjestar, fortel Jan Atle. På kjøkkenet sørgjer eg for at råvarene vi nytter er dei beste og vi legg vekt på å  servere mat som er tilverka med lokale råvarer, produsert nærast mogleg Kårbø.

Det gode liv på landet

- Vi flytta på Kårbø for å leve det gode liv på landet. Vi hadde planar om å drive med ‘Inn på tunet’ innan pleie og omsorg – vi er begge utdanna for det, i tillegg til mi kokkeutdanning, fortel Jan Atle. Bygda satte i gong med eit Liv og Lyst prosjekt for å få til ei positiv bygdeutvikling, og det var det som inspirerte oss til å byggje ein restaurant. Vi trivst utruleg godt her på Kårbø og det gode livet på landet er godt og veldig hektisk!

 

Praktbygg

Gardsrestauranten er i ei grindverksløe , som verkeleg må seiast og vere eit praktbygg med utruleg flott handtverk. Inne er det er ope, lyst og høgt under taket. Ein legg med ein gong merke til den lune stemninga i rommet før ein vert dradd mot alle dei spennande detaljane, både i bygget og i dekoreringa. –Vi hadde ei fin samling med gamle ting frå oppveksten min i Dolviken og frå Ann Sofi sin oppvekst i Solund. I tillegg var det ein del ting herifrå også. Vi fekk hjelp frå Elisabeth Tonheim som driv ‘Heilt Originalt’ på Lindås til å setje saman tinga. Alt dette vert gode samtaleemne blant gjestane våre. Heilt spesielt er jo bordet vi har dekka i taket, det synes gjestane er veldig artig.

 

Ingen går skuffa heim.

Og gjestane kjem utan den store annonsering eller nettside. Her er det meste av marknadsføringa basert på folkemunne. I tillegg har dei ei facebook side. Om ein går inn der og ser på omtalene som folk har skrive om Sansetunet, så får dei faktisk 4,8 av 5 stjernar! Det er tydelegvis to ting som gjestane legg merke til og set pris på. Den eine er maten, som får mykje skryt. Den andre er vertsskapet Ann Sofi og Jan Atle. Vi likar så godt å ha tid til å prate med gjestane og vi helsar på alle og tar dei i handa både når dei kjem og når dei går.

Gjestane som kjem er frå heile Nordhordland og Bergen. Her lokalt er dei nok mest kjend for søndagsbuffeten, men vel så viktig for Ann Sofi og Jan Atle er alle gruppene som kjem; bryllup, konfirmasjon, lagsturar og anna. I slike slutta lag får dei betre tid til å fortelje om staden og historia her.

 

Den gode historia

Jan Atle forteller meir enn gjerne om garden og lokalhistorie frå Kårbø. Her på garden dreiv dei mangesysleri og Albert hadde postkontoret, telefonsentralen og var frisør i tillegg til å drive garden. Og bygda sin store son, Mons Kårbø, havna på Stortinget og starta opp Norges Fiskarlag. I tillegg har alle tinga si eiga historie. Hummartegnene som heng i taket er frå barndomsheimen til Ann Sofi i Solund. Som dotter til ein hummarfiskar dreiv ho og leika med levande hummarar i hagen då ho var lita. - Eg fortel at eg har gifta meg med ei rikmannsdame. Mjølkespanna som heng her er frå Dolviken der eg vaks opp. Der var det mykje trangare kår og slett ikkje hummar til middag,  ler Jan Atle.

 

Saman om det meste

Det er viktig å få fram at det er Ann Sofi og meg som saman driv restauranten. Vi hadde ikkje klart det utan kvarandre og den gleda vi har av å gjere dette saman. Det er ikkje til å leggje skjul på at vi arbeidar mykje. Femti timar på ei helg er ikkje uvanleg, så vi er verkeleg avhengig av kvarandre sitt driv.

Kva er de mest stolt over? – Servicen vår og uthaldenheita, kjem det kjapt frå Ann Sofi.

Det er fantastisk å få vere i lag med blide og nøgde gjester dag etter dag. Vi kan vere utruleg slitne til tider, men vi får så mykje tilbake frå gjestane våre, og dei driv oss vidare. Det gjer oss stolte!

 

Følg Sansetunet på facebook.

Les meir om fotokonkurransen her

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut