|

e. 06.10.04
| |
| ETABLERARPROGRAM HAUST 2003
|
| HAR DU
NETT STARTA EIGEN BEDRIFT ?
HAR DU PLANER OM Å STARTA EIGEN BEDRIFT ?
Kvar haust tilbyr me etablerarkurs på 30 timar.
|
|
Tilbod hausten 2003:
Etablererkurs
Etablerersamling
Individuell rettleiing |
|
Kurset startar med ei helgesamling som vert fylgd opp med fem ettermiddag/kveldssamlingar.
Etablerarkurset skal vera brukarorientert, slik at kvar deltakar får arbeida
med eigne planar for etablering.
Me vil ha bolkar med veksling mellom felles teoritema, individuelt arbeid,
gruppearbeid og oppsummering i plenum.
Kurset er eit intensivkurs, der målet er at kvar deltakar skal ha ein ferdig
utforma forretningsplan, ein plan som bør justerast med jamne mellomrom i
ettertid.
For å koma i mål må kursdeltakarane vera innstilt på noko heimearbeid
mellom samlingane.
Tilbakemeldingane frå tidlegare kursdeltakarar er positive, dei opplever
kurset som svært nyttig.
Målgruppa for kurset er personar som har planar om å starta med eiga
verksemd, eller nyleg har kome i gang med eiga verksemd i regionen.
Deltakartalet er avgrensa til 20 personar og eigendelen er sett til kr
1250,-.
|
Nyttige info linkar :
SND
-Etablererstipend
(bl.a. søknadsskjema for
etablerer stipend).

(Etablererpakke, info fra
(Bedin.no)
Bredriftsinformasjon
Brønnøysundregisterne
Spør
oss - om
å starte og
drive bedrift
Vitalt
-
om etablering - drift
og omstilling

|
ETABLERARKURS
(30 timar)
 | Målgruppe: Personar som har planar om å (eller nyleg har)
starta næringsverksemd i regionen. Kurset er eit intensivkurs
med 6 samlingar. Målet er at kvar deltakar skal ha ein ferdig utforma
forretningsplan. Ein må vera innstilt på noko heimearbeid mellom
samlingane. |
 | |
 | Pris: Eigenandel kr 1.250,- |
 | Kurset vert halde på Westland Hotell |
 | Påmelding : Tlf. 56 3505059 eller e-post: torhild@nordhordland.net |
Kurset blir annonsert i lokalavisene.
- Kurssamling: 29. – 30. august
m/overnatting
Tema: Personleg planlegging, forretningsidé,
forretningsplan,
framdriftsplan og marknadsanalyse
Kurssamling: 8. september
Tema: Marknadsføring og kundebehandling
Kurssamling: 22. september
Tema: Val av selskapsform, registrering, støtteordningar.
Kurssamling: 6. oktober,
Tema: Prissetjing og økonomi
Kurssamling: 20. oktober
Tema: Økonomi (framhald)
Kurssamling: 3. november
Tema: Presentasjon av ferdige forretningsplanar og
avslutning
|
Påmeldingskjema
etablererkurs 2003
(til utskrift)
|
|
|
ETABLERARSAMLING:
 | Tid: Måndag 24. november 2003 |
 | Stad: |
 | Tema: Er ikkje fastsett, tar gjerne i mot framlegg. |
Hausten 2003 vil me også invitera etablerarane til ei temasamling.
Desse
etablerarsamlingane skal i tillegg til å gje fagleg påfyll, fungera som ein
møteplass for etablerarar og hjelpeapparatet.
Samlinga vert annonsert i lokalavisene.
|
|
|
Individuell rettleiing:
Etablerarar som ønskjer individuell rettleiing, kan kontakta Regionrådet på
tlf. 56 35 05 59 for å avtala tid for etablerarsamtale.
I ein slik samtale får
ein høve til å lufta forretningsideen og drøfta ulike tema knytt til ei
eventuell etablering.
Det er etableraren sjølv som avgjer kva tema han/ho vil
drøfta.
Nokre døme på aktuelle tema kan vera; utviklinga av produktet eller
tenesten, marknaden, økonomi, formalitetar som val av selskapsform, registrering
osv.
Alle som har planar om å starta eiga verksemd i Nordhordland eller Gulen er
velkomne til etablerarsamtale.
Det kan gjelda tilleggsnæring eller næring i
større omfang, om ein er på planleggingsstadiet eller allereie kome i gang, så
ønskjer me å vera til hjelp i prosessen.
Det er heller ikkje noko i vegen for at
ein vel å gjennomføra fleire samtalar, med oppfølgingsmøter undervegs i
prosessen.
|
|
Etablerarprogram for 2003 skisserer omfanget av rettleiingsfunksjonen for
etablerarar og gjev ein tidsplan for fellesarrangement som kurs og
temasamlingar. Programmet vert utarbeidd for å sikra at informasjon om innhald
og gjennomføring skal nå ut til både hjelparnettverk og til aktuelle brukarar.
Innhald:
Regionrådskontoret skal arbeida for å fremja næringsutviklinga i regionen. Me
reknar rettleiing og oppfølging av etablerarar (dei som vurderer å starta eller
har starta med næringsverksemd) som ein viktig del av arbeidet med å fremja
næringsutviklinga. Regionrådskontoret tilbyr derfor individuelle samtalar, 30
timars etablerarkurs og opne etablerarsamlingar rundt ulike fagtema (jfr vedlagt
plan).
I 2003 vil me gjennomføra ei etablerarsamling i mars, etablerarkurs på
hausten og ei etablerarsamling i november.
Informasjon om etablerarprogrammet:
Etablerarprogrammet vil bli sendt ut til ordførarane og næringsansvarleg i
dei sju kommunane i regionen, til landbrukskontor, forsøksringen, arbeidskontor
og som orientering til lokalavisene. Etablerarsamlingane og etablerarkurset vil
også verte annonsert i lokalavisene.
|