Korleis kan eg kome med innspel og spørsmål

Du kan komme med innspel til intensjonsavtalen.

Folkemøte

Det vert lagt opp til folkemøte i alle kommunane. Det er noko ulik tidsplan  for gjennomføringa av desse, så føl med på heimesida til kommunane.
På desse møta vert det høve til å seia meininga si om kommunereforma og forslag til inntensjonsavtale. Kva tenker du om at din kommune skal vere med å byggja ein ny kommune i Nordhordland?
 

Politisk kontakt

Alle dei folkevalde i kommunane må ta stilling til kommunereformarbeidet. Politikarane er interesserte i meininga di.
Ta gjerne kontakt med ordførar eller andre politikarar i din kommune.

I desse kommunane er der laga til eige kontakskjema. Klikk på din kommune så kjem du direkte dit og kan kome med dine innspel:

Dersom du har spørsmål som er av meir teknisk karakter så kan dei rettast til prosjektleiar Bent Gunnar Næss på epost  - bgn@nordhordland.net eller på tlf 48 12 46 23.

 

Innbyggarhøyring eller folkeavrøysting

Det er opp til kommunane å bestemme korleis folket skal høyrast. Etter at folkemøta er ferdig vil dei fleste kommunane foreta ei opinionsundersøking eller ei folkeavrøysting. Opinionsundersøkinga vil skje i perioden frå 1. mai til omlag 20. mai. Det er viktig at du deltek dersom du vert oppringt.
Dei kommunane som skal ha folkeavrøysting vil gjennomføre det måndag 23. mai. Føl med på heimesida til din kommune.

Tips ein ven Skriv ut