Skatteinntekter - mai 2016 - stor auke for landet - litt mindre for Nordhordland

Skattetinntektene til og med mai viser ein auke for landet på 9 % samanlikna med fjoråret. Det er bare Fedje, Austrheim og Gulen som ligg over eller om lag på det nivået. For dei andre kommunane i Nordhordland er auken mindre. KS advarar mot at dennes store auken ikkje vil vedvara for resten av året.

Nokre av kommunane har ingen  eller låg vekst i skatteinntektene samanlikna med fjoråret.

 

Når ein ser på skatteinntekten pr innbyggar i % av landet så har alle våre kommunar ein fallande tendens sidan 2013, med unntak av Masfjorden. Dette viser nok eit  bilete av at oljenæringa slit og at mange i regionen har sitt arbeid der.

Kommuneøkonomien vert ikkje så hardt ramma som dette på grunn av skatteutgjevning. Det som er under 90 % vert nesten gjevna ut 100 %. Men skatteinntektene pr innbyggar gir ein indikasjon på næringslivet og utviklinga der.

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut