Vestland-restråstoff

Bioregion Vestland

Frå restråstoff til ressurs – sirkulære verdikjeder

Korleis kan vi nytte ressursane på Vestlandet best mogleg, og bruke desse til å lage sirkulære verdikjeder som både er berekraftige og lønsame – og som i tillegg kan skape løysingar som erstattar vårt plastforbruk?

Nordhordland biosfæreområde er deltakar i Bioregion Vestland, eit designdrive utviklingsprosjekt i regi av Design Region Bergen. Det overordna målet med Bioregion Vestland prosjektet er å initiere fleire hovudprosjekt som vil gjere næringslivet rusta til ei berekraftig framtid og skape ny grøn næring på Vestlandet.

Ein «bioregion» er eit geografisk avgrensa område som tar omsyn til menneska sitt samfunn og naturlege økosystem; det er ei oppfordring til å handle med fornya samfunnsansvar. Målet er å utvikle ei regional sirkulær verdikjede for å stimulere bedrifter på Vestlandet til grøn omstilling gjennom nyskapande produksjon, tenester og produkt som blant anna fasar ut fossilbasert plast. Det er både spennande og naturleg for oss i Nordhordland UNESCO biosfæreområde å jobbe med god forvaltning av dei ressursane vi har lokalt.

RÅSTOFF
Bioregion Vestland kartlegg dei unike råmaterialane frå Vestlandet. Ein nyttar tverrfaglige designprosessar for å sjå om det er mogleg å gje auka meirverdi til biologisk restråstoff med låg verdi, og regenererande råstoff som tre, ull og algar. Organisk avfall kan nyttast til å skapa biomateriale som kan erstatta eingongsplast og andre petroliumsbaserte komposittmaterialar som har løyst oppgåver for oss i eit halvt århundre.

KVA ER BIOMATERIALE?   
Biomateriale eller biopolymer er eit plastmateriale som nyttar organiske råstoff istaden for petrolium. 

Eit 100% organisk biopolymer kan komposterast slik at materialet går attende til den biologiske verdikjeda – som næring –  etter at produktet ikkje lenger er i bruk. I samarbeid med forskarar og ekspertar i biomateriale kan vi lage nyskapande og fossilfrie løysinger til matvare-, ferdigvareindustrien, landbruk og byggebransjen.

SIRKULÆR VERDIKJEDE
I eit tverrfagleg samarbeid mellom næringsaktørar, institusjonar og designere, arbeider Bioregion Vestland for å dekkje heile verdikjeda frå verdisetting av biologisk avfall frå blant anna landbruk, til transformasjonen til bio-baserte produkt. 

Prosjektet reaktualiserar historisk kunnskap i ein moderne kontekst og kartlegg den regionale industrien for å styrke dei korte sirkulære verdikjedane. 

I møtet mellom tradisjonell og ny kunnskap kan vi skapa ein ny modernitet, ny estetikk og nye ritualar. Målet er å levere ferdige produkt frå biomaterialar som er reparerbare, resirkulerbare og komposterbare.

INNSIKT

Gjennom forprosjektet har ein tilegna seg innsikter, som vil vere grunnlag for vidare utvikling av hovudprosjekta:

1) Ta lavtek på alvor på lik linje med høgteknologi

Avfallsproblemet er eit moderne problem som er tett  knytt  til den idustrielle veksten dei siste 100 år. Vi gjekk frå eit samfunn kor vi utnytta det meste og farlig avfall fantes ikkje. Industri- og handverksprodukt vart produsert i nedbrytbare organiske materialar. Oljen vart funne og den viste seg å vere ein særs enkel forbindelse å laga plastmateriale av. Oljabaserte produkt såg dagens lys. Desse var billige å produsera og løyste alle våre behov. Den oljebaserte plasten utkonkurrerte raskt allereie industrialiserte nebrytbare plastmateriale som: 
bakelitt (plantebasert plast), galalitt (Kaseinbasert plast), Bois Durci (Blodbasert plast), skinn og tre blandt anna. Den oljebaserte plasten blei rekna som eit stort framskritt, men viser seg i dag som forureining over heile kloden. Det hastar med å estatte gårsdagens framskritt med framtida sine nedbrytbare alternativ.

