Status og framdrift

Kommunane i Region Nordhordland har handsama og vedtatt;

  • Det skal byggjast eit felles helsehus i Knarvik
  • Bygget skal oppførast, eigast og driftast av eit interkommunalt selskap
  • Bygget skal oppførast på tomta som er tidlegare eigd av Statens Vegvesen (Kvassnesvegen 11)
  • Arealramma for Region Nordhordland Helsehus er 12 000 m2 BRA.
  • Selskapsavtale for Region Nordhordland Helsehus IKS (RNHI).

Nordhordland Utviklingsselskap IKS har fått fullmakt til å arbeida etter framlagt plan for vidare prosjekt - og detaljplanlegging.
 

Faseillustrasjon:

Tidslinje: 

2020:              Ferdig bygg og innflytting.

2018/2020:    Byggefase

2017/2018:    Anbodsfase og oppstart byggeplass.

2016/2017:    Vidare konkretisering med sluttføring av skisseprosjekt og gjennomføring av
                      forprosjekt.

2015: I mai 2015 vart det inngått kontrakt med Link Arkitektur AS. Identifisering av samarbeidsområder, vurdering av organisering og modell for vidare arbeid med samarbeid og tenesteutvikling er arbeidd med i heile 2015. Utvida brukarprosess med fokus på samarbeid og synergi er gjennomfør med involvering av leigetakarar og representantar for tenestemottakar.

2014: Kommunestyra i dei 9 samarbeidskommunane vedtok å etablera Helsehuset og Region Nordhordland Helsehus IKS (RNHI) vart etablert hausten 2014. I desember vart Sweco Norge AS engasjert til prosjektleiing for byggeprosjektet. Med bakgrunn i utgreiingar og vurderingar, såg ein at det var behov for å auka arealramma. Det vart vedtatt at ein skulle sikre maksimal utnyttingsgrad av tomta, som er 12 000m² BRA.

2013: Rapporten "Helsehus i Nordhordland" vart utarbeida hausten 2013 av NUI på oppdrag frå Regionrådet. Rapporten gir innstilling til val av tomt, økonomi, eigarskap, organisering og innhald i Helsehuset. Alle kommunane slutta seg til å byggja eit Region- og helsehus på om lag 8000 m2 i Knarvik, men at endeleg storleik vert avklara i den vidare prosessen. Det vart også slått fast at helsehuset skal vera offentleg eigd, og at bygget vert oppført og drifta av eit interkommunalt selskap (IKS).

2012: Arbeidsnotatet "Forprosjekt Helsehus" (datert 6. januar 2012) vart utarbeida, og Regionrådet i Nordhordland og Nordhordland Utvilingsselskap IKS (NUI) gjennomførte "Forprosjekt Helsehus i Nordhordland" datert august 2012. Forprosjektet ga ei innstilling til realisering og etablering av eit framtidig felles Helsehus i Nordhordland.Vurdering av omfang og innhald i Helsehuset var gjennomført i samarbeid med Haraldsplass Diakonale Sykehus og Helse Bergen.

2011: Regionrådet startar utrgeiing av grunnlaget for å etablere eit Distriktsmedisinsk senter i Nordhordland.

Tips ein ven Skriv ut