Kommunereform

Regjeringa og Stortinget har gitt kommunane i oppdrag å sjå på kommunestrukturen ved å ta ein prat med nabokommunen(ane). I Nordhordland har kommunestruktur vore tema lenge, også før desse signala frå sentralt hald kom. Meland, Radøy og Lindås har kome fram til ein intensjonsavtale og no vil ein sjå på om der er grunnlag for å få til ein kommune der alle kommunane i Nordhordland er med.

Status og tidsplan
Kommunane signerte intensjonsavtalen 1. mars på Strilatun.

IMG_4167.jpg

Nå skal kommunane har den på høyring. Der skal folket høyrast og det skal arrangerast folkemøte. Sjå kommunane si heimeside. Nokon kommunar vil ha ei rådgjevande folkerøysting 23. mai andre vil ha ei opinionsundersøking.

Kommunestyra skal 22. juni gjere eit endeleg vedtak om dei ønskjer å byggja ein ny kommune i Nordhordland.

Kort bakgrunn for Nordhordland
Ei av dei største utfordringane som vi har med dagens kommunestruktur er at fagmiljøa i kommunane vert for svake. Det er også behov for å få meir heilskapeleg arealutnytting og høve til å prioritera næringsarbeid, godt jordvern  samt større påverknadskraft overfor sentrale og regionale myndigheiter. Nordhordland som ein kommune vil bli ein større og meir ressurssterk kommune med betre økonomisk soliditet, og vil dermed vera betre i stand til å handtere nye og større oppgåver samt omstilling innan arbeidsmarknaden. Den nye kommunen vil stå betre rusta til å møte den kraftige veksten i innbyggjartall  med et auka tal eldre.

Radøy, Meland og Lindås har no vorte einige om ein intensjonsavtale. Denne vart lagt fram på Nordhordlandstinget 28. januar. Der vart dei andre kommunane invitert til å delta i vidare forhandlingar for å sjå om der er grunnlag for ein kommune i Nordhordland. Det takka dei andre kommunane (Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden og Modalen) ja til.

Prosessen vidare
Kvar kommune vil stille med tre politikarar og rådmann – forhandlingsutvalet frå kvar kommune. Første møte i forhandlingsutvalet vil vere tysdag 9. februar på Strilatun. Så er der lagt opp til ein stram tidsplan med  møte kvar veke og planen er å kunne signere ein intensjonsavtale 1. mars. Sjå møte i forhandlingsutvalet.

Når intensjonsavtalen er underteikna skal kommunestyret gi ei vurdering av den. Så vil der vere ein periode med folkemøte og høyringar. Kommunane kan velje om dei vil ha ei rådgjevande folkeavstemming eller nytte andre måte å høyre folket på. Innan 31. juni må kommunestyra gjere endeleg vedtak om dei ønskjer ei samanslåing eller ikkje. Det er kommunestyret som skal gjere eit endeleg vedtak.

Forslag nytt inntektssystem og konsekvensane for kommunane og eventuell samanslåing
Kommunal- og Moderniseringsdepartementet har sendt ut på høyring eit forslag til nytt inntektssystem. Det vil påverke kommunane sin økonomi. På Nordhordlandstinget vart det presentert ein rapport som såg på verknaden for kommunane i Nordhordland og som samanslått kommune. 
Notat - konsekvens nytt inntektssystem inkl endring utgiftutgjevning.pdf

Informasjon frå Regjeringa.
Regjeringa har ei eiga heimeside om kommunereformen med god informajon.

 

Tidlegare utgreiingar og høyringar
Rapport 2015.pdf
20151028_Nordhordland innbyggarundersøking.pdf
2013.12.20 Telemarksforsking - rapport kommunestruktur Nordhordland fase 2.1.pdf
2013.06.17 Telemarksforsking - Nye samhandlingsformer og strukturendringar i Nordhordland.pdf
Sak 11 - Oppsummering gruppearbeid Positive og negative effektar av ein kommunesamanslåing.pdf

Prosjektleiar/kontaktperson: Bent Gunnar Næss - tlf.: 48 12 46 23 - bgn@nordhordland.net

Tips ein ven Skriv ut