Anna Dolmen_sjøaure 2019_utsnitt
Sjøauren er ein verdifull ressurs som vi må ta betre vare på. Foto: Anna Isdal Dolmen.

Sjøaurekartlegging i Nordhordland

Har du eit sjøaurevassdrag du ønskjer å ta vare på?

Nordhordland vassområde har fått midlar hjå Miljødirektoratet til kartlegging av sjøaure i perioden 2020-2021. Sjøauren i Nordhordland er lite kartlagd, og no ønskjer vi å få ei betre oversikt over status og tilstand. 

Målet med kartlegginga er å få sett i gang tiltak for å betre tilhøva for sjøauren i regionen vår. Sjøauren har fått auka merksemd dei siste åra, då ein ser at denne har fått større utfordringar år for år. Vandringshinder, lakselus, gjedde og forureining er faktorar som påvirker sjøauren i vassdraga våre.

Kartlegginga i Nordhordland vil innehalde ungfiskteljing og habitatkartlegging, ein ser etter vandringshinder, og i dei største vassdraga ser ein og på botndyr. I kartlagde vassdrag kan grunneigarar og/eller lag og organisasjonar søkje midlar til tiltak for å betra tilstanden for sjøauren.

Me ønskjer innspel om sjøaurevassdrag som det er ønskjeleg å få med i kartlegginga. Det vert gjort eit utval av lokalitetar. Det er ein fordel at det er engasjement og interesse for å ta vare på sjøauren i dei vassdraga me får innspel om. 

I løpet av juni vil me invitera til eit utendørs møte med inkludert bekkevandring langs eit vassdrag, der ein ser på korleis slik kartlegging vert utført. Det kjem meir info om dette.

Har du eit sjøaurevassdrag du ønskjer skal komme med i kartlegginga?

Ta kontakt med

Vassområdekoordinator i Nordhordland vassområde, Kjersti Isdal, på epost: kjersti@nordhordland.net

Nattevandring - NORAD

Youtube: Nordhordland UNESCO Biosfære

Nordhordland luftbilde

Film: Nordhordland, industrien og regionen

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg

0001-004

Film: From Nordhordland with Love!