Det ligg naturlig i oss å sjå til vår tid si nyaste forsking og teknologi, når vi søkjer etter framtida sin innovasjon. I Bioregion Vestland  ønskjer vi å utvikla nye material som svarar til framtidige behov, men for å oppnå berekraftigheit må vi tørra å gå eit par skritt tilbake for å finne inspirasjon til dei nye løysingane. Vi må studere potensialet i handverk, materialtransformasjon og industriløysinger frå før oljealderen, og utforske dette med dagens moglegheiter. Vi må utvide horisonten vår, inkludere historisk kunnskap knytt til ressursutnytting saman med nyaste forsking og teknologi, for å finne dei heilt nye løysingane. Ein kompleks innovasjonsprosess som involverer djup tverrfaglegheit for å finne løysinger på det komplekse berekraftsproblemet.

2) Store mengder av restråstoff er skadeleg for miljøet, og nye brukargrupper ønskjer å kjøpe produkt som reparerer miljøet (ikkje berre er null-utslepp)

I norske fjordar samlar det seg opp gjødsel frå oppdrettsfisk under mærene, og dette fiskeslammet skapar eit forureiningsproblem for norske fjordar. Klarer ein å løyse denne utfordringa, vil det kunne gje fleire konsesjonar, og fiskeproduksjonen i Norge kan aukast.

Restråstoffet i landbruket blir eit forureiningsproblem over tid, når deponiområder byrjar å bli overfylte. I landbruket er det ein større etisk verdi at restråstoff går til fôrproduksjon som skal bli til menneskemat, enn at det vert brukt til materialer/energi.

3) Store og små bedrifter må møtast for å få full ressursutnytting

Det er mange lokale produsentar som oppriktig syns det er trist at mykje av restråstoffet ikkje vert brukt når det kunne blitt nytta høgt oppe i avfallspyramiden, for eksempel til menneskemat. Frustrasjonen blir stor når dei ser alt restråstoffet som forsvinner til bunns i pyramiden; «det går i grøfta». Problemet er at restråstoffet er tilgjenglig uregelmessig og i små mengder og dei enkelte små produsentane ikkje sjøl gjev verdi til restråstoffet.

I lokale verksemder som foredler organiske råvarer frå Vestlandet treng ein meir kontakt med andre små og store aktørar, kanskje og på tvers av næringer fordi bedrifter tidvis manglar spesifikke råvarer til sin produksjon. Driftsleiaren/produsenten vil og bli meir motivert av at det som vert produsert blir verdsatt i sin heilskap.

Kva slags restråstoff har me tilgang på i Nordhordland? Foto: Bioregion Vestland.

191209_Sjøsaker_tang_SK_04.red.png

Kan tang nyttast i nye materiale for å erstatta plast? Bilete: Bioregion Vestland

191204-Nordhordaland-kartlegging56.red.png

Kan ull som ikkje går til garnproduksjon nyttast til nye berekraftige formål? Bilete: Bioregion Vestland

191204-Nordhordaland-kartlegging74.web.jpg

Gammalt sengetøy vert sortert etter farge og får nytt liv som vevde gulvryer på Knarvik Industri og Miljø. Bilete: Bioregion Vestland

Workshop.web.png

Frå biopolymer-workshop. Bilete: Bioregion Vestland

200213-bioregion-samkreativ-Group1red.jpg

12 vestlandsbedrifter og næringsklynger frå landbruk, sjømatnæring, tre-, produksjon- og næringsmiddelindustri deltar i prosjektet. Foto: Bioregion Vestland. 

-Kan restråstoff (organisk avfall) få nye bruksområde som kan erstatta miljøskadelege stoff, og samstundes inngå i ei sirkulær verdikjede?

-Kan me nytta historisk kunnskap for å utvikla nye løysingar – der avfall vert ein ressurs?

Dette og mykje meir ønskjer me å jobba vidare med i vår region, og finne lokale løysingar på globale utfordringar.

Meir info om prosjektet finn du her:

https://bioregionvestland.com/