Korleis vert den nye kommunen

Nordhordland som ein kommune vil ha:

  • 36 000 innbyggjarar
  • 2 183 km2

Det vil med dagens struktur vere den 23. største i landet med omsyn til folketal og den 21. største med omsyn til areal.

Visjonen til den nye kommunen er:

”Nordhordland kommune skal vera ein slagkraftig og heilskapleg samfunnsutviklar med sterk utvikling og vekst.”

 

 

Konsekvens inntekter til kommunane i Nordhordland 
H, Frp og V er no einige om prinsippa for nytt inntektssystem. Konsekvensen av dette for kommunane i Nordhordland og eventuell Ny kommune er kort belyst i dette notatet - 2016 05 02 Notat - inntektssystem KS prognosemodell.pdf

Kvifor ein ny kommune? 
Ein stor fordel med ein større kommune er at det vert betre samsvar mellom det å vera ein felles bu- og arbeidsregion og det å kunne planlegga ei heilskapleg og betre koordinert samfunnsutvikling. Ein større kommune vil ha større  påverknadskraft overfor sentrale og regionale myndigheiter. Nokre andre fordelar med ein større kommune er  sterkare fagmiljø som sikrar rekruttering og god og spissa kompetanse, betre kvalitet og mangfald på tenestetilbodet, betre heilskapleg arealutnytting, betre moglegheiter til å prioritera næringsarbeid og godt jordvern. Den nye kommunen vil vera ein større og meir ressurssterk kommune med betre økonomisk soliditet og handlingsrom, og vil dermed vera betre i stand til å handtera nye og større oppgåver samt omstilling innan arbeidsmarknaden. Den nye kommunen vil stå betre rusta til å møta den forventa veksten i innbyggjartal (48 000 i 2040) med eit auka tal eldre.

 

Rapport ny kommune
Vi har laga ein enkel rapport ved å bruke verktøyet på heimesida til www.kommunereform.no Den gir ein del nøkkelta og og viser utviklingstrekk både for den einskilde kommmune og ein samanslått kommune. Nordhordland KMD rapport 16.03.2016.pdf

Vi har også ein rapport som også omtaler noko av det same, men er litt større og går noko meir grundig inn på enkelte område. Rapport 2015.pdf

Forslag til nytt inntektssystem

Det er sendt ut forslag til nytt inntektssytem. Det vil påverke økonomien både for den nye kommunen og dersom ein fortset som i dag. Kommuneproposisjonen som vert lagt fram 11. mai vil gi noko sikrare kva som vert utslaget. Det vil vere meir forutsigbart kva ein samanslått kommune får enn kva einskild kommunane får i framtida. Nordhordland som ein kommune vil komme betre ut enn om vi fortset som i dag.  Her er notatet og ein presentasjon som vart gitt til Nordhordlandstinget 28.01.16.
Notat - konsekvens nytt inntektssstem inkl endring utgiftutgjevning.pdf
2016 01 28 Nytt inntektssystem.pdf

 

Tips ein ven Skriv ut